Rykte: Sleppfesten blei til ein sexorgie, og alle var utru.

– Herregud, alle byer har jo rykte, men Molde … Det går ikkje an å beskrive det ein gong.

Hedda N. Rasmussen (18) flytta frå Drøbak til Molde sommaren 2019. Det var ikkje enkelt.

– Alle sa at Molde var ein skikkeleg rykteby, men eg trudde ikkje på det. Alle byar har jo rykte. Men her var det heilt vilt, seier ho.

18-åringen fortel at ein rykteflaum nærmast slo over henne da ho landa i småbyen mellom fjord og 222 fjelltoppar.

– Eg skulle liksom ha lege med over 50 stykk og tok dop heile tida. Ingenting stemte, men det førte jo til at ingen ville ha kontakt med meg i starten, fortel Rasmussen.

Hedda sittane i ein raud sofa inne i ein hall. Ho har langt, lyst hår og smiler. Blikket er festa på ein stad utanfor biletet.
INNFLYTTAREN: Hedda N. Rasmussen seier ho heldt på å drukne av rykte allereie på flyplassen. Foto: Helene Mariussen

Er det verkeleg slik at somme stader er verre på sladder enn andre?
Eller har det noko med alder å gjere?
Eller Snapchat?

Seinast på måndag, medan denne saka blei skriven, kom det eit lesarinnlegg i regionavisa Romsdals Budstikke der ei mor sukka over all ryktespreiinga i Molde.

Velkommen til Molde. Rosenes by. Men også ryktas by?

– Pulte ein katt

På Molde vidaregåande skule er det roleg denne dagen. Det er vinterferie.

Framfor det store, kvite bygget smeltar snøen på statuen av skulens nest mest berømte elev, Bjørnstjerne Bjørnson. Her har også Kjell Magne Bondevik, Edvard Hoem, Bjørn Rune Gjelsten, Jo Nesbø og Bernt Hulsker gått, samt den mest berømte: Erling Braut Haaland.

No er det Hedda Rasmussen, Jacob Lyche, Sebastian Byttingsvik og Stephany La Rosa som er den nye vinen ved skulen. Dei er hovudpersonar i den nye P3–podkastserien «VG3».

Serien følgjer fire 2002–modellar frå Molde vgs i deira strev etter festar, kjærleik, karriere – og ei skikkeleg russetid. Siste året på vidaregåande er trass alt det året det skjer mest i livet. For Hedda har det skjedd for mykje – om ein skal tru rykta.

– Før eg flytta sa alle: «Fy faen, ei bitch frå Oslo skal flytte hit.» Det var veldig vanskeleg å flytte hit, eigentleg. Folk laga historier om meg som ikkje stemte.

Me treffer 18-åringen på eit dansegolv rundt 30 smitteavstandar unna skulen. Ho er med på øving til Molde-russens store høgdepunkt, det årlege presidentshowet i kommunens største konsertsal – der ein skal kåre byens russepresident.

Ansiktet til Hedda blir lyst opp av mobilskjermen, medan ho står ved ein miksepult. I dansesalen bak henne er det koreografi av fem jenter.
DANSESHOW: Sett Hedda på musikk? Eller sjekker siste nytt på Snap? Det vil me aldri få svar på. Foto: Helene Mariussen

– Kor stor skyld har du sjølv i rykta om deg?

 Veldig lite. Eg hadde jo rykte før eg hadde møtt folk her.

Det er særleg to typar rykte som går igjen: dei om dop og dei om sex.

Alle har liksom lege med minst fem meir enn det som er sant, seier Hedda.

– Kva er det verste ryktet du har høyrt?

– At broren til nokon har pult ein katt. Det er ikkje sant!

 

Ryktebyen

Molde er i vinden om dagen. Fotballklubben tok seg sensasjonelt vidare i Europaligaen, VG hadde eit kjempeoppslag om at unge i byen tar MDMA, og ordføraren terga på seg heile Oslo da han kritiserte byens smittekontroll.

Sjølv om byen med 21.260 innbyggarar knapt har hatt koronasmitte etter nyttår, har den likevel sitt å stri med:

Skjermdump av leserinnlegg: Molde- ryktenes by!
Romsdals Budstikke 1. mars 2021

Skjermdump med teksten: «Mobbeby», «rykteby», «baksnakkeby» - kjærtbarn har mange navn.
Romsdals Budstikke 2015

Spør ein Google og Twitter, så får ein svar. Det siste kjem me tilbake til, men eit kjapt Google-søk på «Ryktebyen» gjev eitt topptreff i Noreg:

Skjermdump med teksten: TILBAKE I NORGES STØRSTE RYKTEBY. Da jeg var yngre husket jeg hvor mye jeg gledet meg til å flytte fra Molde. Komme meg til ein større by hvor ikke alle kjente alle. “Molde er seriøst Norges største rykteby!!” sa jeg, og var helt overbevist på at det ikke fantes noen andre steder i verden hvor mennesker sladret like mye som i Molde. Nå må jeg le litt når jeg ser tilbake, for sannheten er jo at alle byer er like fulle av rykter. Folk elsker å prate om andre, og sånn vil det vel alltid være.
julianyland.blogg.no 2017

Bloggbyen

Toppbloggar Julia Nyland Ørsahl vaks altså opp i Molde, men hadde det travelt med å komme seg vekk frå «ryktebyen» da ho var ferdig med vidaregåande. Ho fortel om ein interessant teori. På den tida ho slo gjennom som bloggar, i åra før 2010, var det mange frå Molde som markerte seg på bloggtoppen: Lars Tangen, Linnea Myhre, June Holm og Glenn Henriksen.

– Me hadde ein teori om at me blei populære fort fordi folk frå Molde elska å lese om andre frå Molde, altså at byen slukte sladder.

Bilete av Julia. Klassisk rosabloggar.
EKS-ROSABLOGGAR: Julia Nyland Ørsahl kunne ikkje komme seg vekk frå heimbyen kjapt nok, slik som mange andre tenåringar. Foto: Privat

Ørsahl fortel at ho i oppveksten følte at Molde var den verste ryktebyen i heile universet, og at ho følte seg som ein stor fisk i ein liten bolle.

Eg hadde sikkert ganske mykje skyld i rykta om meg sjølv. For min del var det berre positivt, sidan eg likte merksemd. Og folk som ikkje var fan av meg, fyra meg berre opp.

Etter ti år i Oslo har ho endra synet på heimbyen. No meiner ho at Molde er ein heilt vanleg by som er nydeleg å vende heim til.

– Med åra har eg jo skjønt at det er masse rykte for dei som veks opp i Oslo også. Men eg kan tenke meg at det kan vere slitsamt for unge i dag også i ein så liten by som Molde.

 

Bleieskift og gruppesex

Me flyttar oss ein halvtimes ferjetur over Moldefjorden, til Vestnes.
I mangel av betre alternativ står den største russebussen i fylkets historie innelåst her.

For eit par månader etter at Hedda Rasmussen flytta til Molde frå Drøbak, blei ho saman med den lokale hotshoten Jacob Lyche (18). Han er bussjef på den 18,5 meter lange leddbussen «Cruisin’», som kostar 2000 kroner for kvar ferjetur over fjorden.

Jacob på ferjekaia på Vestnes. Bare jorder og snøkledde fjell i bakgrunnen. Guten tek på seg ei hette, oppå skyggelua!
BUSSJEFEN: Jacob D. Lyche på ferjekaia nær det kjæraste han har: ein 18,5 meter lang leddbuss. Foto: Helene Mariussen

Jacob har sett fram til russetida sidan han kunne gå, går alltid med kaps og pratar på både utpust og innpust.

– Viss me seier «ryktebyen Molde», trur eg ganske mange vil vere einige. Drit du deg ut, kan du jo forvente at heile bygda veit om det dagen etterpå eller vender ryggen til deg. Sånn er det i Molde.

Jacob har eit arsenal av ryktehistorier om seg sjølv:

  • Det gjekk rykte om at han skifta bleier på ei jente på hans eigen alder da han gjekk i niande.
  • Førre veke spurte nokon på skulen om han var forlova med Hedda.
  • Da han fekk knust framtennene på ein fest i fjor, hadde ryktet spreidd seg så heile skulen snakka om det måndag morgon.
  • Etter dei hadde sleppfest på russebussen, gjekk det eit massivt sexrykte.

– Det gjekk rykte om at nesten alle på bussen hadde vore utru på festen. Det høyrdest ut som «Cruisin’» hadde lege med heile Molde by, og at sleppfesten var ein stor gruppesex.

Jacob har også høyrt mange rykte om yngre jenter som ligg med fotballspelarar. Eit anna rykte gjekk om ein kjenning som både skulle selje dop og ligge med eldre menn mot betaling. Han flytta til slutt frå byen.

– Nokre av rykta tek heilt av, alle snakkar om det. Det blir mange mottakarar. Somme gonger går det altfor langt, og fleire har flytta. Det er jo ikkje slik det burde vere. Men sånn er det vel på kvar stad med ca. 30.000 innbyggarar, seier Lyche.

Ja, er det det?

 

Rykte som suksess og våpen

I bestseljarboka Sapiens drar historikar Yuval Harari fram rykte og sladder som ein av suksessfaktorane til mennesket. Det er avgjerande for samarbeid, for å vite kven ein kan stole på, kven som er slappe, ærlege eller som hatar kvarandre.

Men han skriv lite om korleis sladder og rykte kan øydelegge liv, eller korleis falske rykte kan setjast ut for å øydelegge for andre. I amerikanske valkampar har rykte vore sentrale, slik som at Obama ikkje var fødd i USA, at senator Ted Cruz hadde fem (!) elskarinner, eller at Hillary Clinton dreiv ein pedoring frå ei pizzasjappe.

Sjølv om ein skulle tru at vaksne folk hadde betre kjeldekritikk enn unge, er det altså ikkje alltid tilfelle. Som Jacob Lyche seier om Molde:

– Molde er som ei lita bygd når det gjeld rykte. Og rykta står like sterkt hos foreldre som hos barna.

 

Doping og PR–kåt

Også den tredje hovudpersonen i Noregs første realitypodkast, «VG3», Sebastian Byttingsvik, har opplevd rykta i Molde. Sebastian er ein svær fyr, etter å ha lagt ned mange timar på treningssenter.

– Eg gjekk frå 69 til 85 kg på eit år. Da begynte det å spreie seg rykte om at eg gjekk på stereoid.

Sebastian løfter vekter framfor speglet. Han har på seg joggebukse og grøn t-skjorte. Han ser konsentrert inn i spegelen.
BØFF: Sebastian gjekk frå 69 til 85 kg. Det førte til rykte i Romsdalsregionen. Foto: Helene Mariussen

Den fjerde VG3-hovudpersonen, Stephany La Rosa, er også med på danseøvinga til presidentshowet. Ho twerkar rundt på danseparketten. Dansen forbløffar NRK-fotografen:
– Jøss, dette kunne ha vore ein musikkvideo for Cardie B., kommenterer ho.

Stephany fortel at ho ikkje har høyrt noko rykte om seg. Enno.

– Eg kjem frå ei lita bygd, og på ungdomsskulen var det rykte og baksnakking heile tida. Så da eg starta på Molde vgs., låg eg lågt.

Det siste året har ho stukke seg meir fram. For å sjekke kva rykte som går om henne, ber ho om tilbakemelding på Snapchat. Svara kjem lynkjapt i retur.

«Heldigvis ikkje høyrt noko.» «Ikkje som eg har høyrt.» «Einaste eg har høyrt, er at du og NN held på, men ikkje noko meir.» (Stemmer ikkje, ifølge Stephany.)

Så kjem ei fjerde snapmelding: «Har liksom ikkje høyrt noko, folk snakkar liksom om at du er PR–kåt eller gjer alt for å bli kjent.»

– Alle venene mine veit jo at eg ikkje gjer ting for å bli kjendis. Eg gjer ting fordi eg synest det er artig. Men PR–kåt … Den var morosam, seier Stephany.

Stephany i eit industriaktig, betongkledd loftsrom, med fargerike ruter. Hedda i bakgrunnen.
PRESIDENTKANDIDAT: Stephany La Rosa skal danse seg til den gjævaste tittelen for både amerikanske milliardærar og russen i Molde: President. Foto: Helene Mariussen

Men ho føler heile tida på at ho og medelevane må passe på kva dei gjer.

– For rykte har veldig mykje å seie for ungdomstida. Om det går eit alvorleg rykte om ein person, kan det øydelegge alt.

 

Snapchat

Uansett, Snapchat gir kjappe svar. Og under ei tid med nedstenging og lite sosial kontakt tyr mange til mobilen. Det kjenner også ungdomen i Molde.

– Sosiale medium betyr alt for tida, for livet, ryktet ditt, kven du heng med, kva du blir interessert i, kva du blir invitert til – for alt, seier Jacob Lyche.

I tillegg til å bekymre seg tungt over kor mykje pandemien vil øydeleggje for russetida hans, er Jacob lei av alt det digitale maset.

– Skjer det ein liten ting, så har det vore innom alle russegruppene sin Snapchat i løpet av 24 timar. Alle veit om det neste dag.

Moldensaren får støtte for bekymringa si frå forsking.

Elisabeth Staksrud ved Universitet i Oslo har dei siste åra gjort undersøkingar med tusenvis av unge om mobbing og rykte på internett. I 2018 svarte ein av fire unge i Noreg at dei hadde blitt mobba.

Professoren fortel blant anna at det på nettet er vanlegare enn før at mobbeofferet sjølv mobbar. Og sidan mobilen alltid er med, kan ein ikkje lenger låse døra og bli fri frå mobbing og rykte til neste skuledag.

Jacob Lyche kan i tillegg fortelje at den gulfarga mobilappen er flittig brukt til ekskludering for tida.

– Når alt skjer i smågrupper på Snapchat, er det enklare å utelate folk enn sånn som i sommar, da me møttest på stranda. Og når me berre kan møtast fem og fem, blir det fort slik at dei som ikkje snakkar mest, blir utanfor.

Jacob med caps framfor enden på ein grafittimalt russebuss. Teksten på bussen seier: Du ser oss cruise gjennom byen.
LEDDBUSSEN: Jacob Lyche framfor det største som har skjedd Molde. I alle fall russebussmessig: «Cruisin’ 2021». Foto: Helene Mariussen.

– Kva konsekvensar får alle rykta som er ute og går på Snapchat og i Moldes gater?

– Folk blir redde for å bli drite ut og for å få dårleg rykte. Dermed er det veldig mange som ikkje tør å seie kva dei meiner.

– Har du sjølv vore med på å spreie rykte?

Jacob blir for ein svært sjeldan gong litt nølande.

– Eh, ja, nei, høyrer eg noko, så seier eg det jo vidare til gutane, men me tar ting med ei klype salt, for å seie det slik.

Digital vald

Ein bakke nedanfor Molde vgs. ligg politistasjonen i Molde sentrum. Politimannen Eirik Valved (44) låser opp eit i overkant triveleg samtalerom. Treng ein fine bilete på veggen når ein skal få skurkar til å prate?

Valved er opptatt av at politiet også er hjelparar, og at dei i Molde stort sett lar handjerna støve ned. Som avsnittsleiar for etterretning og førebygging i regionen er han og to kollegaer dagleg i kontakt med foreldre og unge.

– Rykte, ja. Det er jo me i politiet glad i, hehe. Nei da, men me jobbar jo med rykte, tips og informasjon.

– Kva slags rykte om unge dukkar opp hos dykk?

– Sex, narkotika, om utruskap eller at nokon har gjort noko straffbart. Det treng ikkje vere så alvorleg, men det følast alvorleg for den som blir ramma.

Politimannen er særleg opptatt av bruken av falske rykte som våpen, såkalla digital vald.

– Eg trur slike rykte kan vere verre enn fysisk vald. Mange ville nok føretrekke eit slag framfor falske rykte på nettet. Slike gjentatte rykte på sosiale medium spreier seg kjapt og kan vere nesten umogleg å reinvaske seg frå.

Valved meiner det er viktig for unge å snakke om kva som kan skje – før det skjer – og legge ein plan for kva du vil gjere om det rammar deg eller bestekameraten din.

Konstabel Valved sit i ein skinnstol med ein blomedekorert kopp. Han ser sørgmodig, men håpefull ut.
KONSTABEL MED KOPP: Eirik Valved. Foto: Webjørn S. Espeland


– Korleis påverkar sosiale medium ryktestraumar?

– Det er lettare å spreie. Men samtidig er det mykje lettare å knytte til seg venner og finne på ting saman. Fokuset må vere på å gjere dei rette tinga. Bruk Snapchat med kjærasten din eller foreldre eller kven du vil, men ver all right der, som i resten av livet.

– Du jobba i over ti år i Oslo. Korleis er Molde ulik hovudstaden på rykte blant dei unge?

– Det blir synsing, men det er meir synleg å vere utanfor på små stader og kanskje vanskelegare å finne alternative miljø. Men det gjer like vondt å vere utanfor uansett kvar du er.

– Trur du det er meir rykte i Molde enn Oslo?

– Nei. For å seie det slik: Eg trur foreldre og andre vaksne er like dårlege der som her.

 

Frå bestemor til bestemor

Men 18-åringane i Molde trur byen deira er eit par hakk verre enn storbyen.

– Hadde eg budd i Oslo, hadde ikkje foreldra mine visst så mykje om slekta til vennene mine. Men i Molde har dei fleste foreldra gått på skule med foreldra til vennene. Alle kjenner alle, seier Jacob Lyche.

Og når du kjenner alle, møter du alltid kjentfolk på butikken eller på puben. Og noko må ein snakke om. Været blir ein kjapt ferdig med, og det er ikkje alltid det har vore fotballkamp. Og kanskje er dei hakket ivrigare på å kartlegge relasjonar i Molde.

Jacobs kjæraste Hedda Rasmussen fortel:

Til og med besteforeldre kjenner besteforeldre her i byen. Og mødrene har vinkveldar på utestaden Rød og sladrar om vennene til barna.

– Korleis veit du det?

– Mora til venninna mi slutta å vere med på slike vinkveldar på grunn av det.

PS: Eit søk på «ryktebyen» på Twitter gjev ikkje treff på Molde, men på følgande byar: Halden, Brumunddal, Notodden, Namsos, Horten, Holmestrand, Trondheim, Oslo, Liverpool og Magaluf.

Høyr podkasten «VG3» i NRK Radio.

LES MEIR: