Slå sammen alle kommunane i landet!

No kan du slå sammen alle kommunane du vil i heile Norge. Alt skjer i ein nettlesar nær deg.

Det er kommuneval i haust. Det betyr at me i tida framover vil få høyre mykje om kva partia meiner om alt frå eldreomsorg til utdanning. Det betyr også at kommunesamanslåings-debatten vil våkne til liv for fullt.

I den samband har me laga eit spel. Eit spel der du får moglegheita til å tvangssamanslå Kautokeino og Oslo om du vil.

– Erna Solberg har uttalt at dei ikkje driv med kommunesamanslåing berre på gøy – men det gjer me, seier konseptutviklar Martin Aas.

Slik funkar det:

Dann vassrette linjer ved å flytte og rotere kommunane for å slå dei saman. Du treng berre å danne éi vassrett linje langs heile brettet for at heile kommunen skal slås saman med sine nye vener.

Dann vannrette linjer for å slå sammen kommuner.
Dann vassrette linjer for å slå saman kommunar.

For kvar nye superkommune du lagar tjener du moderniseringspoeng.

Om du slit skikkeleg kan du få hjelp av kommunal- og moderniseringsministeren til å tvangssamanslå alle kommunane på brettet til ein supermoderne storkommune. Men dette kostar deg 10 000 moderniseringspoeng, og kan berre gjerast ein gong i minuttet.

Kommunal- og moderniseringsministeren kan tvangssammenslå alle kommunene på brettet med tryllepisken sin. (Illustrasjon: Martin Aas / NRK P3)
Kommunal- og moderniseringsministeren kan tvangssamanslå alle kommunane på brettet med tryllepisken sin. (Illustrasjon: Martin Aas / NRK P3)

P.S.! Eldgamle nettlesarar som Internet Explorer 8 og eldre er dessverre ikkje mordernisert nok til å slå saman kommunar.