Alt gjekk til helvete. Men då innsåg Markus (22) kva som var meininga med livet

Ei forteljing om ein ung rockar si ferd frå halvdeprimert og arbeidslaus gjeldsslave, til halv-tilfreds pizza-bod med bittelitt mindre gjeld.

Markus Danielsen Danjord (22) har akkurat blanda seg eit glas med appelsinsaft frå First Price.

– Det er jo slikt det går i for tida, seier han, litt humoristisk og litt oppgitt, over telefonen.

Musikaren sit heime i kollektivet på Alexander Kiellands plass i Oslo. Underteikna sit i ei leilegheit berre nokre steinkast unna, men likevel tar me intervjuet over telefonen. For ting er enno ikkje slik som det var før, og akkurat det kjenner Lüt-vokalisten på kroppen.

Livet hans har tatt ein skikkeleg 180 det siste året.

– Den korte historia er at det har vore mykje grining. Den lange versjonen er at 2020 skulle vera året for glede og kos, men slik vart det ikkje, startar Markus.

Men dette er ikkje berre ein artikkel om eit kjipt år for ein sveltande artist. Dette er ein artikkel om sjølve meininga med livet.

Eller, det var kanskje litt vel pompøst, men på eit vis er det ei slags tragikomisk solskinshistorie om ein ung fyr som finn ut av ting.

Siste helga som rockestjerne

Markus er vokalist i rockebandet Lüt. Bandet frå Tromsø var i finalen under «Urørt» i 2017, og same året vart dei nominerte til prisar på både «P3 Gull» og «Spellemann».

Me skrur tilbake tida til siste helga i februar 2020, då Markus framleis budde heime hjå foreldra i Tromsø. Lüt hadde akkurat spelt på festivalen «Trondheim Calling», og like etterpå venta neste spelejobb på «Bylarm».

Eit lite konsertlokale er fyllt opp av menneske. Det er mørkt, men lyset frå scena lyser opp siluettane til publikummet. Dei står med armane i været og løfter opp Markus, som akkurat har stagediva frå scenen.
SISTE SONG: Konserten på Bylarm vart den siste Lüt fekk spelt på ei god stund. Foto: Sverre Simonsen

– Me hadde verdas mest hektiske dag. Eg følte meg som ei ordentleg rockestjerne, for me måtte fly til Oslo for ein hastespelejobb som me hadde booka dagen før. Etter konserten var det inn på hotellet, slappa av i to sekund før eit P13-intervju, øva litt på låtane, og så var det ny speling og bransjefest. Det var heilt magisk, og eg tenkte: «Jess, det er slik dette året skal bli!»

Så feil kan ein ta.

I tillegg til å vera vokalist for Lüt, jobba Markus som frilans lydteknikar. Han var i gang med å setta opp eit lydanlegg for eit arrangement då beskjeden kom.

– Me hadde pressekonferansen på høgtalar mens me rigga opp. Og etter det gjekk alt heilt til svarte.

Frå Tromsø til Tigerstaden

Bandet hadde brukt dei siste to åra på å laga nytt album, som var klart i oktober 2019. Dei hadde booka spelejobbar i heile 2020. Alt vart avlyst, og det var få oppdrag å finna for ein frilans lydteknikar, men akkurat nok til å kunna tena til livets opphald når ein bur heime hjå foreldra.

Markus har det lange håret sitt i eit strikk. Han har på sei ei grå skjorte, smiler og ser rett fram, vekk frå kamera. Han står ved eit lydanlegg som lyser i mange forskjellige fargar, og han trykker på knappane. Ved sida av han står ein anna fyr som ser seg over skuldera og gliser.
SIDEJOBB: Markus på jobb som lydteknikar. Foto: Jonathan Ottesen

Det fyrste halvåret med nedstenging gjekk greitt for Markus. Sjølv om alle konsertane vart avlyst, greidde han å halda knollen over vatnet.

Det var fyrst eit halvår seinare at ting gjekk skikkeleg åt skogen. Det skjedde ikkje lenge etter at han forlét det trygge redet til mor og far i Tromsø, for å søka lykka i Tigerstaden.

– I gjengen hadde me snakka lenge om at hausten 2020 skulle me flytta til Oslo. Eg tenkte at no kom me til mogelegheitenes by, men så feil kan ein jo ta.

«Halla, har du lyst på billig straum?»

For Markus kjente på presset med å skulla skilja seg ut i hovudstaden. Målet var å komma i kontakt med folk i musikkbransjen – å bli lagt merke til – men det var ikkje like lett i ein tettpakka by som Oslo.

Men det var ikkje musikkminglinga som var det verste. Då han fyrst kom til Oslo, hadde han sikra seg jobb som bartendar. Han kom seg gjennom eit fire timar langt opplæringsskift, før skjenkestoppen vart innført og jobben rauk. Og det var ikkje enkelt å skulle finne seg anna arbeid.

– Eg trur eg søkte på minst 40-50 jobbar dei neste månadane, fortel Markus.

Det å ikkje ha noko å gjera tærte på Tromsøværingen. Utanom eit par oppdrag som lydtekninkar var det lite jobb å få.

Ein litt uklar selfie av Markus med store runde briller og eit headset med mikrofon. Han held opp ein øl mot ansiktet.
TO LANGE VEKER: Ærlege Markus skjønte kjapt at han ikkje hadde seljargenet i seg. Foto: Privat

– Eg hadde lenge vore halvvegs arbeidsledig og fått litt pengar av Nav, men eg heldt på å bli heilt sprø over å gå heime heile tida. Så på eit nasj møtte eg ei dame som sa at ho hadde akkurat starta eit salsfirma.

Markus gav dama nummeret sitt og reiste heim frå nasjet. Nokre dagar seinare sendte ho melding og spurte om han framleis var interessert i jobben.

– Eg tenkte: «Fuck it, dette kunne gå til helvete, eller så kan det gå heilt greitt.» Der starta eg mi to veker lange reise som salskonsulent. Eller, det ekte ordet er vel «telefonterrorist».

Markus fortel at han i to lange veker sat i eit rom, omgitt av BI-folk i sine beste klede, ringde til vilt framande og sa: «Halla, har du lyst på billig straum?»

Det gjekk ikkje særleg bra. Han meiner sjølv at han er for ærleg til å vera seljar.

– For å tene nok skal du ha tre-fire sal om dagen, men eg fekk to sal på to veker. Så eg tente 700 kr før skatt, før eg sendt ho ei melding og sa at denne jobben ikkje var for meg. Det verste er at eg ikkje ein gong har fått dei pengane. Så eg sit her og lever på eit budsjett ut av eit helvete.

Skattesmellen frå helvete

I dei to-tre månadane Markus var arbeidsledig, skjedde det noko med han. Han fekk akkurat nok pengar av Nav til å leva på kneppibrød til 8,50 kr, men han hadde det ikkje bra på innsida.

– Eg har alltid vore ein psykisk stabil person, men då eg ikkje hadde noko å gå til, var eg skikkeleg nede. Hadde eg flytta til Oslo berre for å sitta her, liksom?

Markus er ikkje åleine om å kjenna på korleis det siste året har påverka psyken. Tal frå Folkehelseinstituttet viser at fleire slit med einsemd og psykiske plager, og det er særleg unge som blir ramma hardast. Heile éin av fire er ikkje nøgde med livet, og det gjeld særleg dei som bur i Oslo og Bergen, der restriksjonane har vore strengast.

Som om ting ikkje kunne bli verre for Markus: I slutten av september tikka det inn ein e-post frå Skatteetaten i innboksen.

– Der stod det at eg hadde 36.000 kr i restskatt som eg ikkje hadde betalt til staten. Eg hadde nesten inga lønn, og no kom dette på toppen av det heile, kva skulle eg gjere no?

Endeleg i arbeid!

Utan jobb, null kroner på konto, berre ein tube med skinkeost i kjøleskapet og med ein skattesmell på mange tusen, nådde Markus botn i det som var dritåret 2020. Men så fann han fram ein spade og begynte arbeidet med å grave seg ut av driten.

I det siste har mange musikarar sett seg nøydd til å selja gitaren sin for å overleva, men sidan Markus ikkje hadde ein dyr gitar å legga ut på Finn.no, var han ganske fucked.

Men på seinhausten hadde vokalisten endeleg hellet med seg. Ved hjelp av eit par kvite løgnar om arbeidsmoral og lidenskap for italiensk mat, sikra Markus seg ein deltidsjobb som bod for Peppes pizza. Det hjelpte på meir enn berre lommeboka.

– No har eg jobba masse og kjent at psyken min er så mykje sterkare. Sjølv om det fortsatt er trongt økonomisk og eg skuldar staten alt for mykje pengar, så hjelper det å ha noko å gjera og ha ein grunn til å stå opp. Sjølv om det er ein forferdeleg meiningslaus jobb å levere ein jævla pizza, seier han og ler. 

Ein litt uklar selfie av Markus som står med skuggelue og munnbind framfor ein Peppes pizza-bil.
NY JOBB: Fyrste dagen på jobb som Peppes pizza-bod. Foto: Privat

Men éin deltidsjobb var jo ikkje nok til å betala skattefuten. Markus fekk seg òg arbeid som barnehagevikar.

– Eg skal ikkje seia at eg er ein fyr som elskar barn, men det viser seg at små barn elskar meg.

Dermed gjekk Markus frå å ha ingenting å gjera til å ha altfor mykje å gjera. No går det i Peppes, barnehage og band 24/7, men han har det mykje betre i forhold til korleis han hadde det berre for nokre månadar sidan.

– Det siste året har sugd. Eg har hatt søvnlause netter fordi eg ikkje har visst om eg har hatt råd til å eta i morgon. No er det trongt, men eg har ein jobb og noko å stå opp til, og eg har ein nedbetalingsplan på skatten. Så det går greitt no.

No når bandet endeleg har sleppt si nyaste plate «Mersmak», håper Markus at det etter kvart kan bli meir musikkjobbing òg.

Og vokalisten er ikkje blind for det ironiske valet av albumnamnet, som handlar om «mersmaken» bandet hadde fått på rockelivet. Det var absolutt ikkje «mersmak» på pizzaen frå Peppes dei skulle referera til.

Eit grunnleggande behov

Opplevinga med å føla at alt raknar rundt han har endra Markus sitt syn på fleire ting.

– Eg har fått litt perspektiv på det mamma og pappa alltid har fortalt meg er viktig, altså det med søvn, sunn mat, alkohol og fysisk aktivitet. Og så har eg fått ordentleg perspektiv på kor viktig det er med rutinar og kor viktig det er å ha ein jobb å stå opp til for ha det bra med seg sjølv, fortel musikaren.

Dette er noko psykolog Benjamin Silseth (29) stiller seg bak. Han fortel at det å ha ei meining med livet er eit grunnleggande behov me menneske har, og når det behovet ikkje blir fylt, går det ut over den mentale helsa vår.

Benjamin Silseth står med armane i kors, og smiler forsiktig til kamera. Bakgrunnen er ein djup gråblå farge, og skjorta hans har nesten same farge, berre djupare. Har har brunt hår og brune auger.
BORTKASTA: Psykolog Benjamin Silseth trur at det er mange unge som føler at dei har kasta vekk eit år av livet sitt. Foto: Fenomen Folk

– Eg trur me gløymer viktigheita av å ha ei eller anna meining å fylle kvardagen med. Om det er ein jobb å stå opp til, at ein skal på lesesalen eller om du berre har planar med venner, er det viktig for menneske å kjenne på følelsen av at livet har ein betydning. Desse aktivitetane fungerer som ein slags «drive» eller eit bevis på at her går ein framover i livet, og i tillegg er det ein distraksjon frå ting som er vanskelege, seier psykologen.

Silseth fortel at sjølv om det er nokon som klarar seg fint, viser tal frå heile verda at det er unge som slit mest under nedstenginga.

– Det heng nok saman med at mange ikkje får det avbrekket frå å sitja heime.

Han trur at pandemien på mange måtar påverkar folk i større grad no enn det gjorde for snart eit år sidan. Det heile var ikkje så midlertidig som dei fleste såg for seg.

– I starten hadde mange eit håp om at dette skulle løyse seg raskt og effektivt, men så kjem det stadig nye rundar med sterke tiltak. Det håpet blir sett litt på vent heile tida, og det trur eg er vanskeleg for dei som er prega av utsette studium og tap av deltidsjobb, seier Silseth.

Ei sunn oppleving?

Mangelen på håp har Markus kjent på kroppen.

Men då han var som lengst nede i drithaugen, snakka han mykje med dei han bur med, foreldra og vennene sine om korleis han hadde det. Det har vore viktig i forhold til korleis han har takla denne perioden.

– Ein kompis sa at dette var sunt for meg fordi me er vane med å ha det så sjukt bra, og det er fort gjort å ta det for gitt. Når ein aldri har hatt det ordentleg kjipt, så får ein ikkje reflektert rundt dei sidene i livet. Det er sunt for meg, eigentleg. Eg lærer mykje av det, får dytta i trynet at eg må spara så mykje eg kan, eller så går det til helvete.

Markus står med ryggen vendt mot kamera i ein park. Det er mørkt rundt han, men det kjem lys frå blokkene framfor han. Det er eit tynt lag med snø på bakken, og himmelen er blå.
OPENHEIT: Det var viktig for Markus å få prata med dei rundt han, om korleis han hadde det då han sleit. Foto: Kim Erlandsen

Er det altså noko så enkelt som å ha ein jobb – eller eit formål – som kan seiast å vera meininga med livet? I det minste hjelpte det Markus godt på veg til å få eit meiningsfullt liv – sjølv om arbeidet i seg sjølv kan kjennast litt meiningslaust.

Intervjuet er i ferd med å ta slutt, men rett før me skal til å legga på, avsluttar Markus det heile med ei setning som summerer opp heile driten.

– Ein kan vel seia at eg følte meg som ei rockestjerne, og no sit eg på bussen på veg til Peppes, seier Markus og ler mens bussen durar i bakgrunnen.

For sjølv om telefonintervjuet begynte i kollektivet, enda det på bussen på veg til Peppes. Det er vel eigentleg ein fin metafor for det siste året til Markus.

LES MEIR: