nrk.no
Girl in red - Live, Øyafestivalen

Viktigast for publikum

Girl in red er dyktig live, men ein skal vere nokså fersk som konsertgjengar for å oppleve det som meir enn berre godkjent.

«Vi sees på Amfiet i 2025!»

Girl in red, i det daglege kalla Marie Ulven, veit kvar ho er på veg. I 2018 spelte ho på Øyafestivalens minste scene, Biblioteket, og når ho i 2022 fyller Sirkus-scena er ho ikkje i tvil om at ho skal fylle hovudscena ein dag.

Det er ikkje noko poeng i å bruke for mykje tid på å posisjonere Girl in red. Ho uperfekte jenta, ho som har streva med både legning og angstdiagnosar.

Ho relaterbare som har gjort noko så lite relaterbart som å bli hylla av både Billie Eilish og Taylor Swift.

Ei superstjerne mot alle odds.

Girl in red smiler, mens hun løper og spiller gitar samtidig.
Foto: Eskil Olaf Vestre, NRK P3

Varm i trøya

Ho er god, og ho er så viktig, Ulven. I april vann ho «Årets spellemann», og med albumet «If I could make it go quiet» vart ho i 2021 for alvor ein av landet største musikalske eksportkjelder.

Ikkje småtteri. Forventningane er store. Det er derfor konserten hennar på Øyafestivalen ikkje innfrir på alle punkt.

Det er lett å gi godvilje til konseptet Girl in red. Det er nydeleg å sjå at ho er varm i trøya og lagar storarta show, men ho er ein artist hvis hovudstyrke er å vere eit samlingspunkt for outsiderar.

At 17 år gamle indiekids endeleg har eit ikon å samle seg rundt som ikkje er den sure gamle indiegubben Morrissey, er eigentleg berre fantastisk. Langt på overtid.

girl in red synger i mikrofonen, mens håret hennes blåser til siden.
Foto: Eskil Olaf Vestre, NRK P3

I så måte legg Marie Ulven grunnlaget for ein lovande æra innan norsk indierock. Absolutt stilig, men det medfører eit visst ansvar, og det er her Ulven sviktar.

Etterlyst: Genuinitet

Det er skuffande at store delar av konserten leverast på nær autopilot, og utan noko kjensle av at dette er noko som skjer her og no.

Under «Hornylovesickmess» forsvinn Ulven ned bak eit keyboard og ut av syne for store delar av publikum. Utan at det eigentleg gir noko ekstra at ho er sjarmerande, spelar feil og gir bandet ein pause.

Girl in red holder mikrofonen tett inntil ansiktet. Hun ser seriøst ut på publikummet.
Foto: Eskil Olaf Vestre, NRK P3

Det er lett å virke opphengt i dei negative, eller likegyldige, kjenslene. Men Girl in red byr så absolutt på store augneblink.

Allsongen under «Serotonin» og den visuelle prestasjonen der både ho og bandet gir alt under «Dead girl in the pool», vekker begeistringa hjå sjølv ein kynisk og betrevitande musikkritikar.

Låtane til Ulven er fantastiske. Livesettingen står likevel ikkje heilt i stil til dei musikalske høgdepunkta som har gjort henne til landets største indie-helt.

Det er ikkje eit problem at settet er innøvd, men det er eit problem at spontaniteten og dei genuine kjenslene verkar fråverande.

Girl in red hopper rundt på scenen. Hun holder en mikrofon i hånden, og i bakgrunnen står en person og spiller piano.
Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Godkjent

Det er liksom ingenting i vegen for å verkeleg kose seg på konsert med Girl in red. Men ein skal vere ein nokså fersk konsertgjengar for å oppleve konserten på Øyafestivalen som noko meir enn godkjent.

Sjarmerande, underhaldande og absolutt velspelt, men heller ikkje noko meir. Det er ikkje berre-berre å vere indie-helt. Det medfører forventningar.

Det er kjempetøft at bandet har oppgradert settet med pyro og laser for anledninga, men gi oss noko ekte å tru på, Girl in red.

Forventar vi for mykje? Kanskje. Det er uansett deg outsiderane ser til. Det er kult medan det står på, men gi dei grunn til å føle at dette betyr noko ekstra.

  • Et magisk bilde. Girl in red synger i en mikrofon. I bakgrunnen skinner sola. Hun har øynene igjen
  • Girl in red spiller en rød gitar. Hun smiler mens håret henger ned. I bakgrunnen ser vi bassisten hennes.
  • Girl in red holder en mikrofon og ser med åpne øyne ut på publikum. Hun har på seg en rød skjorte.
  • Girl in red veiver med armen. Og holder
  • Girl in red skriker av hele sitt hjerte.
  • Girl in red har langt hår, og nå står det rett til topps.
  • Girl in red lener seg bakover mens hun synger i en mikrofon.

LES FLEIRE ANMELDELSAR:

SISTE FRÅ P3.NO: