Klikk for video
Spill video

Sjekk den forvandlinga!

Snowboardsporten har endra seg betrakteleg sidan Terje Håkonsen vann US Open i 1992. Men framleis meiner han at sporten har mykje å gå på.

Publisert: 21:58 15 February, 2012

Det er 20 lange år sidan snøbrettlegenden triumferte i US Opens halfpipe-konkurranse. NRK.no har tatt med seg det klassiske klippet for å vise Håkonsen, som straks blir nostalgisk når han får sjå triumfrunnet.

– Det var ”good times” det der!, flirer Håkonsen.

– Eg er ganske fornøgd med at eg starta på 90-talet eg. Men framleis er sporten ung, seier Håkonsen.

– Betrakteleg endring

Men den gongen triumferte han i ein pipe som ikkje liknar noko av det verdseliten konkurrerer i no.

For i dag er det stort sett superpipe med over seks meter høge veggar som gjeld. I tillegg blir det bygd enorme “Quarterpipes” der utøvarane svever over ni meter over hoppkanten.

Og i den revolusjonen har Håkonsen hatt posisjon i førarsetet.

– Ei betrakteleg endring har det vore. Alt frå det vi køyrer på, til triksa og utstyret. I tillegg har fleire køyrarar komme til.

– Folk kasta ølboksar inn i pipen på den tida

Tidlegare i år kom eitt av dei mest tydelege eksempla på at sporten har gått frå uglesett rebellkultur til enorm actionsport. Amerikanske Shaun White fekk nemleg heile verdas auger retta mot seg då han leverte eit heilt perfekt ”run” i X-Games.

Med White friskt i minnet får også tidlegare tidlegare OL-sølvvinnar Stine Bruun Kjeldaas sjå NRK.nos Håkonsen-klipp frå to tiår tilbake. Ho reagerer med latter.

– He-he. Det er ganske utruleg at han klarer å køyre så bra i den pipen der. Han køyrer sinnsjukt bra sjølv om pipen er så liten.

– Det var jo meir rock n’ roll på den tida. Folk kasta jo ølboksar inn i pipen då. Det har vore ei utruleg utvikling sidan den gongen, seier Kjeldaas.

Også Håkonsen gliser breitt når han tenker på dei rebelske tilstandane mellom publikum på 90-talet.

–  Ein kan godt seie at sikkerheitsvaktane har blitt strengare, ja, svarar Håkonsen på utsagnet frå Kjeldaas.

Og slik forklarer Kjeldaas dei enorme stega sporten har tatt:

–  Det var først og fremst OL som gjorde at snowboard gjekk frå subkultur til stor sport. I dag er det kjempestor interesse i media. Det var jo ikkje det i det heile tatt då eg starta. Den gangen Terje vann var det truleg ingen som brydde seg om det, seier ho.

– Dette kan sporten bli betre på

Men trass i at brettkulturen har reist seg skyhøgt, fryktar Håkonsen at utviklinga kan stagnere. Han meiner sporten raskt kan bli for firekanta og lite kreativ.

– No er det meir struktur, med trenarar som ber køyrarane sine om å droppe utøvarmøter som vi for eksempel har her i VM, seier Håkonsen.

– Kva nytt kan ein gjere for å få sporten vidare?

– Det går på å vere kreativ når ein bygger nye ting. Eg har for eksempel ikkje sett ei boardercross-løype som er bra. I slopestyle er det mykje bra, men det er mykje som kan bli gjort annleis.

– I tillegg er jo VM-pipen prikk lik ein X-Games-pipe, den er bare i eit anna land enn USA. Ein kunne jo bygd noko som var litt annleis, for eksempel, legg Håkonsen til.

Tags: ,

Del "Sjekk den forvandlinga!"
 

SERIER PÅ P3.NO