Frida Amundsen - September Blue

Popskriftsmessig debut

Frida Amundsens si stemme er lyden av fine framtidsutsikter. Debutalbumet lukkast diverre ikkje heilt med å løfta fram potensialet.

Som medlem av den ytst eksklusive klubben av ungdom som har spasert gjennom åra med vidaregåande opplæring med ei platekontrakt i lomma, har Frida Amundsen hatt god tid til å førebu seg på debutalbumet – sin unge alder til trass. Hennar flying start kom med radiohiten «Closer» – einav dei låtane med eit mest uavgrensa nedslagsfelt, som ingen vart overraska over at vann stort terreng i løpet av fjoråret. Amundsens talent skin også klårt på September Blue, men det gjennom ei  skodde av litt for preglaus staffasje.

«Closer»:

Som fyrstesingel er ikkje «Closer» nødvendigvis representativ for resten av albumet, som bevegar seg i (det riktignok ikkje enorme) musikalske spennet mellom streit visepop, pianodrive melankoli og varm countrypop. Det er det sistnemnde uttrykket er kanskje det som kler Amundsen best, og på den pent oppbygde balladen «Someone Make Me Cry» vert ein servert kvalitetar som får ein til å fabulera om ei norsk Taylor Swift. Den bittersøte «September Song» er eit vellukka steg i ei anna retning – ørlite grann mørkare, og kledeleg vaksent.

September Blue er strødd med fleire fine melodiske vendingar, men albumet sviktar likevel når det gjeld å løfta fram ein artist med ein tydeleg personlegdom. Kjensla av at låtane er skrive med nasa litt for langt nede i pop-oppskriftsboka er vanskeleg å rista av seg, spesielt når brotstykker av songar du bestemt meiner å ha høyrt før gong på gong sender deg ut i ein irriterande musikalsk gisseleik. Produksjonen, som Lars Hustoft, Martin Sjølie, Brightlights og Frode Jacobsen har styrt mestedelen av, er stødig, men stundom i overkant polert. Det heile vert som eit litt for openbart retusjert fotografi, av ei jente som i utgangspunktet er meir enn vakker nok.

Tekstane lir under ein liknande problematikk. Å oppleva dramatiske svingingar i kjærleiks- og kjenslelivet er kanskje ein naturleg del av det å vera tenåring, men på September Blue er ikkje desse erfaringa uttrykt på ein kløktig nok måte til at dei framstår truverdige. Sagt på ein annan måte: Ein får snare inntrykk av at Amundsen har høyrt på mange låtar om knuste hjarter, enn at ho sjølv har fått hjartet sitt knust.

Albumets største styrke er dei varme og utrulig likandes kvalitetane som ligg i Amundsen si stemme, og September Blue er sånn sett eit svært så lovande utgangspunkt for ei vidare karriere. Dersom Frida Amundsen etter kvart får sjansen til å bryna seg på materiale av same kvalitet som Robyns «Be Mine», som ho gjer ein heilt fin coverversjon av mot slutten av plata (det er òg ein låt det er vanskeleg å verkeleg øydeleggja), byrjar me å snakka.

Maria Horvei