nrk.no

Augeblikket «Kristoffer» (24) skjønte at han ikkje var som «alle» andre

Kristoffer kan bli stormande forelska, men har ikkje lyst til å ligga med dei han liker. Korleis er det å vera mann og aseksuell?

P3.no møter «Kristoffer» på ein kafé i hovudstaden. Han har sagt ja til å møte oss fordi han meiner det er viktig at fleire kjenner til kva det vil seia å vera aseksuell.

Men sjølv om han er open med familie og venner, vil han ikkje stilla med sitt ekte namn i denne saka. For det er jo ganske private greier han no skal snakka om.

– Eg hugsar fyrste gongen eg møtte nokon andre ekte menneske som også var aseksuelle. Det var ein ekstrem sigersfølelse, for endeleg var det nokon som eg kunne prata med, fortel han.

Det blir anslått at om lag ein prosent av befolkninga er aseksuelle. No vil Kristoffer fortelja om si oppleving av å tilhøyra den eine prosenten.

– Eg har ingen indre impuls til å engasjera meg seksuelt med andre. Det betyr ikkje at eg nødvendigvis er redd for sex, men dei gongene eg har hatt det, har eg vore litt sånn «kva er vitsen»? Det er tydeleg at andre er mykje meir interessert i det enn eg, forklarar han.

Men lat oss starta på byrjinga.

«Det verkar ikkje som om du er så interessert i det her»

Kristoffer fann ut at han var aseksuell då han var 21, eigentleg litt ved ei tilfeldigheit.

– Eg hadde alltid tenkt på meg sjølv som ein heilt vanleg, hetero mann, begynner han.

Kristoffer hadde hatt eit par kjærastar før denne tida, men det hadde ikkje skjedd så mykje seksuelt i dei forholda.

– Eg gjekk ut frå at eg likte sex, og då eg begynte å studera, møtte eg ei jente som hadde masse erfaring med dating og det å ha sex med folk. Då det forholdet starta, så trur eg ho skjønte fort at det var noko som var annleis.

Me ser siluettane av eit par som ligg i ei grå seng i fugleperspektiv. Mannen, som er berre ein svart siluett, ligg på ryggen med hendene bak hovudet. Den lilla siluetten til ei jente ligg med hovudet på brystet hans og ei hand over magen.

Jenta sa: «Det verkar ikkje som om du er så interessert i det her.»

Kristoffer svara: «Hæ, er eg ikkje det? Er det ikkje sånn det skal vera?»

Dette sette i gang ein tankeprosess hjå Kristoffer. Han tenkte på korleis dei tidlegare erfaringane hans hadde vore og korleis vennane hans snakka om temaet.

Sjølv om han tidlegare hadde følt at det var noko som var litt rart, hadde han fyrst berre tenkt at han ikkje var så flink på dette med sex og roting. No skjønte han at ikkje alle hadde det slik som han.

Det går opp eit lys for han.

– Sjølv om eg hadde vore romantisk interessert fleire gonger, hadde eg eigentleg ikkje vore seksuelt interessert i nokon. Eg blir ikkje kåt eller opphissa sånn reint praktisk. 

Nokre dagar etter googlar Kristoffer det han føler på, og finn ut at han er aseksuell.

– Eg hugsar at eg sette på veldig høg musikk i stova og dansa aleine! Det var ein bra følelse, seier han og ler litt.

Sunniva Árja Tobiasen er ei av få som har forska på aseksualitet her til lands. Hen fortel at det er ekstra fint for folk å finna eit ord som beskriv seg sjølv når ein føler at ein ikkje er som «alle» andre.

– For dei er ord veldig viktig, fordi det skapar ein følelse av tilhøyr og normalitet. Om du har eit ord for det, så finst du, forklarar Tobiasen.

Sunniva ser alvorleg inn i kamera. Ho har på seg ein svart gensar og briller. Ho har kort, krøllete brunt hår. Ho står framfor ein bilveg og det er snø på bakken bak ho.
SKREIV MASTEROPPGÅVA OM ASEKSUALITET: Sunniva Árja Tobiasen er universitetslektor ved Senter for tverrfagleg kjønnsforsking på Universitet i Oslo. Foto: Marit Eide, NRK P3

Aseksualitet er eit spekter. Det betyr at det er store forskjellar frå person til person om ein aldri kjenner på lyst, eller om ein har lyst på sex ein gong innimellom. Nokon aseksuelle treng ein sterk emosjonell kontakt for å ha sex, mens andre kanskje har sex for partnaren si skuld.

Tobiasen meiner det er viktig at me ikkje tar frå aseksuelle at dei har ein seksualitet, blant anna fordi at alle har ei seksuell helse. Hen drar også fram at seksualitet kan endra seg gjennom livet.

– Det er ikkje slik at ein aseksuell person som ikkje har sex, ikkje har ein seksualitet, og at dersom dei ein dag ønsker å ha sex med nokon så har dei «fått» ein seksualitet. Aseksualitet er heilt enkelt eitt av fleire ord me brukar for å beskriva ein person sin seksualitet, forklarar hen.

Sex-ubehaget

Aseksuelle kan stille seg forskjellig til sex. Nokon er «sex-negative», altså synest dei at det er ubehageleg å sjå ein film som har sexscener eller liker ikkje å høyra andre snakka om det.

Dei som er «sex-positive» heier på at andre skal kunne vera så seksuelle som dei berre vil, men dei ønsker ikkje nødvendigvis å ha det sjølve.

På denne skalaen stiller Kristoffer seg på midten, men kanskje på den litt negative sida. Han ser tilbake på dei gongene han har hatt sex som «ubehageleg utan at det er traumatiserande».

Sidan Kristoffer har hatt sex, har han nokre tankar om korleis det funkar og kva det er, men etter kvart har han skjønt at han eigentleg ikkje forstår seg på sex.

– Ein får med seg overflatiske element – kva ein gjer, kva folk synest er digg og sånt, men ikkje eigentleg kvifor dei investerer så mykje tid og energi i det, forklarar han.

Det har hendt at Kristoffer har trudd at han har kjent eit blaff av seksuell lyst, men så har han skjønt at det ikkje eigentleg var den følelsen han kjente på. For det er mange andre følelsar ein kan forveksla med kåtskap når ein ikkje veit korleis det følest å vera kåt.

– Eg synest det er fint med fysisk kontakt, klemming og den type ting, og av og til har ein kanskje behov for det og tenker «oi, kanskje er eg litt kåt no?» og så er ikkje det heilt tilfellet.

Særleg då han var yngre forveksla Kristoffer kåtskap med behovet for nærleik, fordi han tenkte at på eit tidspunkt måtte han jo bli interessert i sex.

Fordommar, forelsking og forhold

Nokon tenker kanskje på aseksuelle som einstøingar, men det stemmer nødvendigvis ikkje. Til og med Kristoffer har sjølv måtta jobba med å snu på sine eigne stereotypiar om andre aseksuelle.

– Eg har ikkje heilt klart å rista av meg den forventninga om at aseksuelle er introverte, men det er ikkje nødvendigvis alltid tilfellet. Eg var det i barndommen, men no har eg blitt veldig sosial.

I likskap med dei andre aseksuelle som Kristoffer kjenner, har også han behov for ein nær person i livet sitt.

Det å bli verande singel har vore den største bekymringa til Kristoffer, fordi han tenker at andre fort avskriv aseksuelle som potensielle partnarar. Han trur mange antar at dersom ein person ikkje har lyst på sex, så har dei ikkje lyst til å vera i eit forhold heller.

Ein svart siluett av ein mann står rett opp og ned. I eine handa held han ein bukett med lilla blomar, og i den andre handa held han ei lilla hjarteforma eske med konfekt.

Aseksuelle kan også vera aromantiske, som betyr at du ikkje føler på romantisk tiltrekking til andre.

Kristoffer er ikkje aromantisk.

– Eg kan tidsvis bli svært forelska, sånn altoppslukande-klarar-ikkje-tenka-på-noko-anna. Eg trur eg blir forelska på same måte som mange andre, fortel han.

Men på grunn av den manglande seksuelle tiltrekkinga, trur Kristoffer at han innimellom kan blanda kjæraste-forelskingar med venne-forelskingar.

– No berre gjettar eg, men eg vil tippa at mange skil mellom dei typane interesse ved at ein stort sett ikkje er interessert i å ha sex med vennane sine, mens ein stort sett vil ha det med folk ein er romantisk tiltrekt av? seier han spørjande.

24-åringen trefte sin noverande kjærast, som også er aseksuell, på Tinder.

– Slik mitt forhold er no, er me fyrst og fremst venner og så er me litt meir fordi me har ein slags tillit til kvarandre. Me er veldig kosete, det er ein viktig del av forholdet vårt. Me kyssar også, men ikkje noko meir enn det nødvendigvis.

Universitetslektor Tobiasen forklarar at sjølv om me ofte tenker at romantikk og sex høyrer i hop, så er jo det ikkje alltid tilfellet.

– Me har blitt opplært til at romantikk, kjærleik og sex heng saman, men eg trur at dersom folk tenker litt over det, så veit me godt at ein kan hooka opp med nokon utan å vera forelska i dei, og at ein kan lika nokon skikkeleg godt, men ikkje ha lyst til å ha sex med dei, seier hen.

«Menn er jo alltid gira på sex»

Universitetslektor Tobiasen meiner at det er ei oppfatning i samfunnet om at menn alltid kan ha lyst på sex, men det stemmer ikkje – om du er aseksuell eller ikkje.

– Det kan vera ei førestilling om at menn ikkje kan bli valdtatte. Det er viktig å forstå at ein kan ha ein kroppsleg respons utan at ein opplever noko som helst seksuell lyst. Det er ofte veldig synleg om ein har ein penis, og derfor er det så viktig å spørja om samtykke, forklarar hen.

Tobiasen fortel at det i forsking kjem fram at aseksuelle menn kan føla at dei ikkje klarar å leva opp til dei seksuelle forventingane, fordi det er ei sterk førestilling om at «sjølvsagt har menn lyst på sex».

Dette gjer at aseksuelle menn kan møta fordommar og tvil.

– Det betyr ikkje at aseksuelle menn ikkje kan vera trygge på kven dei er. Eg vil seia at dette er noko menn generelt kan oppleva – at det er ei sterk forventning om at dei må vera seksuelle, og det treffer aseksuelle menn på den måten at dei rett og slett ikkje alltid blir trudd, meiner Tobiasen.

To par føter stikk ut frå ei dyna. Eit par mindre, rosa føter peiker vekk frå dei lilla, større føtene. Dei ligg vendt vekk frå kvarandre, men over dyna er ei tankeboble med eit hjarta inni.

Kristoffer har også hatt den oppfatninga at menn «alltid» skal vera klare for sex, og trudde derfor lenge at han også sikkert hadde lyst på det.

Men no når han har funne ut av orienteringa si, er ikkje dette noko han tenker på. I oppveksten følte ikkje Kristoffer at han passa inn blant dei andre gutane, men no meiner han at han lært seg sjølv opp i «guttastemning».

– Det er noko fint med å føla tilhøyr til andre av same kjønn. Eg trur eg har lært meg korleis dei tinga i mannekultur som har med sex å gjera, funkar, slik at eg kan ta del i den biten som eg synest er fint med det.

Då han var yngre, ønskte Kristoffer at han ville få lyst på sex, men det endra seg etter den kvelden han dansa aleine i stova.

– Så lenge eg har vore bevisst på seksualiteten min, har eg vore glad for at eg er sånn. Det følest skikkeleg bra å vera sånn som eg er!   

Dette var Kristoffer si oppleving av å vera aseksuell og aromantisk, men spekteret er stort og opplevelsane vidt forskjellige.

I førre veke las me om «Aisha» som er lei av å ikkje bli trudd når ho fortel om legninga si.

Neste gong skal me møta 18 år gamle «Dina» som liker å føla seg sexy, men som aldri har hatt sex og som ønsker å leva resten av livet som singel.

Tekst: Marit Eide

Illustrasjonar: Janne Helen Ingstad Juliussen

LES MEIR OM SEKSUALITET:

Siste fra P3.no: