– Måtte lære meg å vere menneske

Nano (20) er fullt og heilt eit menneske – men føler seg som ein katt.

– Eg hatar vatn meir enn noko anna. Om det regnar ute er det om å gjere å finne tak. Fortast mulig.

Kva er fordelane ved å vere katt? Spør Silje i P3-programmet Verdens Rikeste Land

– At ein kan sjå i mørket.

Ja, du kan det?

– Eg ser betre i mørket enn eg gjer i dagslys. Eg har kattesyn, bokstavleg talt. Sett vekk frå at eg ikkje ser alt i svart-kvitt, slik som kattane gjer.

Nano (20) har ein slags hårbøyle med katteøyre på hovudet. Det er det einaste som kan minne om ein katt, ellers ser ho ut som eit menneske.

Problemet er berre at ho ikkje føler seg som eit menneske.

Ho føler seg som ein katt.

Sjå videreportasjen med Nano øverst i saka.

Nano (20) har jobba lenge med å prøve å oppføre seg litt meir som eit menneske. (FOTO: Jørgen Andersen/NRK P3)
Nano (20) har jobba lenge med å prøve å oppføre seg litt meir som eit menneske. (FOTO: Jørgen Andersen/NRK P3)

Eit katteliv

Nano føler seg som ein katt – og oppfører seg deretter.

Mjauinga hennar er for eksempel heilt identisk med ekte kattemjauing. Og sjølv om ho ikkje kjenner nokon andre som har det på samme måte, er ho heilt sikker på ein ting: Ho er fødd som katt.

– Heile livet har eg oppført meg kattete, og folk seier alltid at eg må oppføre meg meir som eit menneske. På den måten har eg skjønt at eg er ein katt, seier ho.

Nano vart så oppslukt i kattelivet at ho gløymde å vere menneske.

– Før gjekk eg rundt på fire bein, ofte gløymde eg at eg kunne gå på to bein. Eg gløymde også at eg kunne bruke henda mine til å spise med kniv og gaffel.

Kattelivet starta allereie då Nano var liten.

– Foreldra mine seier at eg alltid krabba rundt på gulvet og mjaua. Eg pleide også å sovne alle mulige, rare plassar. Under stovebordet, i vindaugekarmen, i vasken…

Den absolutt beste staden å sove er vindaugekarmen. Der kan Nano utan problem sove ei heil natt.

Men å vere i trafikkerte område, eller stader der det er mykje støy, er ei stor påkjenning om ein er katt. Det er fordi desse dyra høyrer ti gongar betre enn oss menneske. Derfor går Nano som oftast med høyretelefonar når ho går i byen.

Kattar har også langt betre syn enn oss, noko Nano slit med i kvardagen.

– Du ser og fokuserar mykje meir på ting som beveg seg, som fuglar og mus, eller eit løv som bles forbi. Det løvet kan vere så enormt spanande å sjå på. Det tek synet ditt med ein gong.

Men, er det ikkje litt stressande å følgje med på alle desse tinga?

– Jo, det er eigentleg ganske slitsomt. Men når du har levd med det heile livet venner du deg til det.

Som katt og mus

Forholdet mellom katt og mus er kanskje mest kjend for oss gjennom teikneserien «Tom og Jerry». Tom prøver stadig vekk å fange Jerry, med varierande hell.

Forholdet mellom desse to dyra har også inspirert til spel og leikar i uendeleg mange formar. Men uansett kva spel eller leik det er snakk om, er alltid målet det samme: Katten skal fange musa.

Nano er intet unntak – ho har prøvd å fange musa. Mange gongar. Hennar konklusjon er at det ikkje funkar.

– Eg har lyst til å fange mus, men har lært meg å la vere. Ikkje at eg vil ete musa, men eg vil berre fange ho og vise ho til dei som gir meg mat, for å gi noko tilbake.

Men det stoppar ikkje der. Det fins merkelegare ting Nano har foretatt seg som «katt».

– Ein gong klatra eg opp i eit tre for å jage ein fugl. Ein anna gong snakka eg med ei mus. Eg fann den på kjøkkenet, og den stoppa opp og såg på meg, men ho stakk då eg byrja å prate.

Berre det å gå på eit kjøpesenter kan vere utfordrande om ein lev eit liv som katt. Å vere katt på eit kjøpesenter, dét er stress.

– Det er som om du skal dra med deg ein katt i eit bur. Katten fresar og mistar pels.

Nano presiserar at ho ikkje føler ho byrjar å røyte når ho er på eit kjøpesenter, men ho blir stressa av alt maset, lydane og folka.

Svein er ein kompis av Nano. Han vart ikkje fødd som ein katt, men føler han har blitt det med åra. (FOTO: Jørgen Andersen, NRK P3).
Svein er ein kompis av Nano. Han vart ikkje fødd som ein katt, men føler han har blitt det med åra. (FOTO: Jørgen Andersen, NRK P3).

Fres til bjeff

Hunden er menneskets beste venn, men det venskaplege dyret kjem ikkje alltid like godt overeins med dyra som seier «mjau». Nano fresar når ho møter hundar. Ikkje fordi ho er redd, men fordi instinkta hennar får ho til å gjere det. For ho er hundar eit vesen ein berre har lyst til å klore i auga.

Nano både føler seg som, og oppfører seg som, ein katt. Men dei siste åra har ho jobba hardt for å bli litt mindre kattete, blant anna ved å ikkje mjaue så mykje når andre er i nærleiken, og bruke henda til å ete med (og ikkje heile fjeset).

Men kva er det eigentleg Nano har?

Internett gir ingen svar. Ikkje ein gong kattekvinna sjølv har svar.

– Det fins ingen diagnose fordi ingen legar eller psykologar har forska på det, seier ho.

Ho kjenner til folk som også føler dei er delvis katt, men ikkje på samme måte som ho sjølv. Men saman med psykologen hennar har Nano kome fram til fleire mulige svar: Det kan ha skjedd noko under fødselen hennar. Det kan også ha noko å gjere med at Nano måtte klare seg aleine frå ho var liten.

Heldigvis har Nano fått hjelp til å klare å tilpasse seg det menneskelege samfunnet, sjølv om ho tenkjer, føler og ser som ein katt. Men kunne ho valgt sjølv ville ho heller vore ein rev.

– Revar er sjeldne, søte og er fantastiske dyr. Blanding av katt, hund og ilder! Eg skal faktisk adoptere ein rev til hausten, fortel ho med stor iver.

Nano oppfører seg ofte som ein katt, men har lært seg å vere meir menneskeleg no. (FOTO: Jørgen Andersen, NRK P3).
Nano oppfører seg ofte som ein katt, men har lært seg å vere meir menneskeleg no. (FOTO: Jørgen Andersen, NRK P3).