Soldat for FN

Om to veker forlèt Marie (25) sommaridyllen på fredelege Brekstad ytst i Trondheimsfjorden til fordel for Bamako i Mali.

Det einaste ho veit om landet er det ho har høyrd på briefing på jobben og det kollegaer har fortalt.

På puffen i stova ligg noko av det ho skal ha med seg. Hårfarge, ei bok av Geir Lippestad, myggspray og kosttilskot.

Ho kan ikkje pakke bagen heilt full, det må vere plass til automatvåpenet og den skotsikre vesten også.

Marie har aldri vore i Afrika, og heller aldri vore med på internasjonale operasjonar – det folk i Forsvaret kallar for «ute».

No skal ho tenestegjere eit halvt år i Mali for MINUSMA – det blodigaste oppdraget FN er med i.

Høyr dokumentaren | Les alle sakene

 

– Det er godt å vite at ein bidrar og er med på å skape noko som er større enn seg sjølv.

– Marie (25)

 

 

Marie er ferdig pakka er klar for å reise til Mali.  Det lenge til ho skal heim neste gong. Foto: Lars Erik Andreassen
Marie er ferdig pakka er klar for å reise til Mali. Det lenge til ho skal heim neste gong. Foto: Lars Erik Andreassen


 

Livet i FN-bobla

 

Dei neste månadane skal Marie (25) vere FN-soldat i Mali.
Ho veit lite om kva som ventar ho der.

 

– Det er liksom eg som er i avdelinga som er øyremerka internasjonale operasjonar, og plutseleg er det ho som skal ut. Det er litt rart, seier Nichlas.

Han og Marie har vore kjærastar i fleire år. Det har vore tider der Nichlas har trudd at han skulle ut, at han kom til å få beskjed i løpet av kort tid om å pakke sekken. Han er hundeførar, og førebudd på oppdrag med bombesøkshund.

Marie har tenkt på alt det fæle som kan skje. Ho har lurt på om ho kunne ha nekta han å dra, og om han då ville la vere. Men ho bestemte seg tidleg for at han måtte få dra om han fekk moglegheita. No er det andre vegen. Ho skal ut, han blir verande i Norge.

Marie og kjærasten Nichlas passer på schäferkvalpen Lero. Nichlas er hundeførar i Forsvaret.  Foto: Lars Erik H. Andreassen
Marie og kjærasten Nichlas passer på schäferkvalpen Lero. Nichlas er hundeførar i Forsvaret. Foto: Lars Erik H. Andreassen

Mykje av det Marie skal ha med seg til Mali er heilt vanlege ting. Foto: Lars Erik H. Andreassen
Mykje av det Marie skal ha med seg til Mali er heilt vanlege ting. Foto: Lars Erik H. Andreassen

– Eg kan hugse dagen eg fortalte han at eg hadde blitt spurt, seier Marie.

– Etter at fortalte det vart han berre sittande og sjå på meg ei stund. Så sa han at eg sjølvsagt måtte dra. Han forstod ikkje kvifor eg ikkje hadde sagt ja allereie!

Trening kvar dag

Før Marie går igjennom tryggleikssjekken på Værnes må ho ta farvel med Nichlas. På andre sida ventar flyet, hennar nye kollegaer, og ein dose med malariamedisin som ho må ta umiddelbart. Den reagerer ho på og blir sjuk. Ein dårleg start.

Rett etter at Marie drar, døyr tre soldatar fra Nederland. Mellom 30 og 40 FN-soldatar har blitt drepne i Mali, berre i år.

Dei to første vekene i Mali får Marie opplæring i kva ho skal gjere. Ho blir vist rundt i leiren, helser på folk, og blir satt inn i hennar nye rutine.

Marie sine oppgåver består mellom anna av å passe på at alle har ein plass å bu, og at reiserekningar blir registrert. I tillegg trener ho nesten kvar einaste dag på apparata dei har satt opp inne i leiren.

 

Camp Bifrost ligg like ved Bamako International Airport. Her jobbar om lag 70 nordmenn med å drifte eit Hercules C130J fraktefly. Dette norske bidraget ber namnet NORTAD (Norwegian Tactical Airlift Detatchment), og mange av soldatane som jobbar her gjer ikkje dei typiske «soldat-tinga» ein ser på film. Medan nokon jobbar som pilot eller mekanikar, er andre for eksempel tilsett som sjukepleiar eller kokk. Det er naudsynt med ein så variert stab for å drifte flyet.

– Ein kan bli lei av kontorarbeid, men uansett kor mange reiserekningar eg legg inn, eller rom eg må gå over, så veit eg at det er sånn at andre kan gjere den jobben dei skal. Utan meg og dei andre som jobbar på bakken, kunne ikkje herculesflyet vore i lufta heller, seier Marie.

Det er høgt arbeidspress og lange dagar i Mali. Sjølv om arbeidsoppgåvene hennar kan høyrast trivielle ut, tek det på å jobbe tolv timar dagleg seks dager i veka.

Litt som Jurassic Park

Det er ikkje lov å dra ut av campen med mindre ein har eit ærend. På grunn av tryggleiken får ikkje Marie ein gong jogge rundt campen utan at ein mann er med.

– Det har blitt gjort ei vurdering på at det er for farleg, og sjølv om eg skulle ønske at eg kunne ta meg ein joggetur aleine, så må eg berre akseptere at eg ikkje kan det.

Og om det ikkje oppstår ein situasjon der dei store kvite SUV-ane med FN-logo må stoppe opp mellom reisemål, får ikkje Marie møtt lokalbefolkninga i Mali i det heile. Ho ser dei berre frå utkikkstårna i leiren, og bak sota vindauge og låste dører når ho er ute og køyrer.

Alle stadane dei stoppar er klarerte av FN.

– Eg har vore med på å stoppe då det skjedde noko med ein anna bil. Me gjekk ut av bilen med vest og våpen klart, i tilfelle noko skulle skje – men det gjekk fint. Kan du litt fransk,og nikkar og smiler, er dei fleste vennlege tilbake også.

Kabinen til Marie. Den einaste staden ho kan vere heilt for seg sjølv. Foto: Marie
Kabinen til Marie. Den einaste staden ho kan vere heilt for seg sjølv. Foto: Marie

En ku slaktes langs vegen, sett frå ein FN-bil. Foto: Marie
En ku slaktes langs vegen, sett frå ein FN-bil. Foto: Marie


Fakta: Uroa i Mali

I 2012 starta touaregane, ei folkegruppe i nord, eit opprør for å frigjere Azawad-området frå resten av Mali. Terrorgrupper utnytta den ustabile situasjonen til å ta kontroll over delar av nord-Mali. Framleis herjar fleire kriminelle grupper knytta til både IS og Al-Qaida i delar av landet. Dei ønskjer å innføre sharialov og vil ha utlendingar ut av landet.

Franske troppar vart satt inn saman med styrkar frå mellom anna Tsjad. Dei klarte å passe på at terrorgruppene i nord ikkje klarte å spreie seg sørover mot hovudstaden Bamako. Etter kvart tok FN over oppdraget, då dei i 2013 skipa misjonen MINUSMA.

FN har om lag 13.000 soldatar i Mali og om lag 2.000 politifolk. Det norske bidraget heiter NORTAD. Rundt 70 soldatar er stasjonert i camp Bifrost nær Bamako. Norge sitt oppdrag er å drifte eit Hercules C130J fraktefly, det største FN har tilgjengeleg i operasjonen.

Neste år opprettar Norge ambassade i Bamako. Norske styresmakter åtvarar mot alle reiser til Bamako som ikkje er strengt naudsynte. Reiserådet for resten av Mali er enkelt; Ikkje reis, uansett.

(Kjelde: SNL, Forsvaret, FN, Regjeringen)

mali_kart

Foto: Wikimedia Commons


 

Meir som «Orange Is the New Black» enn «Nobel»

– Det hender eg må be sjefen om ein time-out. Gå og legge meg på kabinen, putte pluggar i øyra, og berre vere litt aleine.

Kabinen er der Marie søv, det er eit lite rom med tøyveggar i eit større sovetelt. Det er den einaste plassen som er berre hennar. Det er felleskantine, felleskontor, fellesdo, fellesdusj og fellesgym.

Uansett kor ho går, er det folk der.

– Ein saknar fort det heilt kvardagslege ved å vere heime. Det å bestemme sjølv kva ein skal ete til middag, eller berre å fyre i peisen og slappe av. I Mali kan eg ikkje berre ringe Pizzabakeren om eg får lyst. Alt er liksom bestemt.

For å spare vatn skal ikkje Marie bruke meir enn tre trykk kvar gong ho dusjar. Vanlegvis er det nok til å få skylt over kroppen, men det er litt for lite til å vaske håret. Det hender at nokon vaskar håret i vasken for ikkje å bruke fleire trykk enn dei skal. Sjølv «låner» Marie heller eit trykk frå dagen etterpå.

– Vi får servert mat, vi går i uniform, vi har fellesdusj- og garderobe. Eg kan forstå at det høyres litt ut som «Orange Is the New Black», seier Marie og ler.

Bursdag i Afrika! Marie fekk servert makronar og kaffi på kontoret. Etter middag vart det servert tre etasjar høg brownies! Det vert servert bursdagskake for alle som har bursdag ein gong i veka. Foto: Marie
Bursdag i Afrika! Marie fekk servert makronar og kaffi på kontoret. Etter middag vart det servert tre etasjar høg brownies! Det vert servert bursdagskake for alle som har bursdag ein gong i veka. Foto: Marie

Camp Bifrost ligg like ved Bamako International Airport. Marie kan sjå flyplassen frå leiren. Foto: Marie
Camp Bifrost ligg like ved Bamako International Airport. Marie kan sjå flyplassen frå leiren. Foto: Marie

Skot i natta

Måndag kveld, ei veke før Marie skal heim på «leave», får ho plutseleg beskjed om at noko skjer ikkje langt frå campen. Det har blitt rapportert om skyting, men dei veit ikkje kor langt unna det er, kven som skyt eller om FN er målet.

Marie er på veg i seng, men held seg våken i tilfelle ho må søkje tilflukt.

Til dagboka si rapporterer ho:

– Dette er første gongen sidan eg kom at dette har skjedd. Vi veit ikkje kor langt unna det er, eller kven dei skyt på, men vi har fått informasjon om at det har oppstått ein situasjon. No må vi nesten berre avvente beskjed på om vi skal gå i dekning eller ikkje.

Det fins innøvde rutiner for kva ein skal gjere, og Marie kan dei godt. Leiren har eigne vakter som passar på i utkikkstårna. Om trusselen viser seg å vere reell, må ho kle seg med vest og hjelm og søkje tilflukt. Etter ei stund ho får nærare beskjed om kva som har skjedd.

Det viser seg at FN ikkje var målet denne gongen, men at det var eit væpna ransforsøk mot malisiske tryggleiksstyrkar mellom tre og fire mil sør for basen.

Veka etter går som normalt, og fredag drar Marie heim på sin andre «leave».

Som å få spele kamp

Alle som «drar ut» har sine eigne grunnar. For Marie har fleire ting spelt inn. Det å få bidra til å gjere verda litt betre kjennest bra, men det handlar også om å få bevist at ein faktisk kan jobben sin.

– «Kvifor er det du som må dra?», er det mange heime som spør. Då svarer eg at eg ikkje nokon ting. Eg har valgt det sjølv fordi eg har lyst. Når ein jobbar i forsvaret i Norge så går ein eigentleg berre rundt og trener på jobben sin, men om ein får dra ut, finner ein ut om ein verkeleg kan det ein går og øver på, seier Marie.

Ho skal vere i Mali til midten av desember. Då kjem dei norske troppane heim, og portugisarar tek over oppdraget. To gongar i løpet av hausten har ho vore heime på «leave». Når ho kjem heim i slutten av oktober har ho framleis ein tur til Mali att.

Ho bruker tida heime til å helse på familien, vere ilag med Nichlas, og sjå sin ny bustad for første gong. Medan Marie var i Mali, vart ho nemleg huseigar: Ei veke Marie satt på kontoret i Bamako dukka den perfekte leiligheita opp i Trondheim sentrum. Nichlas hadde ikkje tid til å gå på visning, og Marie var i alle fall langt borte.

Det enda derfor med at dei sendte svigerfaren til Marie på visning. Dagen etter var Nichlas i budrunde, og via Snapchat fekk Marie vite at ho var blitt huseigar og gjeldsslave.

– Det hadde vore digg å berre bli heime no, seier Marie etter ein lang dag med fliseshopping til det nye badet.

– Men det skal bli godt å komme ned att også. Få fullført det eg har starta på. Det er godt å vite at ein bidrar, fungerer i rolla si, og er med på å skape noko som er større enn seg sjølv.

► Høyr heile historia om Marie (25) i P3-dokumentaren «Soldat for FN»

Lars Erik H. Andreassen

Dokumentarist Lars Erik H. Andreassen


 

Philip Lautin Jackson (28) har jobba som soldat i Afghanistan. – Eg veit om folk som har utvikla angst, framandfrykt, og redsel for store folkemengdar etter at dei har vore ute, seier han. Foto: Lars Erik H. Andreassen
Philip Lautin Jackson (28) har jobba som soldat i Afghanistan. – Eg veit om folk som har utvikla angst, framandfrykt, og redsel for store folkemengdar etter at dei har vore ute, seier han. Foto: Lars Erik H. Andreassen

 

– I krig må ein skru på «knappen»

 

Philip Lautin Jackson har vore soldat i Afghanistan i eit og eit halvt år. Det har påvirka livet hans.

 

– Eg hadde akkurat kome heim frå eit år i Afghanistan. Fem av kompisane mine døydde det året. Vil dykk verkeleg fucke med meg?, hugsar eg at eg tenkte.

Våren 2011 står Phillip Lautin Jackson på ei gate i Toronto i Canada. Han er framleis i byrjinga av tjueåra og har akkurat vore i minibanken og tatt ut ein neve kanadiske dollar. Framfor han står ein gjeng med unge menn. Dei truar han, og ber ham om å overlevere lommeboka.

I dag er Philip 28 år og studerer bachelor i psykologi ved NTNU – mykje på grunn av det han opplevde då han var tre halvårsperioder for Forsvaret som medic (ein som tek hand om sjuke og såra) i Afghanistan.

Philip var soldat i Afghanistan i eit og eit halvt år. – Eg kjenner mange som har oppsøkt farlege situasjonar etter at dei har komme heim. Fallskjermhopping, råkøyring, kva som helst som kan gi kjensla av å leve. Adrenalin er eit veldig avhengnadsskapande rusmiddel, seier han. Foto: Eirik Hansen
Philip var soldat i Afghanistan i eit og eit halvt år. – Eg kjenner mange som har oppsøkt farlege situasjonar etter at dei har komme heim. Fallskjermhopping, råkøyring, kva som helst som kan gi kjensla av å leve. Adrenalin er eit veldig avhengnadsskapande rusmiddel, seier han. Foto: Eirik Hansen

Heilt sidan første gong han var ute i 2009 har han vore opptatt av korleis hjernen blir påverka av det å oppleve krig. Han har bevisst prøvd å legge merke til irrasjonelle tankar, og tatt tak i desse når dei skulle dukke opp.

– Eg kan hugse ein gong eg kom heim på «leave». Først sov eg i to dagar. Så skulle eg ut med ein vennegjeng. Vi gikk nedover gata i sentrum. Då la eg merke til at eg automatisk kikka meg rundt, leita etter folk med mobiltelefon som kanskje sto klare til å utløyse vegbomber. Eg hadde gløymd knappen.

Å skru av og på «knappen»

Å søkje full oversikt, unngå folkemengder og å vere skeptisk til folk som kan vere farlege er eksempel på sikringsåtferd. I krig er det lurt å tenkje slik intuitivt, kanskje til og med livsviktig. Men om ein held fram med det når ein kjem heim blir det fort eit problem i kvardagen. Philip fortel at det handler om å skru av og på «knappen». er å vere alert, av er å kunne slappe av.

– Eg veit om folk som har utvikla angst, framandfrykt, og redsel for store folkemengdar etter at dei har vore ute, seier Philip.

Då han skulle til Toronto valde han bevisst å bestille den avgangen som gjorde at han måtte mellomlande på Chicago O’Hare, den nest travlasta flyplassen i USA. Då han kom dit gjekk han målretta ut i den tjukkaste folkemengda han kunne finne.

– Eg var redd for å utvikle angst, og ville utfordre det ubehaget eg følte ved tanken på å ikkje ha kontroll. Eg tenkte på det som ein slags vaksine mot framtidig angst. Det funka!

Litt som i «Nobel»

– Ingen i «Nobel» har måla våpna sine. Det ser heilt teit ut.

Philip har sett NRK-serien «Nobel», og meiner at serien viser fram kameratskap på ein god måte. Men på detaljnivå hender det at dei bommar.

– Er du i ein sandfarga ørken, med sandfarga uniform og hjelm, stikk eit kolsvart våpen seg veldig lett fram. Det var ikkje alle som hadde lov, men mange av dei som jobba i felt spraymåla våpena sine. I «Nobel» ser det ut som alle geværa er heilt nye.

«Nobel» viser fram kameratskap på ein god måte, synest Philip - men det hender at dei bommar på detaljnivå. Til dømes ser det ut som alle geværa i serien er heilt nye. Foto: Eirik Evjen / Monster
«Nobel» viser fram kameratskap på ein god måte, synest Philip – men det hender at dei bommar på detaljnivå. Til dømes ser det ut som alle geværa i serien er heilt nye. Foto: Eirik Evjen / Monster

Det å sjå vennane sine døy i ei vegbombe er også noko Philip kjenner seg godt igjen i. Då fire norske soldatar vart drepne i ei vegbombe den 27. juni 2010, var det rett før Philip var ferdig med sin andre halvårsperiode i Afghanistan.

– Eg var der ikkje då det skjedde, men eg var med på syning etterpå. Det var tungt. Som medic måtte eg jobbe med mi eiga sorg, samstundes som eg hadde eit ekstra ansvar for å vere der for andre som sørga.

Kva inneber ei syning?

– Det vil eg ikkje gå inn på.

Ei syning er ein slags seremoni der den avdøde blir vist fram for pårørande, før vedkommande vert begravd. Philip ønskjer ikkje å dele alt, men han prøver så godt han kan å snakke ope om sine opplevingar til dei som vil høyre. Han har opplevd at «Nobel» er ein god samtalestartar. Før har ikkje så mange vist interesse, men no er det som om folk har fått ei heilt ny forståing for kva som ligg i det å dra ut med Forsvaret.

Lommeboka

– Eg kjenner mange som har oppsøkt farlege situasjonar etter at dei har komme heim. Fallskjermhopping, råkøyring, kva som helst som kan gi kjensla av å leve. Adrenalin er eit veldig avhengnadsskapande rusmiddel, seier Philip.

Kanskje det var det som gjorde at han reagerte med å true ranarane i Toronto då han stod der, heilt aleine ved minibanken. Sjølv om han innerst inne visste at han ikkje hadde sjans mot gjengen som stod framfor han.

Gjengen som først hadde vore aggressiv og påtrengande byrja å mumle seg i mellom, og tok eit skritt tilbake. Ein av dei rista på hovudet. «Fuck this shit», sa han – og deretter snudde han seg og stakk. Dei andre fulgte etter. Igjen stod Philip på gata med dollarbunken i handa.

– Det kunne ha gått skikkeleg gale. Eg ville aldri gjort det same igjen, seier Philip.

– Men når det er sagt, virka det jo.

Philip er no med i kameratstøtteprosjektet til NVIO, der han hjelper andre veteranar som treng nokon å prate med.

► Høyr heile historia om Marie (25) i P3-dokumentaren «Soldat for FN»

Lars Erik H. Andreassen

Dokumentarist Lars Erik H. Andreassen


 

Exit Afghanistan

 

 

Exit Afghanistan: I september 2012 trakk dei norske soldatane i NATO-styrken seg ut av den nordlege Faryab-provinsen i Afghanistan, og ga deretter tryggleiksansvaret til dei afghanske tryggleiksstyrkane. Denne dokumentarserien skildrar prosessen sett både frå militæret og og sivilbefolkningas side.

 


 

Fleire historier frå P3 Dokumentar

 

p3dok_hvis-gud-vil-2
 

Kva gjer du når du er 20 år, og føler deg kalla til å gå i kloster? Sjekk ut P3-dokumentaren «Hvis gud vil»!
 

p3dok_diktaturet

 

Kvifor vil KrFU redde Kviterussland? Sjekk ut P3-dokumentaren «Diktaturet»!


 

P3dok som podkast

 

Alle våre radiodokumentarar kan lastast ned som podkast, slik at du kan høyre på desse når du vil – og kor du vil. Abonner på våre podkastar enten via Itunes eller via RSS.

(NB! All musikk som vert brukt i våre dokumentarar er ikkje alltid med i podkastversjonane grunna opprettshav. Fullversjonane – slik dei vert sendt på radio – kan du strøyme her på vår nettside.)