Braut med plateselskapet

Urørtbandet ”Children and Corpse playing in the Streets” braut med plateselskapet Big Heart Records og blei trua med politianmeldelse.

Denne saken er redigert 15.12.11

Children and Corpse Playing in the Streets
Urørtbandet ”Children and Corpse playing in the Streets” braut med plateselskapet Big Heart Records.

Blei ikkje einige om platecover

Alt såg ut til å gå i ”Children…”sin retning. I vår blei dei Ukas Urørt med låta «France» . Ikkje lenge etterpå kom låta «The Greatest Thrill» med i Varg Veum-filmen «Falne Engler» . Debutplata ”Honey, I’m Home” var tilsynelatande i trykken. Men i juni i år sender Marit og Inga-Lill ut følgjande pressemelding:

«Big Heart Records bestemte seg i går for å kaste de opptrykte platene, istede for å gi de ut, da bandet ikke ville gå med på å bruke det nye coveret selskaptet i all hemmelighet hadde trykt opp. Vi er ikke et band som lar seg styre av selskapet på den måten og vil ikke lenger bli forbundet med Big Heat Records og selskapets holdninger og respektløse oppførsel.»

I følge bandet hadde altså sjefen for selskapet, Ali Parandian, i all hemmelegheit endra design på coveret og sendt ut plata til presse og radiostasjonar. Ingen i bandet fekk verken sjå eller høyre plata før den blei sendt ut.

– Det såg ikkje ut, seier bandmedlem Marit Harnes. Coveret var særleg viktig for oss og saman med designar og Ali diskuterte vi fram og tilbake før vi kom fram til eit resultat som alle tålte. Men då plata kom ut, hadde altså Ali Parandian endra coveret likevel, seier Marit til P3nett.

Samarbeidet skurra lenge

Bandet fortel at samarbeidet gjekk trått frå starten av og at det lenge før coverdiskusjonane hadde skurra mellom band og selskap.

– Han var vanskeleg å få tak i, fortel Marit. Det kunne gå månader utan at vi høyrte noko som helst frå han. I arbeidet opp mot det som skulle vere plateslepp gjorde vi all promo sjølv. Vi levde i konstant uvisse om plata ville bli ferdig til releasedatoen.

Men korfor skreiv de aldri kontrakt med Big Heart Records?

– Når vi endeleg fekk bestemt eit tidspunkt for å skrive kontrakt, fordufta han rett før vi skulle signere. Så høyrte vi ikkje frå han på fleire månader. Det hadde vert heilt forjævlig å sitte på den kontrakten i dag, så takk Gud for det, seier bandet til P3nett.

Men viss det var kommunikasjonsproblem frå starten av, korfor braut de ikkje med selskapet før?

– Vi elska opptaka og ville gjere alt for å dra dette i land, seier bandet. Han foreslo å selje oss opptaka, men det blei alt for dyrt for oss, ler Marit som har innsett at ho må sjå litt humoristisk på heile greia.

Barnslig!

Big Heart Recordssjefen Ali Parandian, syns det er utruleg barnslig at ”Children…” lagar ei så stor sak ut av litt coverkrøll. Noko han meiner er ein misforståelse.

– Ja, vi var uenige om korleis layouten på coveret skulle vere, seier Ali. Men han meiner bandet var fullstendig klar over korleis omslaget skulle bli, og at han på ingen måte endra det i hemmeligheit.

Men syns du ikkje det er litt drøyt å ikkje skrive kontrakt med eit band du har jobba for i over eit år?

– Jo, det er klart, å skrive kontrakt er kjempeviktig. Og at det har vert mykje fram og tilbake stemmer. Eg har gjort ein del feil som eg har lært av, seier Ali om samarbeidet med ”Children…”.

Ali driv Big Heart Records aleine og kom også inn på Filmskulen på Lillehammer rett etter at han starta plateselskapet. Då blei det vanskelegare å følgje opp bandet, forklarar han.

Du politianmeldte også ”Children…” i juni i år. Korfor det?

– Dei brukte musikk som eg har rettigheter på til å legge ut på Urørt og MySpace. Eg har så å seie jobba gratis for dei i eitt år og når dei bryt med plateselskapet vil eg ikkje at dei skal bruke det til eigenpromotering.

Men ettersom du aldri skreiv kontrakt med bandet, korleis kan du krevje at du eig deira musikk?

– Vi hadde ein munntleg avtale, det er like bindande, seier Ali som no vil legge alt bak seg og komme seg vidare.

På Big Heart Records sine heimesider låg det i lang tid etter brotet ute informasjon og at «Children…» si debutplate var til sals. Artikkelen blei ikkje fjerna før P3nett gjorde Big Heart Records oppmerksame på det.

I gang med ny plate

«Children…» og Big Heart Records har ikkje hatt kontakt sidan brotet. Marit og Inga-Lill sit igjen med berre eit eksemplar av plata som aldri blei noko av. Begge understreker at det er viktig å snakke om dette, for det er ikkje berre dei som har vert utsett for uproffe små selskap.

– Mange som har hatt liknande erfaringar har gitt opp å satse på musikk ettersom alt arbeidet deira blei tråkka på og respektlaust behandla.

Sjølv har dei ikkje gitt seg, og er i gang med å spele inn plata på nytt. Denne gangen samarbeidear dei med Sister Rain-medlem Eystein Hopland og Spend Less Studio.