Med Vreid gjennom Europa del 3

44
Skrevet av:
Publisert 11:00 8 June, 2011

Vreid med venner er på frekk tur gjennom Europa. Les del tre i den pågående reiserapporten her.

Vreid Blog del 3:

Dag 8: Katowice, Polen

Welcome to hell! Dagen starta med at bussen blei stoppa av polsk politi. Etter ein times meininglaus inspeksjon fekk me køyre vidare. Når me kjem til venuen er stemninga god. Klubben ser veldig bra ut, og me ser fram til vårt første show i Polen. Men så møter me ein lobotomert nepeskalle av ein promotør. Dagens show var ein del av ein festival, og promotøren har ikkje kjøpt flybilletter til dei andre banda som skal spele, og hevdar han ikkje har peng til å betale oss då kontoen hans er sperra. Vår strålande turnemanger Dolores prøver å forhandle med denne nepeskallen i 5 timar, og får lovnad på lovnad om at det skal ordne seg. Men til slutt er nok, nok. Flasker singlar vegger imellom og me skal fyre opp bussen for å komme oss avgårde då klubbeigaren kjem springande. Han vil redde situasjonen ved å betale oss ut hyra mot at promotøren må skrive over noko eigedom han eig til klubbeigaren. «Spinal tap» anyone?? Til slutt får me faktisk hyra i cash, og kan rigge opp til konsert. Konserten går veldig bra. Alle band får knall respons frå publikum, og det er mykje energi som må ut på scena denne kvelden. Dog er ikkje konserten heilt fri frå Spinal Tap sekvensar heller. Røykmaskina henger seg opp, trommisen vår Jørn ser ikkje cymbalane sine, og me har problem med å finne vegen av scena i røykhavet. Puh, for ein dag. Då er det deiligt å kunne sette seg på utendørs backstage med iskald pils, pizza og 25 grader kl 12 om natta. Allright, dermed var land nummer 22 invadert.

(polska policia)

Dag 9: Berlin, Tyskland

Varmen følgjer med oss vidare inn til gode gamle Berlin. Når me går ut av bussen så er det som å gå inn i ein bakarovn. Det blir stor glede når me finn eit vaskeri på klubben og får rensa opp garderoben. Litt mindre glede då undertegna oppdagar at han har levert scenebrok med 1500 kroners øyreproppar til vask. Segt!!!!! Berlin er ein av mine absolutt favorittbyar; historie, godt øl, god mat, greie prisar, kulturell metropol, ja rett og slett ein ufatteleg treveleg storby. Denne gangen blir det ikkje tid til dei store utfluktene, men me får ribbe til middag og har ein strålande bakgård med øltelt. Der riggar eg til min eigen White Russian bar på ettermiddagen. Baren blir raskt invadert, og Kampfar gutta let seg ikkje be 2 ganger når dei får tilbud om denne kvite juvelen.

(høyst lokale white russian-bar)

Konserten gÃ¥r veldig bra, og igjen er det bra oppmøte og tyskarane viser seg igjen som eit svært dedikert publikum. Etter kampen fÃ¥r me streama Portugal – Norge pÃ¥ ein PC. Kvelden ender med ei rekkje norske gretne tryner, og eit smilande portugisisk i form av Kampfar sin lydmann. Som straff mÃ¥tte han sove i hengaren pÃ¥ veg til Munchen. Konserten i Berlin var ein del av ein festival. Resten av banda var utelukkande tyske grindcore/«humor» band. Siste band ut toppa det heile med at vokalisten dreit i broka og kasta dritten ut i salen……., og sÃ¥ lurer me pÃ¥ for korfor me aldri har høyrt om tysk humor??? Please keep you shit in Germania.

Dag 10: Munchen, Tyskland

Varmen føle oss sydover, og det er nærmare 30 grader. DÃ¥ passar det godt at klubben har eigen ølhage. Dagen blei tilbragt pÃ¥ klubben. Sture & Stian tok pressebilder for Blackstar og me fekk jobba litt med arrangemanga pÃ¥ vÃ¥rt bidrag til den komande Enslaved tribute-plata. Ã… fÃ¥ vettug internett tilgang er framleis ei utfordring, og ei linje som taklar skype er berre Ã¥ gløyme. SÃ¥ det blir telefonisk kontakt med heimen. Eldste dotter er 3 Ã¥r, og til min store glede sÃ¥ elskar ho Ã¥ synge til meg pÃ¥ telefonen. Hennar utgave av «alle fugler» er toppen pÃ¥ min «playlist» om dagen. Minsten pÃ¥ 10 mnd er ikkje vekke ho heller. Kl 08.15 (midt pÃ¥ natta i turnemodus) vÃ¥knar eg av at telefonen min ringer, dÃ¥ eg tek den skjønnar eg at ho har tjuvlÃ¥nt telefonen til min kjære fru, og vil ha eit par ord med sin omreisande far. Me sler av ein prat om blæh, ugh., mi , væh osv…. Ikkje heilt ulikt samtalane pÃ¥ nattestid ellers i turnebussen.

(gitarpreparering backstage)

Kva så med dagens konsert? Jau, det var rett og slett ein høydare. Blant våre beste klubbkonsertar Tyskland ever. Massevis av folk og topp stemning, rett og slett ein knall kveld for alle banda. Turneen har gått så smooth konsertmessigt, at all berre går og ventar på ein smell:-) Om natta blir me statistar i ein Derrick episode. Ein trailersjåfør med grått hår i hockeysveis og ein nydeleg grå melert singlet går amok med traileren sin utanfor klubben. Han brasar inn i det han kan, og ei stund ser det ut som han skal angripe turnebussen med traileren. Etter ei stund dukkar Derrick sine disiplar opp. Dei konstaterer at mannen faktisk er edru, men har hatt eit nervøst samanbrot. Harry Klein & co meiner at løysinga er ei god natt søvn. Det tyske kriminal polizei har tydleg blitt meir liberale med åra. Allright, då forlet me Tyskland og set kursen mot gjøkur, ost & høge fjell.

Dag 11: Zürich, Sveits

Når me kjem til klubben i Zürich kl 1 om dagen sitter det fans ventande utanfor klubben. Dei har rigga seg til ved elva med pils og spanderer velvillig på reisefylgjet vårt. Me blir sittande å prate med dei utover dagen. Det er alltid fascinerande å møte fans som har lært seg å snakke norsk, snakk om dedikasjon. Me tek oss ein runde rundt i byen, og turen blir avslutta av med svalestup i elva av vår eminente lydman Dr.Bentsen.

Salen er den klart minste på turneen, og har ein maks kapasitet på 200. Når det i tillegg er decibelgrense på 96, så medfører det at trommesettet står skjerma bak pleksiglas. Det ser ut som om trommisen sitter i eit dusjkabinett, og det ser sjølvsagt heilt løk ut:-).

Når me skal starte settet er det kanskje 25 stk i salen, og det tegnar seg til å bli ein blåmandag. Men iløpet av første låta så renn det inn med folk, og antallet 5-doblar seg raskt. Dermed blir det intimt, heftig og grisevarmt på scena. Det er så gale at scentechen vår Tor faktisk svime av på siste låt. Publikum er nok ein gang strålande, og det er herleg å stå på scena med så mange die-hard fans på plass. Bergensarane i Krakow som er support blir bedre og bedre dag for dag, og dei bli overvelda når legenda Tom G Warrior frå Celtic Frost/Tryptikon kjem å skamroser dei etter konserten. Oki, sjekkar ut for denne gang. Den franske riviera er neste stopp.

(god stemning ved elven i Zurich)

Tags: , , , , , , , ,

Del "Med Vreid gjennom Europa del 3"