Overraska av foreldrene før VM-triumfen
– Dei pleier aldri å sjå meg konkurrere, seier den nybakte VM-vinnaren Iouri Podlatsjikov.
– Dette betyr så mykje. Eg kan ikkje forklare størrelsen av dette. Følelsen er heilt ny, for eg har aldri vore verdsmeister før, smiler Podlatsjikov.
Sveitsaren knuste alt og alle i superpipefinalen, sjølv med fall i siste gjennomkøyring.
Han hadde nemleg sørga for den beste gjennomkøyringa til ellevill jubel frå fleire tusen tilskodarar, noko som stod til poengsummen 90,3.
– Utruleg å vinne framfor foreldra mine
Ingen klarte å makta å tukte han i glissent regnver utanfor Oslo. Etterpå ga han ein god blås i både veret og det faktum at han hadde eit dramatisk fall i siste gjennomføring.
Det som betydde aller mest på sigerskvelden var at foreldra hadde tatt turen frå Sveits.
– Dei kom hit med fly. Eg blei kjempeoverraska. Dei pleier ikkje komme å sjå meg konkurrere, så det var ein utruleg følelse å vinne framfor dei.
Nervøs etter dramatisk fall
Men alt gjekk ikkje knirkefritt for sveitsaren. I ein imponerande finale var det høge svev og spektakulære triks, men også stygge fall. Eitt av dei stod Podlatsjikov for.
Likevel kom han seg opp, og kunne setje seg som leiar nedst i pipen. Der måtte han vente til resten av konkurrentane hadde køyrt sitt siste “run”.
– Eg var nervøs for alle som køyre. Spesielt Matt Ladley, han gjekk veldig høgt i dag, seier sveitsaren.
Gigantisk pengepremie
Som nybakt VM-vinnar fekk Podlatsjikov 40 000 dollar (ca. 230 000 kroner), ein gigantisk medalje og eit endå større trofé for triumfen.
– Det var ein heilt vill konkurranse. Eg kunne sjå i auga til foreldra mine at sigeren betydde mykje for dei, seier Podlatsjikov.
VIDEO: Sjå Podlatsjikovs triumfrun her!
Tags: snowboard-vm2012, snøbrett-VM