Ginger Wildheart: 555% trippelalbum!

0
Skrevet av:
Publisert 9:00 30 March, 2012

 

Ginger Wildheart har fått fansen til å forhåndsbetale sitt nye trippelalbum. En av fansen er Tarjei Heggernes fra bandet St. Satan. Les mer om prosjektet her.

Tarjei er så oppspilt over ny musikk fra Ginger at han skrev denne fine saken for oss i ren gledesrus:

Forrige fredag kom dei første ti låtane frå Ginger Wildheart sitt trippel-album 555%, og i morgen kjem dei neste ti. Det er reine juleaften to helgar på rad for ein blodfan som meg!

Trippelalbumet er finansiert utelukkande av nettopp blodfans som meg, via denne nettsida. Prosjektet vart fullfinansiert seks timer etter at det vart lagt ut der ved at fansen bestilte enten digital versjon, trippel CD, trippel vinyl eller DVD. Då prosjektet nådde 555% finansiering, slutta dei å selge fysiske versjonar, men ein kan framleis betale ti pund for den digitale versjonen.

Og det bør du, dersom du har sansen for nokon av dei åtte albumma The Wildhearts har gitt ut, eller Ginger Wildheart sine tre soloalbum, eller nokon av dei utallige sideprosjekta (som country-plata med Howling Willie Cunt). 555% vart spelt inn i fjor haust og i vÃ¥r, og alle “pledgers” (dei som har forhÃ¥ndsbetalt for platene) fekk nesten daglege videoar frÃ¥ innspelinga.

Det mest rørande med prosjektet er at Ginger skreiv i ein oppdatering rundt juletider:

2011 will be a year I’ll never forget. Beginning the year by enduring a brief dance with budgetary disaster (The Frankenstein Effect, which will hopefully be put straight soon in 2012) the year continued into great disappointment as I left the Michael Monroe band under circumstances beyond my control, and then seemed to hit a wall sometime in July when I seriously considered giving up the idea of making a living from music. It appeared time in my life to get a proper job.

Han slapp heldigvis å klippe håret og komme seg i arbeid, takka vera dette prosjektet her!

Det fysiske trippelalbummet er utseld, men ei samling lÃ¥tar kjem ut som eit vanleg album seinare som skal heite 100%. Og det er sjølvsagt “pledgers” som skal velge ut tre spor frÃ¥ kvar av dei tre delene av trippelalbumet.

PÃ¥ albumet er deltek i tillegg til Ginger ein haug av gamle og nye medsamansvorne frÃ¥ The Wildhearts-tida og andre meir eller mindre kjente musikarar: “Random” Jon Poole (Cardiacs), Fyfe Ewing (tidligere Therapy?) CJ (The Wildhearts) og flere andre.

Eg er sjølvsagt totalt inhabil i forhold til å kunne seie noko om musikken ettersom eg er blodfan, det er pophardrockmedprogfaktisk, men kom igjen: ein knapp hundrings for eit trippelalbum er det vel ikkje å seie på? Band og artistar: sjå og lær!

Tags: , ,

Del "Ginger Wildheart: 555% trippelalbum!"