- Det er med liv og helse som innsats ein køyrer quarterpipe, seier Fredrik Austbø.  Kjersti Østgaard Buaas synst slike løyper er i skumlaste laget. (Foto: Bildemontasje/Scanpix)

- Det er med liv og helse som innsats ein køyrer quarterpipe, seier Fredrik Austbø. Kjersti Østgaard Buaas synst slike løyper er i skumlaste laget. (Foto: Bildemontasje/Scanpix)

– Du køyrer med liv og helse som innsats

VM-quarterpipen i Holmenkollen er bare for dei aller mest hardbarka, meiner snøbretteliten i halfpipe og slopestyle.

Publisert: 23:09 16 February, 2012

– Det er vel bare dei sjukaste som køyrer der, er det ikkje?, ler halfpipekøyrar Fredrik Austbø.

– Jo, det er bare dei klingalne som konkurrerer i quarterpipe, seier lagkamerat Tore Holvik.

– Hadde ikkje turt sjølv

Trass i at dei norske VM-køyrarane serverer spektakulære triks i både slopestyle og halfpipe, er det med store auger dei svarar når ein spør om mammutkonkurransen quarterpipe.

– Personleg trur eg ikkje at eg hadde turt å setje utfor i VM-quarterpipen, men eg har stor respekt for dei som gjør det, seier Alexander Østreng, den einaste nordmannen som tok seg vidare til semifinale i VMs slopestylekonkurranse.

– Med liv og helse som innsats

Og det finst nok fleire grunnar til at quarterpipe-løyper,  som den Terje Håkonsen står i spissen for, blir for tøff for dei fleste.

I VM-pipen i Holmenkollen kjem utøvarane opp i over 100 kilometer i timen. Når dei treff hoppet skyt brettproffane fleire meter opp i lufta, og må forsøke å styre seg ned igjen utan å treffe kanten.

– Du køyrer med liv og helse som innsats. Det er “all inn” og små marginar mellom å treffe kanten og lande reint. Og den kanten er mye verre å treffe enn den vi treff her i VM-halfpipen. Ein må vere veldig teknisk god for å køyre der, seier Austbø.

Nordmannen held seg unna slike konkurransar fordi han har skada seg så mykje i dei tidlegare.

VIDEO: Sjå Terje Håkonsens verdsrekord i quarterpipe under Artic Challenge 2007!

Vanskeleg å bli god

Også jentene står over testinga av gigantpipar som dette.

– Ein må vere veldig konsentrert for å halde seg beint i lufta, seier den tidlegare OL-vinnaren og gullfavoritten i VM, Kelly Clarke.

Det må store ressursar til for å bygge ei slik løype, og det er ikkje ofte ein quarterpipe-konkurranse blir arrangert.

Dermed føler mange at det blir for risikabelt å prøve seg.

– Eg køyrte det i US Open eitt år, og det var veldig artig. Men det blir vanskeleg å trene quarterpipe fordi ein ikkje finn dei så mange plassar. Det blir litt sånn at ein bare køyrer det når den er der, seier Kjersti Buaas.

Utelukkar ikkje ny verdsrekord

Fredag skal Terje Håkonsen og eit knippe andre spesielt inviterte villmenn kaste seg utfor unnarennet i Holmenkollen.

Målet er å slå Håkonsens verdsrekord på 9,8 meter frå 2007.

– Pipen var bra. Det kan gå, sa legenda sjølv etter første trening.

Også i resten av snowboardmiljøet sitrar dei etter å sjå nokon sveve rekordhøgt under VM.

– Eg trur Håkonsen har blod på tann for å få sletta den rekorden, men då må alt klaffe. Likevel skal ein aldri seie aldri, avsluttar Austbø.

Desse er invitert til å køyre i VM-quarterpipen fredag:

Risto Mattila, FIN
Broc Waring, USA
Matt Ladley, USA
Kim Rune Hansen, NOR
Shayne Pospisil, USA
Benji Farrow, USA
Arthur Longo, FRA
Olivier Gittler, FRA
Jack Mitrani, USA
Brennen Swanson, USA
Manuel Pietropoli, ITA
Terje Haakonsen, NOR
Daisuke Murakami, JPN
Ruiki Masuda, JPN

DIREKTE: Se quarterpipe-finalen i Holmenkollen direkte her!

Tags: , ,

Del "– Du køyrer med liv og helse som innsats"
 

SERIER PÅ P3.NO