Snøbrettstjerna Torstein Horgmo meiner det ville vore meir spektakulært å sjå jenter køyre slopestyle med mindre hopp i VM. (Foto: NRK/Scanpix).

Snøbrettstjerna Torstein Horgmo meiner det ville vore meir spektakulært å sjå jenter køyre slopestyle med mindre hopp i VM. (Foto: NRK/Scanpix).

Horgmo: – Det er åpenlyst. Jentene skulle hatt ei anna løype

Snøbrettstjerna Torstein Horgmo meiner at dei aller fleste jentene ikkje var gode nok for den gigantiske VM-løypa. – Ingen vil bruke små hopp, kontrar arrangøren.

Publisert: 20:37 19 February, 2012

– Denne løypa er bygd for gutane. Det er jo åpenlyst. Eg synst arrangøren skulle laga ei anna løype for jentene, seier snøbrettstjerna Horgmo etter å ha sett kvinnenes finale sundag.

Under heile VM har fleire jenter slitt med å komme seg skikkeleg over kulen på enkelte av hoppa i slopestyle-løypa. Og sjølv om det var mindre av dette i finalen, kunne ein sjå kvinnelege utøvarar som sleit med å strekke seg langt nok til å få ei behageleg landing.

I løpet av eit såkalla “run” må køyrarane bryne seg på tre rails og tre hopp. For å få god flyt i heile gjennomkøyringa er det viktig å treffe reint på alle hoppa, noko som til slutt gjev høg poengsum av domarane.

Hoppa er 5-8 meter høge, og ein utøvar er avhengig av stor fart for å komme seg over den lange kulen i etterkant.

Og det er nettopp dette jentene slit med – noko som gjør at mange får knallharde landingar midt på kulen.

– Fleire kunne gjort bedre triks

Horgmo meiner at kvinneslopestyle ville vore mykje meir spektakulært om jentene hadde fått eigne hopp i store meisterskap som VM.

– Spencer O’Brien og Jamie Anderson er i ein eigen klasse uansett forhold. Kjersti er kanskje den neste på lista, men med mindre hopp kunne fleire ha utfordra grensene sine når det kjem til triks. I staden må dei dytte grensa når det kjem til å takle store og isete hopp, seier Horgmo.

– Ein kan lage eit par ekstra hopp ved sidan av dei store, og gjøre det til ein regel at jentene skal køyre der, legg han til.

– Kulare å sjå på gutane som kjem seg over kulen

I fleire idrettar blir det skild mellom gutar og jenter for å tilpasse konkurransen best mogleg for det enkelte kjønn.

I kvinnehopp får jentene bruke meir fart enn gutane for å komme like langt i bakken. I langrenn går jentene og gutane like harde motbakkar, men jentene har kortare distansar.

Men i snøbrett-VM har begge kjønn konkurrert i ein like stor superpipe og ei like stor slopestyleløype. NRK har plukka ut fleire klipp som viser at jentene slit med å komme langt nok ut i unnarennet under slopestyle-finalen.

VIDEO: Her går jentene på trynet i finalen. Saka held fram.

Også fleire av dei frammøtte finaletilskodarane har i løpet av VM registrert at fleire av jentene slit med å komme langt nok på hoppa.

– Gutane kjem jo over. Det kan jo ha med at jentene ikkje får nok fart. Det er jo noko som gjør det kulare å sjå på gutane, seier tilskodar Anders Fagerli.

Bronsevinnaren: – Dei fleste klarer ikkje denne løypa

Enni Ruukajärvi var av utøvarane som klarte seg bra gjennom heile sundagens finale. Finnen kapra til slutt bronsemedalje i prestisjeløypa, men også ho har landa på kulen fleire gonger i løpet av VM.

– Det er ikkje lett å utføre triksa sine på dei store hoppa, og det blir ein del harde landingar. Det er bedre å komme seg lenger ned i unnarennet, seier finnen.

Ho er einig med Horgmo i at bare dei færraste i kvinnenes verdselite kan takle slike hopp.

– Det blir nok litt for mykje for dei fleste jentene. Kanskje dei ti beste klarer det, men bak står det ikkje så bra til. Men igjen er jo dette ei av dei mest vanskelege løypene i verda, seier Ruukajärvi.

Men sjølv er ho ikkje interessert i å nytte ei eiga løype for kvinner.

– Nei, eg likar best å køyre med dei same forholda som gutane har.

VIDEO: Spencer O’Brien og Jamie Anderson var av dei få som takla VM-løypa. Saka held fram.

Arrangøren: – Ingen vil bruke dei mindre hoppa

Også dei andre jentene nektar tydelegvis å bruke eigne spesialdesigna hopp, ifølgje VMs eigen slopestylebyggar.

– Vi hadde nokre mindre hopp på den første treninga, men det var ingen som ville køyre på dei. Difor tok vi dei vekk, seier Clas Högström.

Han meiner at arrangøren har klart å få til noko som fungerer bra for begge kjønn, og at dei ikkje kjem til å gjøre noko stor annleis ved framtidige konkurransar.

– Hoppa er ikkje ideelle

Jordie Karlinski. (Foto: Mario Torres/NRK)

Jordie Karlinski. (Foto: Mario Torres/NRK)


Men uansett om jentene gjev inntrykk av at dei taklar den enormt utfordrande løypa, er det likevel VM-finalistar som nøler når ein spør om dei hadde føretrekt ein lettare trasé.

– Vi har fått ein del juling her. Desse hoppa er ikkje ideelle for alle, men ein må bare takle dei, seier amerikanske Jordie Karlinski, som hamna på sjuandeplass i finalen.

– Ville du heller hatt mindre hopp?

– Ja, eller… Eg meiner nei. Om hoppa hadde vore mindre ville dei beste truleg gått for langt, svarar Karlinski.

Ber publikum applaudere kvinnenes prestasjonar

Norges einaste kvinnelege finalist vil ikkje høyre snakk om at det er mykje mindre spektakulært å sjå jenter køyre slopestyle i VM, sjølv om ho beskreiv løypa som den skumlaste nokon sinne.

– Gutane ligg eitt hakk framfor på alt, men jentene klarer seg bra. Vi har gitt publikum eit bra show, så det er bare å applaudere, smiler Kjersti Østgaard Buaas.

Ho trur at det kan bli endå jamnare i toppen om jentene held fram med å køyre monsterslopestyle, og nye gode utøvarar kjem til.

– Dette viser jo at det er mogleg for jentene å køyre store hopp og gjøre gode triks. Eg trur det inspirerer, seier trønderjenta.

Del "Horgmo: – Det er åpenlyst. Jentene skulle hatt ei anna løype"
 

SERIER PÅ P3.NO