Bieber-svindlaren vender heim

Svindeldømte Waleed Ahmed (29) har sete åtte år i amerikansk fengsel. No skal han snart heim til Noreg og be om orsaking.

Telefonen ringer frå eit privat fengsel i Georgia, USA.

– Hallo, sjef, korleis går det?

Stemma til Waleed Ahmed verkar ikkje påverka av opptøyar eller pandemi.

– Det går bra med meg, men spørsmålet er vel heller korleis det går med deg?

– Det går greitt. Eg meiner, det er full nedstenging, og me får ikkje lov til å gå ut i luftegarden eller noko.

Sist eg prata med Waleed fysisk, som ein av dei aller siste i Noreg, var på Grand Café i 2012. Sjølvsikkert sette han seg ved hjørnebordet med store vindauge mot Karl Johans gate. Han bestilte biff, det dyraste på menyen. På bordet la den da 21 år gamle gründeren tilforlateleg eit nøkkelknippe med Porsche-logo på.

Så begynte han å fortelje, om eventyret «Grønt Norge» som skulle ha selt 45.000 solcelleladarar til mobil, om støtta frå daverande næringsminister Trond Giske, middag med kronprinsparet på Skaugum, og venskapet med CNN-sjef Ted Turner og dronning Rania av Jordan, og om Bollywood-filmen som skulle bli laga om han.

Bildet viser Waleed som held opp mobildekselet mot eit lys, for å demonstrere korleis det fungerer, mens han smiler forsiktig inn i kamera.
GRÜNDER: Waleed lurte mange med oppfinninga som ikkje heilt fungerte. Foto: Daniel Eriksen

Waleed fortalde om millionane han hadde tent og at han skulle til å studere ved Stanford i Silicon Valley, verdas nest beste universitet.

Til slutt tok han meg med på ein køyretur i ein Porsche Panamera (til ein verdi av 1,6 millionar kroner). Eg blei overraska over at «Porscha» i det heile tatt eksisterte.

Få dagar etter intervjuet på Grand blei Waleed arrestert av FBI i San Francisco. Han hadde selt falske rettar til ein Justin Bieber-turné til ein investor for om lag éin million dollar. I USA slo ein knallhardt ned på svindel.

– Eg vil beklage

I starten av 2019 begynte Waleed Ahmed og eg å skrive til kvarandre igjen, gjennom eit e-postsystem i fengselet. Han skreiv om korleis han hadde det i fengselet, han skreiv om Heidi Weng og me planla eit nytt intervju – denne gong frå fengsel.

Han var ikkje heilt nøgd med korleis han blei framstilt i P3-dokumentaren «Millionbløffen?», men hadde fått med seg at dokumentaren hadde gjort det bra og vunne fleire prisar (begge delar var meir enn eg hadde fått med meg).

Faksimilien viser eit skjermbilde frå dokumentaren som vart publisert i 2012. Det er eit bilete av Waleeds øvst på sida, og ein avspillar så ein kan høyra podkasten.
MILLIONBLØFF: I 2012 snakka både Waleed og makkeren ut til P3 Dokumentar. Dei hadde to totalt ulike historier. Faksimile: P3.no

Sidan den tid har han bytt fengsel fleire gonger. No sit han i det sjuande fengselet på åtte år. Han reknar med å sleppe ut etter neste sommar. Waleed Ahmed fortel at han no ringer meg fordi han vil be om orsaking til dei han har lurt.

– Eg var ung, eg var dum, og det eg gjorde, var feil. Eg fekk lov til å representere Noreg på verdsnivå med verdseliten, og eg var rett og slett ei skam for Noreg. Det vil eg beklage. Eg vil be om orsaking til blant andre kongefamilien, seier han.

Amerikansk Enebakk

Waleed Ahmed fylte 29 år i slutten av mai. Han har bursdag på same dag som Clint Eastwood og eg. Me tre har gått kvar vår veg i livet. Sidan Waleed var 21 år gamal har han sete fengsla i USA.

Under varetektsfengslinga sende nordmannen nokre e-postar heim til Noreg, med påstandar som blei sette på som truslar, hån og forsøk på å fjerne bevis. Han blei dømd til 11 års fengsel. Smått sensasjonelt var det tre år meir enn den opphavlege påstanden.

– Eg var 20–21 år gamal, tok spontane avgjerder og tenkte ikkje på konsekvensane. Kvar dag ønsker eg å kunne gå tilbake i tid og rette opp feila. Men det går jo ikkje, så eg må berre komme tilbake til Noreg neste år og vise at eg har forandra meg.

Eit skjermbilde frå Google Maps Streetview, av fengselet han sat i då P3 intervjua han.
FOLKSTON, GEORGIA: Det var i dette fengselet Waleed sona i under koronautbruddet og BLM-opptøyene. I haust blei han flytta til eit fengsel Michigan. Skjermdump: Google Maps

I sommar sat han i Folkston, Georgia, på grensa til Florida. Staden omtaler Waleed som eit amerikansk Enebakk. Det er eit privat fengsel, og det er trongt der, ifølge Ahmed.

– Me er 80 innsette på avdelinga mi, som verkar å vere designa for 35 mann. Det er berre 35 stolar her, og dei er det meksikanske innsette som okkuperer.

I juni var sjansen for å ha blitt smitta av covid-19 i amerikanske fengsel 5,5 gonger så høg som resten av befolkninga. Ifølge nordmannen er det fire toalett på avdelinga, der berre to fungerer – og seks dusjar, der berre to funkar. Og dei søv i metallkøyesenger i ein sovesal.

– Det er så tett at du lett kan føle andre sin pust når du søv. Det er ille, altså.

Domino-bråk

Me har ikkje fått kontrollert opplysingane, men forholda har vore spente i amerikanske fengsel under covid-19 og opptøyane mot rasistisk politivald. Når Waleed pratar, kan eg tydeleg høyre støy og roping i bakgrunnen gjennom telefonen. Det er ikkje like dramatisk som det høyrest ut.

– Dei speler domino og kort bak meg. Da blir det alltid hamring på bordet og krangling.

– Kven pleier du å spele med?

– Eg speler litt kort og domino med meksikanarane, men eg får mykje hovudpine når dei skrik og er høglydte. Så eg prøver å unngå det. Men eg må jo slå i hel tida. Eg har verkeleg fått kjenne verdien av tid her.

– Har du alliert deg med nokon i fengselet, for eksempel den europeiske gjengen?

– Nei, det er ingen andre europearar her. Eg er nok med den meksikanske gjengen. Eg har jo lært meg spansk her.

Eg spør om Waleed Ahmed får bruk for det han var så god til før han blei fengsla: Å snakke seg opp og fram blant politikarar og organisasjonstoppar.

Han fekk jo ei norsk-pakistansk utmerking tredd over halsen av Fabian Stang, blei kalla «Noregs Mark Zuckerberg» av Innovasjon Noreg og var på middag med to dronningar og tidlegare FN-sjef Kofi Annan.

Bildet viser et stort gruppebilde, der den norske kongefamilien står lengst framme, og på bakerste rekke står Waleed Ahmed.
TOPPTUNG GJENG: Waleed Ahmed på Skaugum i 2011 saman med den norske kongefamilien, dronning Rania av Jordan, Kofi Annan, CNN-grunnleggar Ted Turner, fredsprisvinnar Muhammad Yunus og Gro Harlem Brundtland. Foto: NTB Scanpix

– Eg fortel ikkje folk i fengselet om kva eg gjorde i Noreg eller kven eg kjente. Men eg bruker nok erfaringane for å snakke med gjengleiarane i fengselet, som det er viktig å ha eit godt forhold til. Eg er jo på avdeling med fetteren til Pablo Escobar [historias største kokainbaron, red. anm.], men det er ikkje folk eg ønsker å assosiere meg med når eg kjem heim til Noreg.

– Fetteren til Pablo Escobar? Er det heilt sant?

– Det er det. Han er i mi avdeling.

– Kva pratar du med han om?

– Livserfaringar og kva han har gått gjennom. Det er interessant å høyre historiene om korleis familien hans hadde den kolombianske staten i lomma si.

– Kva heiter han?

– Luis Galeano Escobar.

– Kva sit han inne for?

– Kokain. Frakt av kokain.

– Bombe.

Den mest kjende fetteren til Pablo Escobar, Gustavo Gaviria, blei drepen i 1990, men kokainbaronen hadde 7-8 onklar og tanter. Eit søk på locatorinmate.com viser at det sit ein Luis Galeano Escobar i fengselet i Folkston, Georgia.

Meiner han blei pressa for pengar

Den første tida i fengselet var klart tøffast for Ahmed. Han satt i varetekt i nesten to år, med høgrisikofangar og blant anna fleire drapsmenn. Under varetekta hevdar nordmannen å ha blitt pressa for pengar.

– Hadde du pengar i fengselet?

– Familien min sender pengar gjennom Western Union, til å kjøpe ringeminutt og hygieneartiklar. Da pressa fleire meg til å sette pengar inn på kontoane deira. Vaktene brydde seg ikkje. Snart begynte eg å tenke på å ta livet mitt og blei sett i isolasjon.

Ingen telefonar. Ingen radio. Ingen teppe eller anna på rommet. Ingen å prate med. Berre han sjølv.

– Det var ei forferdeleg oppleving. Eg tenkte på familien min, på at livet var slutt. Eg drøymde tilbake til da eg var fri og var i middagar med kongen eller kronprinsen. No var eg nedst av dei nedste.

Strikka lue til Heidi Weng

Men fengselsopphaldet har ikkje berre vore negativt. Waleed Ahmed har nemleg lært seg å strikke.

– For to år sidan strikka eg ei lue av babyalpakka. Den var med initialane HW, for Heidi Weng.

På ungdomsskulen gjekk han nemleg i klasse med den firedoble verdsmeisteren i langrenn. I amerikanske fengsel er det dårlege kår for å sjå vintersport.

– Da me var unge, drøymde eg om å få sett henne i OL, men no får eg diverre berre lese litt om prestasjonane hennar i amerikanske aviser.

Lua blei sendt i posten. Det gjenstår å sjå om den dukkar opp i eit verdscuprenn.

– Ingen veg tilbake

Ein bør kanskje ta ein del av det Waleed seier, med ei lita bøtte salt. Da eg intervjua han for åtte år sidan, hevda han å ha tent 6 millionar kroner på solcelleladarar til mobiltelefonar.

Ideen til prosjektet skulle han og kameraten frå Enebakk ha fått på ei strand i Dubai. Men da eg intervjua kameraten, fortalde han at ideen hadde oppstått ein heilt annan stad: På McDonalds på Ski storsenter.

Firmaet i Kuwait som skulle ha bestilt 45.000 solcelleladarar, kunne fortelje at dei berre hadde bestilt 1000. Ahmed hadde ikkje tent 6 millionar. Det var oppspinn, sjølv om han køyrde rundt i ein Porsche Panamera i august 2012.

Bildet viser ein faksimilie av ein nettartikkel frå E24 i 2011, med eit bilde av gründerane som latar som om ein snakkar i telefonen, mens dei smiler til kamera.
MEDIEYNDLINGAR: Gründerduoen fekk mange positive medieoppslag, før bløffen til Ahmed vart avslørt. Faksimile: E24.no

– På kva tidspunkt innsåg du at Grønt Norge gjekk frå å vere eit feitt gründerprosjekt til lureri?

– Det var nok da media begynte å skrive veldig mykje. Da tenkte eg «OK, no er det ingen veg tilbake, no må eg berre gå vidare med det.»

– Kva tenkte du konsekvensane ville bli?

– At media kunne avsløre meg. Da eg blei avslørt, fekk eg veldig mange hatbrev, og mange blei veldig anti-Waleed.

– Var det eit element av kor langt du kunne dra forteljingane til media?

– Ja, det kan du nok seie.

– Det klarte du veldig bra, da.

– Ja, eg var 18 år, og det var heilt vilt.

Medieyndling

I 2010 og 2011 hadde norsk presse 78 oppslag om Waleed Ahmed og suksessen Grønt Norge.

Bildet er ein faksimile frå eit inslag i God morgen Norge, der Waleed sit saman med Trond Giske.
STØTTESPELAR: Daverande næringsminister Trond Giske var ein av dei som heia fram Waleed Ahmed. Her i God morgen Norge. Faksimile: TV 2

Men i mai 2012 avslørte Dagens IT at Grønt Norge var eit flettverk av løgner og oppdikta kontraktar. Waleed Ahmed svarte offensivt, blant anna med dette sitatet: «Det einaste eg veit, er at eg har tent pengar og kan kjøpe meg ein Porsche.»

Da eg intervjua han i august 2012, innrømte han til slutt at ladarane ikkje heilt fungerte, samtidig som han svarte: «Men hey, me har jo berre selt dei.»

– Hadde du ein plan med det heile?

– Tja, eg tenkte vel at produktet vårt ville ordne seg og at me skulle lande kontraktar. Men eg tenkte veldig kortsiktig på den tida. Da media avslørte meg, ville eg berre forsvinne frå Noreg og flytte til England. Telefonen min blei fylt av negative meldingar.

Lånte pengar

Mange vil nok skrive under på at ein som 18-åring ikkje var like opptatt av konsekvensar. Og ein del har nok vikla seg inn i halvsanningar som har vore vanskelege å komme seg ut av. Men for dei fleste har det heldigvis ikkje betydd eit tiår i fengsel.

– Korleis følte du det da du var vikla inn i Grønt Norge-lureriet ditt?

– For meg kjentest det som den ekte verda. Eg ville berre nyte augeblikka. Eg var 18 år, og det er ikkje mange 18-åringar som har fått oppleve det eg gjorde. Venene mine var ute og festa og gledde seg til russetida, medan eg fekk møte Trond Giske og åt middagar på Skaugum.

– Kva var historia bak den Porscha til 1,6 millionar som du viste meg?

– Eg trur heile Noreg kjenner den historia, men eg kan ikkje seie noko om det.

– Eg trur ikkje heile Noreg kjenner den historia. Var det lånte pengar som var greia?

– Ja.

Bortkasta liv

Ei rettsavgjerd i Follo tingrett viser at Waleed Ahmed fekk ein sveitsisk investor til å gi han eit lån på 600.000 dollar til eit dataprosjekt. Dette var eit halvt år før han blei pågripe for Bieber-svindelen. Lånet blei ikkje tilbakebetalt, og gjekk til retten.
Her heime ventar òg ei tiltale for grovt bedrageri og falsk politimelding, etter at han hevda at den nye BMW-en hans var stolen.

Økokrim opplyser at dei har beslaglagt nesten 3,8 millionar kroner frå Ahmed, i tillegg til Porscha, som er verdt rundt 1,6 millionar kroner.

Geir Kavli ved Økokrim fortel at dei andre sakene er lagt til sides, fram til Waleed Ahmed kjem tilbake til Noreg.

Verken Økokrim, Ahmed sjølv eller advokaten hans vil spekulere i kva som skjer med sakene når han kjem heim.
Den fornærma sveitsaren har heller ingen kommentar.

Bildet viser eit bilete i eit fotoalbum frå då Waleed var yngre. Han står framfor ein foss, og smilar beskjedent inn i kamera.
EIN GLAD GUT: 20-åra tok ikkje den vendinga familien til Waleed hadde sett for seg at livet hans skulle bli. Foto: Privat

Men Waleed Ahmed har eit svar på kvifor han vikla seg inn i fleire svindelsaker på same tid.

– Bieber-svindelen var nok eit forsøk på å komme ut av trøbbelet etter Grønt Norge-avsløringa. Men hey!

Her forsvinn stemma til Waleed litt før, han gjentek at han har lært mykje av feila sine, var ung, at han fekk 11 år straff og at han i over åtte år har sete og tenkt på feila sine. Han vil ikkje snakke særleg om Bieber-svindelen, og det er greitt. Moralen her er jo enkel.

– Du fekk elleve år – kva synest du om dommen?

– Det eg gjorde, var feil. Å ta andre sine pengar, var feil, og det beklagar eg. Elleve år for kvitsnippbrotsverk er veldig mykje. Det eg gjorde, var veldig feil. Men elleve år – det er sjukt.

Heile 20-åra, den gylne tida for pliktlaus moro, vil Waleed Ahmed ha heldt til i amerikanske fengsel. Som han sjølv uttrykker det: «Waste of life.»

 

Kongefamiliens nettverk

Det ligg an til at Waleed Ahmed blir lauslaten om eitt år. Da planlegg han å reise rundt i Noreg og «ordne opp i rotet han skapte», samtidig som han vil halde føredrag om å ta dumme avgjerder som får store konsekvensar.

– Kor stor interesse trur du det er for historia di i dag?

– Det er stor interesse i USA og verda rundt. Eg har blitt kontakta av Hollywood Reporter, eit av dei største underhaldningsmagasina i USA. Eg liker sjølvsagt ikkje historia mi, men når du ser henne utanfrå, tenker folk at det er ei inspirerande historie, om 18-åringen som kom inn i kongefamiliens nettverk.

Sjølv om han ikkje liker historia, byr han på den i intervju og ein kommande dokumentarfilm, «Stol på meg», av Emil Trier.

– Har du ein strategi for å halde deg på matta?

– Eg har ikkje tenkt så langt. Tida vil vise.

– Kva håper du på?

– At Noreg gir meg ein sjanse til. Eg veit at eg ikkje fortener det, men eg har ikkje lyst til å leve eit liv i lureri. Som foreldra og søskena mine alltid seier: No har du veldig lite tid igjen, og du må leve eit ærleg liv når du kjem tilbake.

– Det finnast ingen bilete av deg etter 2012? 

– Nope, ingen bilete av meg frå 20-åra mine. Men som dei seier: 30 is the new 20.

Ringeminuttene våre er ute. Ei automatisk stemme seier noko slikt som: «Thank you for using TCL.» Waleed blir ført tilbake til dei dominospelande meksikanarane.

LES MEIR: