Bli med på P3morgens julefrukost!

Tradisjonen tru avsluttar P3morgen haustsesongen med direktesendt julefrukost frå NRK sitt Store Studio. Meld deg på her!

For fjerde år på rad ønskjer P3morgen velkommen til julefrukost i hovudstaden. Fredag 19. desember frå 06:00 til 09:00 blir der frukost, radio og livemusikk i NRK Store Studio.

Emilie Nicolas, som står bak årets nest beste norske album, spelar live. Det ryktast òg at Markus har overtalt Oral Bee til å lage julelåt saman med han.
Vil du vere med? Meld deg på her:

Silje med fast julegenser

– Eg gler meg skikkeleg! Det kjem til å bli fantastisk morsomt. Og tradisjonen tru kjem det til å markere starten på jula sånn skikkeleg, seier Silje som òg i år skal ikle seg sin faste julegenser.

– Det var jo eit svære strev i fjor, då Erik Solbakken og Hasse Hope hadde tjuvlånt genseren min til bruk i Karl Johan sin julespesial. I år har eg tatt grep og gøymd den unna på kontoret.

Siljes dyrebare julegenser. (Foto: Tom Øverlie, NRKP3)
Siljes dyrebare julegenser. (Foto: Tom Øverlie, NRKP3)

Varm opp med gamle høgdepunkt

Dette er fjerde gongen P3morgen arrangerer julefrukost. Varm opp til julete morgonstemnning den 19. med nokre videogodbitar frå tidlegare år.

I fjor sang Honningbarna «Deilig er jorden» acapella!

Matilda leverte ein fantastisk versjon av Coldplay sin «Christmas Lights»

Under julefrukosten i 2011 måtte Live Nelvik halde juleshow. Det vart smått grisete.

For to år sidan covra Kid Astray «Driving Home for Christmas»

På den aller fyrste julefrukosten spelte LidoLido (no Lido) ein heilt nydeleg cover.

Medan P3morgens eige Rednex-coverband i 2012 spelte «Cotton Eye Joe»

Same år måtte Ronny tvangsparodiere Mette-Marit

Den STORE gløggleiken 2012

Eva & The Heartmaker med sin fantastiske «Maybe This Christmas»-cover.

I fjor tapte Live mot Silje i Ronny sin førjulsqiuz, og måtte framføre ein sang på sitt barndoms instrument; piano!