nrk.no
Cardi B - Live, Stavernfestivalen

Overtenning

Cardi B gjer meir enn nok for å underhalde publikum på Stavernfestivalen, men skriv seg på ingen måte inn i historiebøkene.

Det skulle ikkje stå på mengda fortvila foreldre då Cardi B og Megan Thee Stallion for to års tid sidan sette fyr på musikkverda med singelen «W.A.P.». Eit slag for kvinneleg seksuell frigjering hevda enkelte, medan andre reiv seg i håret over det kulturelle forfallet popmusikken hadde kulminert i.

Med ein milliard streams og massiv fanbase å vise til, er det nok meir nærliggande for Cardi B å vasse i royalties og fame enn å ofre moralismen og kritiske røyster ein tanke.

Slike monumentale tal gir også grunn til forventningar når rapparen gjestar Stavernfestivalen med det som er hennar første ordentlege konsert sidan 2019.

Skjønnheitsfeil

DJ-en, som også tar rolla som hypeman, er førstemann på scena og varmar opp forsamlingen med velkjende hits.

Han gjer innleiingsvis ein god jobb, og det kokar greitt i publikum.

15 minutt med crowdpleasing og «Are you ready for Cardi B?!» er likevel langt meir enn nok og det vert derfor svært godt mottatt når stjerna sjølv tar til scena med «Press».

Et bilde hvor Cardi B er på scenen i det fjerne. Det skytes ut masse røyk fra toppen av scenen.
Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3.

Cardi B arbeider seg gjennom ei samling meir eller minde hardttreffande låtar til stor begeistring. Det vil seie, når ting fungerer som dei skal.

Det er eit stort apparat, med lys, show og dansarar som skal til verks, og det er kanskje mykje forlangt at alt skal sitte som støypt på første forsøk.

Eitt og anna teknisk problem eller opphald mellom låtar verkar til sjuande og sist heilt uviktig for crowden på Stavernfestivalen.

Både dei og Cardi B er dei der for dei beste stundene konsertane kan by på, og når låtar som «I Like it» og «Finesse» verkeleg hissar opp stemninga er det meir rettferdig å definere kvelden ut frå toppane enn hendelege uhell.

Cardi B har på seg en svart kjole. I bakgrunnen er det flammer. Hun holder mikrofonen tett inntil ansiktet.
Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3.

Det meste av skjønnheitsfeil er tilgitt når det er såpass moro dei gongene alt går som det skal.

At Cardi B nærmar seg overtenning druknar enkelt i tenninga dei fleste framfor scena tilsynelatande opplever. Det er vanskeleg å innfri DJ-en sin lovnad om «the greatest show on earth», men Cardi B og venene hennar skal verkeleg ha for forsøket.

Identitetslaus underhaldning

Eit så karikert, og i så måte upersonleg show som det Cardi B stiller med på Stavern, gir lite rom for at publikum og Cardi B stiftar eit særleg meiningsfylt bekjentskap.

Etter kvart som dei sannsynlegvis identiske konsertane hopar seg opp, er det nok lite anna enn at det er turnéstart som gir Cardi B grunn til å hugse denne kvelden i Larvik.

Men må det eigentleg livsendrande opplevingar til for at ein skal ha det gøy i ein times tid? Nei, sjølv om Stavernfestivalen byr på både startproblem og overtenning er konsert med Cardi B eit svært godt alternativ.

Det er alvorleg gøy medan det står på.

LES FLEIRE ANMELDELSAR:

SISTE FRÅ P3.NO: