Christine live: Daniel Kvammen

Høyr artisten som fekk både Ronny frå P3morgen og produsenten til Christine til å ta til tårene.

Daniel Kvammen seier han har førebilete som Neil Young, Bob Hund og Stein Torleif Bjella. Det er ein herleg miks som ein lett kan høyre har inspirert den sympatiske karen frå Geilo musikalsk.

Torsdag tok 26-åringen med seg ein liten gjeng musikarar og kom på besøk til radiostudioet til Christine.

Høyr heile intervjuet med begge live-opptrendenane her!

Musikk som skaper reaksjonar

«Helt nydelig! Min norske favorittartist. 10 x <3» skreiv Taxi-Kevin i ein SMS til Christine under framføringa.

«Er helt på gråten. Frysninger over hele kroppen! Ikke annet å si om den saken. Tusen takk, Daniel.», skreiv 19 år gamle Kari.

– Det blir ikkje mykje hyggelegare enn dette, seier Christine til ein tydeleg brydd Kvammen.

– Dette er hipp bygdemusikk, smiler ho.

Det er ei beskriving som Daniel Kvammen kanskje ikkje heilt vil godta. Han trur den kommande plata hannar vil utfordre folk på kva bygdemusikk skal vere.

– Eg og produsenten bestemte oss for å lage musikk som er midt i mellom Ring 1 i Oslo og Geilo, svarar Kvammen.

Det er tydelegvis musikk som treffer mange. Ronny frå P3morgen tok til tårene då han spelte av Kvammens musikk under sendinga si.

(Artikkelen held fram under biletet)

Daniel Kvammen spelar live hos Christine. Foto: Gard Brox Jensen, NRK P3
Daniel Kvammen spelar live hos Christine på NRK P3. (Foto: Gard Brox Jensen, NRK P3)

Nicki Minaj-cover

I tillegg til si eiga låt vart Kvammen utfordra til å framføre ei coverlåt. Då valde han, overraskande for mange, Nicki Minaj sin «Bed of Lies».

– Eg har gjort akkurat som eg vil med den låta her. Den er ikkje så swag lenger. Den er litt sånn bygde-swag, ler Kvammen.

– Eg trur du har ein liten fordel med den Geilo-dialekta di. Alle ord ender jo med a, seier Christine.

(Artikkelen held fram under videoen)

http://youtu.be/oi532jSp5Ig

Produsenten til Christine, Ida, hadde ikkje moglegheit til å halde tårene tilbake då Kvammen framførte sin versjon av Bed of Lies i studio.

Etter å ha fått to i P3-redaksjonen til å gråte av dei nydelege framføringane sine, tar Kvammen med seg gitaren sin vidare ut i landet. Du har sjølv moglegheit til å oppleve han live på blant anna John Dee i Oslo den 17. april.