Bli med P3 på Bylarm

P3 startar by:Larm med Christine Live frå Kulturhuset og tek så over Sentrum Scene for å kåre Årets Urørt 2016.

Festivalen og musikkonferansen Bylarm vert i år arrangert frå 2. – 5. mars med mange foredrag og artistar spreidd utover Oslo sine mange konsertlokale. NRK P3 er som vanleg på plass og inviterer deg til å ta del i opplevinga.

Stem på din Urørtfavoritt

Urørtfinalen laurdag 5. mars på by:Larm
Urørtfinalen laurdag 5. mars på by:Larm

Urørtfinalen feirar 15 år og er tilbake i Oslo under Bylarm og laurdag 5. mars blir det festivalfinale på NRK P3 Sentrum Scene. Der skal me hylle nokon av dei mest spanande, nye artistane og banda Noreg har å by på og kåre Årets Urørt.

Til no har 10 nominerte blitt til fem, men det er berre plass til tre finalistar som får stå på scenen på laurdag for å kjempe om tittelen Årets Urørt 2016. Kven vinnaren blir er opp til deg.

Her kan du stemme fra dine favorittar.

Fredag 4. mars vert dei tre finalistane avslørt på lufta i Christine live frå Kulturhuset.

Få med deg Urørtfinalen

I år kan du følge Urørtfinalen direkte på radio og i sosiale medium frå kl 20:00, då finalen startar.

Før det varmar me opp med Urørtvorspiel når National Rap Show tek over NRK P3 Sentrum Scene frå kl 19:00.

Før konfettien har lagt seg spelar vinnaren konsert frå kl. 22:00, og feiringa fortset utover kvelden når Gundelach, Kaveh og Izabell entrar scenen.

Alle med pass til Bylarm kan ta del i feiringa (så lenge det er plass), så følg med på P3 dei neste dagane for å vinne festivalpass!

Som oppvarming til sjølve Urørtfinalen kan du sjå alle dei ti nominerte spele på ulike scener i Oslo under Bylarm.

ONSDAG

20:00
LÉONNE
Pokalen
20:30
OVER THE TREES
Vulkan Arena
22:00
21:30
CEZINANDO
Vulkan Arena
23:30

TORSDAG

20:00
FASIT
NRK P3 Sentrum Scene
21:00
ÁGY
NRK P3 Sentrum Scene
22:00
IDA STEIN
NRK P3 Sentrum Scene
23:00
DEPRESNO
John Dee
00:00
FRANCES WAVE
NRK P3 Sentrum Scene

LAURDAG

19:00
URØRTVORSPIEL MED NATIONAL RAP SHOW
NRK P3 Sentrum Scene
20:00
URØRTFINALEN 2016 + OVERRASKELSE!
NRK P3 Sentrum Scene
22:00
VINNAREN AV URØRTFINALEN 2016
NRK P3 Sentrum Scene
23:00
GUNDELACH
NRK P3 Sentrum Scene
00:00
KAVEH
NRK P3 Sentrum Scene
01:00
IZABELL
NRK P3 Sentrum Scene

Her finn du det fullstendige Bylarm-programmet.

Christine live frå Youngstorget

... og det samme er Christine. Foto: Tom Øverlie, NRK P3 Christine sendar live frå Kulturhuset på Youngstorget. Foto: Tom Øverlie

Under Bylarm flytter Christine Dancke som vanleg sitt musikkprogram på P3 frå Marienlyst til Kulturhuset på Youngstorget. Frå torsdag til laurdag er programmet fylt med mykje livemusikk, overraskande coverlåtar og morosame samtaler med både norske og internasjonale artistar.

Alt er gratis og du som lyttar er hjarteleg velkommen. Du kan også høyre sendinga direkte på P3.

TORSDAG

13-15
13-15

FREDAG

13-15
13-15
13-15

LAURDAG

14-16
14-16
14-16