nrk.no

Artistar opnar opp: – Det er litt upopulært å vere kristen

Store artistar i utlandet snakkar høgt om si sterke kristne tru. Slik er det ikkje i Noreg.

I dei siste åra har internasjonale gigantar som Justin Bieber, Selena Gomez og Kanye West delt openlyst at dei er personleg kristne.

Men korleis er det eigentleg for norske artistar som Days of August, Sofia Hyttedalen (20) og Lisa Børud Gustavsen (25) å ha ei sterk kristen tru?

– Justin Bieber er jo så vanvettig stor. Om han seier noko, så vil han uansett vere på toppen av den sekulære musikkbransjen, seier Frank Christian Brambo (24).

Han er låtskrivaren i bandet Days of August, og meiner dei internasjonale artistane kan ha bidratt til at det også her til lands har blitt større toleranse for å vere kristen artist i det kommersielle musikkmiljøet.

Men det er framleis eit stykke å gå.

– Når ein er ein liten artist på vår størrelse, må ein tenke over kor open ein skal vere og korleis ein skal nå ut til mange folk. Eg opplever at i Noreg blir kristne ofte sette i ein bås, og at det kanskje er litt upopulært å vere personleg kristen i desse bransjane som er mainstream, meiner Brambo.

Ut av komfortsona

Då Days of August blei «Månedens Urørt» i fjor, blei musikken deira beskriven som fløyelsmjuk. Det blei framheva at musikken var godt egna om ein skulle slappe av.

– Eg er veldig glad i natur og blir ofte inspirert av naturen. For oss tre som er kristne, er det jo ikkje tvil om at vi meiner naturen er skapt av Gud. Då blir det noko overnaturleg over det, seier låtskrivaren i bandet.

Bandet består av Brambo på gitar og vokal, Mathias Helvig (22) som spelar gitar og Espen Alsvik (22) som er trommis. P3 har berre prata med Brambo, då det er han som skriv alle låtane til bandet.

Dei tre er personleg kristne og har vakse opp i ulike meinigheitmiljø der dei har vore aktive i lovsongarbeid, som vil seie å førebu musikk til meinigheitsmøta.

Då dei starta bandet Days of August, ønskte dei å lage musikk for den kommersielle marknaden, men samtidig stå sterkt i den kristne trua.

Brambo fortel at trioen har diskutert kor opne dei skal vere om si kristne tru, då dei har vore bekymra for å hamne i ein «kristen musikkbås».

– No går jo vi ut av komfortsona ved å prate med P3 om dette, innrømmer han.

Ein mann med skjegg og han har på meg seg ein beige/brun caps. Han har på seg ei fløyelsskjorte.
NATUR OG GUD: For Frank Christian Brambo er naturen ei stor inspirasjonskjelde, og han trur at naturen er skapt av Gud. Biletet er redigert. Foto: Ole Henrik Barstad.

Trør varsamt

Når Brambo skriv låtane til bandet, blir kristne element pakka inn i låttekstene slik at dei kan vere opne for tolkingar.

– Eg blir inspirert av mykje, alt frå det å vere menneske til kjærleik, men eg hentar mykje inspirasjon frå Bibelen også. Eg tek med verdiar som er viktige for meg, utan nødvendigvis å rope ut at dette handlar om Jesus, men vrir det til at vi ikkje alltid har alle svara på denne jorda.

Brambo understrekar at dei ikkje har noko imot kristen musikk, og at han sjølv ofte høyrer både på lovsong og populærmusikk.

Lovsong er religiøs kristen musikk og er ei fellesnemning på musikalske uttrykk som ofte blir brukt på meinigheitsmøter i kristne samanhengar, der målet er å prise Gud.

– Det er heller ikkje noko gale i å vere eit kristent band, men vi ønsker å nå ut til eit større publikum enn berre ei lita gruppe. Eg opplever at kristen musikk har ein tendens til å bli høyrt av kristne, men veldig lite av resten, medan sekulærmusikk blir høyrt av alle, både kristne og sekulære.

Sekulær betyr det verdslege og ikkje-kyrkjelege, altså det som ikkje er religiøst. Sekulærmusikk er på mange måtar kommersiell populærmusikk, som er ei fellesnemning for musikk som har eit breitt nedslagsfelt og brei folkeleg appell.

Kilde: snl.no/Masteroppgaven: Kristne aktører i norsk populærmusikk

– Føler du at bandet må avgrense kor mykje de kan prate om trua?

– Det er vanskeleg akkurat det, seier han og må tenke seg om før han fortset.

– For ein vil jo sjølvsagt snakke opent om trua si. Det er det vi kristne vil. Vi vil nå ut til folk med trua, men så er det jo ei linje også. Når vi er i denne sekulære musikkbransjen, så må ein trø litt varsamt utan å bli kasta ut med ein gong. Vi held det ikkje hemmeleg at vi er kristne, men vi går ikkje rundt og skrik det ut heller.

https://youtu.be/do_rXu3TsJM

«You» i staden for Gud

Sofia Hyttedalen er på same måte som Days of August ein personleg kristen artist som forsøker å slå gjennom i den kommersielle marknaden.

I 2019 gav Hyttedalen ut låten «I don’t want to lose a friend», som nesten har 800.000 avspelingar og som i 2020 ofte blei spela på P3. Låten «Loud», som ho gav ut med Coucheron, har nærmare 2 millionar avspelingar.

Ho kan kjenne seg igjen i Brambo sine måtar å skrive låtar på.

– Eg er bevisst på at eg ikkje vil bruke Gud og Jesus i låttekstene mine, men samtidig vil eg ikkje undertrykke det kristne bodskapet mitt. Eg ønsker å skrive tydelege tekster som kan vere relevante for alle, seier Hyttedalen.

Artisten Sofia har mørkeblondt hår som er festa bak i eit hårstrik. Ho har på seg ei kvit skjorte og ho ser mot venstre med munnen så vidt open. Ho har blå auger.
LITE GUD: Sofia ønsker at låtane ho skriv, skal treffe eit breitt publikum. Foto: Christian Zervos.

Når Sofia skriv låtar, bruker ho ofte «you» når ho snakkar om Gud. Då kan fleire kjenne seg att i tekstene, meiner ho.

– Det er ikkje alltid Gud passar som ein kjæraste, innrømmer ho og humrar av at ho ofte kan bli blind på eigne kristne formuleringar.

Dei gongane det blir for mange kristne referansar, bryt produsenten vennleg inn for å peike det ut.

Hyttedalen understrekar at ho skriv låtar som både har eit klart kristent bodskap og låtar som ikkje nødvendigvis er kristne. Ho opplever at musikkmiljøet generelt er søkande og nysgjerrig på den kristne trua.

– Ein kan fint høyre på musikken min utan å skjønne at eg er kristen, men samtidig blir eg veldig glad når folk oppdagar det i tekstene mine, seier Hyttedalen.

Sjølv om Hyttedalen ikkje har lyst å hamne i ein kristen musikkbås, er ho heller ikkje bekymra for å hamne der.

Ho skriv også lovsongar, men desse er ikkje spelte inn.

– Det hadde vore gøy å produsere og gi ut dei veldig tydeleg kristne låtane mine, men då må eg kanskje få meg eit anna samarbeid med eit anna plateselskap. Dei eg har no, er kommersielt retta. Eg kunne ha tenkt meg å ha to ulike samarbeid for å gi ut musikken min.

Restar frå fortida

Dagleg leiar i plateselskapet Kirkelig Kulturverksted, Erik Hillestad, er motstandar av ideen om at det finst noko som heiter kristen musikk.

Det at enkelte artistar kan ha ei viss bekymring for å hamne i ein kristen musikkbås meiner Hillestad er restar etter eit tankesett som var meir utbreitt på 1970- og 1980-talet.

– Då var det ofte slik at viss artistar song om noko som handla om den kristne trua, så var dei låste til eit miljø der dei opptredde for kristne menneske på kristne stemner og gav ut plater på kristne plateselskap. Dei kom aldri til orde på dei store musikkscenene eller i dei store radioprogramma og TV-programma, fortel Hillestad.

Bilete er av ein eldre mann med halvlangt hår som er grått. Han har skjegg, og bilete er i svart/kvit.
MOTSTANDAR: Erik Hillestad er motstandar av ideen om at det går eit skilje mellom kristen og ikkje-kristen musikk. Foto: CF Wesenberg/cf-wesenberg@kolonihaven.no

På denne tida var det ein sterk barriere mellom kristenprega musikk og den kommersielle musikkbransjen.

Då Hillestad starta Kirkelig Kulturverksted på 1970-talet, var det ingen av dei vanlege platebutikkane som ville selje musikken dei gav ut.

Platebutikkane meinte at kristen musikk høyrde heime hos kristne butikkar.

– Dette kjempa vi veldig imot. Vi begynte å utfordre artistar som var på den sekulære scena til å synge kristne salmar. Då blei det kommersielle presset mot desse vanlege butikkane så stort at dei tok inn platene våre, fortel han.

Hillestad meiner at all båssetting av musikk er eit problem fordi det avgrensar opplevinga av musikken. Han meiner også at barrieren mellom kristen musikk og det kommersielle musikkmiljøet har smuldra opp.

Steget ut i det kommersielle

Lisa Børud Gustavsen blei allereie som femåring ei barnestjerne innanfor det kristne musikkmiljøet, og ho har som artist hovudsakeleg jobba innanfor dette miljøet heile livet.

I 2017 tok ho steget ut i den meir kommersielle musikkbransjen då ho var med i NRK-programmet «Stjernekamp», der ho hamna på fjerdeplass. Dette gav Børud Gustavsen meirsmak til å drive med kommersielt retta musikk.

Bilete av ei ung kvinne som blir løfta opp av ein mann med stripete skjorte og i lufta kaster ho beina ut til sida. Ho er blond og har på seg ein raud topp, medan buksa er blå. Ho har på seg kvite sko. Munnen er open.
MEIRSMAK: Då Lisa Børud Gustavsen var med i «Stjernekamp», gav det ho meirsmak til å ta oppdrag i det kommersielle musikkmiljøet. Foto: Julia Marie Naglestad, NRK

– Eg har aldri tenkt at eg vil bryte meg ut av det kristne miljøet. Det er meir det at etter «Stjernekamp» fekk eg automatisk eit større publikum. Det kom fleire førespurnader utanfrå det kristne miljøet, som då gjorde at eg kunne nå litt breiare. Det er fint at eg har høve til å gjere begge delar, og det er veldig gøy å få oppdrag som ikkje har med det kristne miljøet å gjere, fortel Børud Gustavsen. 

Ho kan forstå at enkelte kan vere bekymra for å bli sett i ein kristen musikkbås.

Samtidig er ho glad for at forholdet mellom kristne artistar og det større musikkmiljøet har mjukna opp, og at det har blitt større rom for artistar å opptre både i kristne og kommersielle settingar.

– For meg handlar det om at eg ikkje treng å synge om Jesus i kvar song. Eg vil at det eg skriv, skal ha med mine verdiar å gjere, men det treng ikkje nødvendigvis å vere eit kristent bodskap.

Børud Gustavsen har fortsett med å ta på seg oppdrag både i det kristne og kommersielle musikkmiljøet.

– Akkurat no er eg med som korist og dansar for Julie Bergan i sommarperioden og synest det er sjukt gøy.

Musikalsk omdømme

Sigbjørn Apeland er musikkforskar ved Universitetet i Bergen. Han meiner at dei frikyrkjelege miljøa og bedehusmiljøa er grunnen til at skiljelinjene mellom kristen og ikkje-kristen musikk blir haldne oppe. 

– Det er der ein snakkar om kristen musikk og ikkje-kristen musikk, og det er innanfor desse miljøa at ein har eigne plateselskap som produserer kristen populærmusikk og eigne kristne musikkfestivalar. Grunnen er at det der er ein kristendomsform som legg stor vekt på den personlege trua. I desse miljøa er den personlege trua til artisten viktig, forklarar musikkforskaren.

Apeland har forska på religion og musikk, er sjølv utøvande musikar og har sete i fleire offentlege utval som løyver pengar til norsk kulturliv.

Han trur grunnen til at enkelte artistar kan føle på ei uro for å hamne i ein kristen musikkbås er at den tydeleg kristne musikkbransjen ikkje har eit like godt musikalsk omdømme som den meir sekulære bransjen.

– Det er kanskje ei frykt for å bli stempla på eit vis og at det kan appellere til fordommar som folk måtte ha. Eg trur ikkje det finst fordommar mot kristne artistar, men eg trur det finst fordommar mot bestemte miljø, meiner Apeland.

Det er eit bilete av tre karar. Han som står nærmast kameraet ser ned og har på seg ein grøn caps. Han har også på seg raud fløyelsjakke med ei grå skjorte under. Bak han står det ein mann med svart t-skjorte som er mørkeblond. Det står også ein mann med mørkt hår og grå hettegensar.
SEG SJØLVE: Days of August bestemte seg for å vere seg sjølve hundre prosent og har til no blitt møtt med forståing om at dei har ei kristen tru. Foto: Jørgen Jacobsen.

Ingen øl og eit lite sjokk

Days of August har så langt berre hatt positive opplevingar med det å vere personleg kristen i musikkbransjen.

Likevel fortel Brambo at enkelte har blitt overraska av at trioen har ei tru.

– Det typiske bak scena er å ha ein raider, og då forventar ofte arrangøren at det skal vere ei tolvpakning med øl. Men ingen av oss drikk, så vi seier alltid at vi heller tek ein cola eller Redbull. Første reaksjon er at dei ikkje forstår heilt og at det nesten kjem som eit sjokk for dei, fortel Brambo og ler av kor ofte det har skjedd.

Han understrekar at dei meiner kristne kan ha eit sunt forhold til alkohol og at mange vel ikkje å drikke av forskjellige grunnar.

Då bandet starta opp, var Brambo engsteleg for korleis den kristne trua deira skulle bli tatt imot. 

– Vi visste ikkje heilt kva vi kunne forvente, men vi bestemte oss for å vere oss sjølve hundre prosent. Folk har møtt oss med forståing og vore opne for at folk har forskjellig tru, seier han.

LES MEIR OM MUSIKK:

LES MEIR FRÅ P3.NO:

Siste fra P3.no: