Cezinando trudde han blei lurt: – Dei ringde frå Hollywood

Kristoffer «Cezinando» Karlsen (24) avslører at Hollywood ringde og ville ha han til å prøvefilme for ei rolle.

– Dei ringde frå Hollywood. Eg trudde det var ein vits, men så var det ein kjent regissør som skulle lage film.

Kristoffer «Cezinando» Karlsen (24) er gjest hos «Christine» på P3 der han snakkar om den nye plata «Et godt stup i et grunt vann».

Dama som jobba med casting i Hollywood ville at Cezinando skulle sende inn ein video av seg sjølv så ho kunne vurdere han til ei rolle i ein film. Ho hadde mellom anna jobba for «Game of Thrones» og Cezinando lét seg smigre.

– Eg har ein idé om meg sjølv at eg ikkje har store ambisjonar om å bli meir offentleg enn det eg er no, men her møtte eg meg sjølv i døra.

Han ville vise kva han var god for. Han fiksa håret, fekk med ein kompis han kunne spele mot og sende av garde filmen.

– Eg høyrde aldri noko igjen. Eg trur ikkje dei blei så veldig imponerte, ler han.

Skulle ønske han hadde søsken

På spørsmål om korleis det kjennest å vere ute med ny musikk svarar Cezinando:

– Heilt overlegent kjempebra. Eg har prøvd å ikkje bygge opp forventingane for mykje, men eg håpar at folk kjenner på eit kreativt overskot.

Ein anna ting Cezinando har tenkt på og skrive om i låten «Kristoffer Robin» på den nye plata, er at han er einebarn.

– Eg har reflektert ganske mykje over at det hadde vore fint å ha søsken. Med ein gang ein deler noko så stort som foreldre med nokon, er ein mykje mindre aleine i verda.

Alltid har jeg ønsket meg en bror
eller en søster fra min mor
eller kanskje egentlig fra min far
En i samme båt som kan hjelpe meg å ro

– At ein kan hugse den same kjipe ferien til Kreta, alle dei tinga der.

NY SVEIS: Cezinando seier til Christine Dancke at han let håret gro når han er på eit god stad i livet. Foto: Karoline Finnema

Cezinando er for det meste oppvaksen opp med mor si, og som einebarn er det ikkje så mange å dele minner og bakgrunn med.

– Det er utruleg fascinerande å tenke på ein familiedynamikk med fleire søsken. At du til dømes har ei søster som er meir nær mor di enn det du er. Eller kanskje du er nærmare bror din enn du er søstra di.

– Alt det der synast eg er så rart.

Vil at songane skal tale for seg sjølv

Cezinando var 22 år då han kom ut med plata «Noen gonger andre». Det tok fullstendig av med «Perfekt» og «Håper du har plass». Han vann P3 Gull og Spellemann.

På den nye plata er han innom eit spekter av følelsar. Aftenposten kallar plata unik og vakker, nettstaden Subjekt seier den er eit meisterverk.

Cezinando får mykje ros for tekstane han skriv, men han likar ikkje å snakke inngåande om dei.

– Eg er ikkje så interessert i å seie så mykje meir enn det eg seier i låten, men eg prøver, ler han. 

FORVENTING: Det er to år sidan Cezinando gav ut plate, no er han tilbake med «Et godt stup i et grunt vann» Foto: Maria Pasenau/PRESSEBILDE

Blitt meir moden

I starten av karrieren følte Cezinando at han ikkje var i takt med suksessen han hadde. Konsertar blei flytta frå små til større scener. Men han hadde ikkje pengar til å hyre inn musikarar som kunne vere med han på scena og gi folk det lydbilete som var forventa.

– Alle vil ha album-Cezinando, men eg hadde berre råd til ein DJ. Eg låg heile tida eitt steg bak.

Sidan sist har han brukt tida til å hente seg inn igjen og rette opp i utakta han kjente på som artist.

– Eg har blitt meir moden, meir sikker på meg sjølv og kven eg er.