Alt om Wergeland på Hovefestivalen

Det er 200 år sidan Henrik Wergeland blei fødd. P3morgens Jørgen Strickert, brukte festivaldagane på Hove til å leite etter den norske poeten sitt nærvær.

Strickert og Wergeland. Foto: Kim Erlandsen, P3

Det er 200 år sidan Henrik Wergeland blei født og P3morgens Jørgen Strickert leita etter den store norske poeten sitt nærvær på Hovefestivalen.

Slik oppsummerer Jørgen Strickers sjølv jakta på Wergeland:

– Eg er henrykt. Wergeland vann på alle frontar: artistar og publikum kasta seg på Wergeland-hypen, festivalbiblioteket innreidde eit Wergeland-alter og i Mosjøen går det ein mann omkring med ei tattovering av diktarens kontrafei samt diktet «Kysset» på leggen. Viss ikkje det er full siger, veit eg ikkje kva som er det.

Og medan vi snakkar om hyllestar, her kan du forresten sjå Ingrid Olava synge «Vi ere en Nation, vi med» i strandkanten på Tromøya i duett med Jørgen:

Kva var høgdepunketet under jakta?

For meg var det eit magisk augeblikk då Truls (and the Trees) dedikerte ein av låtane sine til Henrik Wergeland då dei spelte på hovudscena tirsdag. Eg er sikker på at Wergeland hadde gjengjeldt denne gesten, hadde han ikkje vert ein haug med knoklar og kompost.

Henrik Wergeland er fødd den 17. juni 1808, korleis feira du, Jørgen Strickert, denne dagen?

Det vil eg gjerne halde for meg sjølv. Men eg kan røpe så pass som at eg i farten gløymde at det også var Islands nasjonaldag! Så heftig var det.

Her kan du sjå Jørgen sitt heftige Wergeland-engasjement gå ut over Festivalgründer og bookingsjef Toffen Gunnufsen:

P3-reporter angreip Toffen

Etterpå tatoverte Jørgen Strickert eit Wergelandsitat på armen sin, noko som inspirerte P3morgenlyttar Stein Roger Eriksen til å tatovere lyrikaren på leggen sin.

Under heile festivalen har Jørgen sett etter teikn på Wergelandhyllest, noko han også fann:

Hove hyller Wergeland

Høgdepunktet på Hove

Hove hyller Wergeland II