Då Einar skulle ha sex for fyrste gong, gjekk ikkje alt etter planen

Helsesjukepleiar meiner at porno kan gje unge urealistiske forventingar til sex.

– Eg hadde sett masse på porno, og trudde at eg var mentalt klar til å ha sex. Men når du skal ha sex for fyrste gong, er det ikkje slik som i porno – det fekk eg erfara.

Dette fortel Einar i P3-podkasten «Min første gang». Han ler litt før han fortel om korleis det gjekk då han skulle debutera som 16-åring.

Møter ein frå nettet

– Eg kjente på eit veldig behov for å ha sex, fordi eg følte at alle andre rundt meg hadde hatt sex.

Men akkurat korleis sex føregår er ikkje lett å vita før ein har opplevd det eller får snakka med nokon om det. For Einar vart pornofilmar ei slags bruksrettleiing.

– Det var ingen som hadde prata med meg om homosex. Korleis har ein analsex liksom?

Einar chatta ei god stund med ein gut han hadde møtt nettet. La oss kalla han for «Sivert». Dei budde i forskjellige byar, så då Einar endeleg fekk anledning til å møta Sivert i Oslo tok han sjansen.

Han hoppa av ferien med familien, og fortalde dei at han skulle på besøk til ei venninna.

– Eg visste på førehand at han ikkje var ein 60 år gamal mann for eg hadde sett bilde av han, og me hadde prata mykje på telefonen før me møtte kvarandre.

Einar møtte han heilt aleine, noko han i ettertid tenker kanskje ikkje var så lurt.

– Det kunne jo ha gått heilt skeis, for eg tenkte ikkje på at eg faktisk skulle møta ein heilt framand mann i Oslo. Heilt aleine som sekstenåring. Eg hadde ikkje pengar, ingen vennar, ingen familie i byen.

Får prestasjonsangst

Dei skulle møtast ved Slottsparken. Einar sat spent og venta, og til slutt kom Sivert tuslande. Dei helsar nervøst, før dei går ein tur for å bli litt betre kjend.

– Me hadde veldig god kjemi, så me enda opp heime hjå han.

Leilegheita på Bygdøy var ca. 50 kvadratmeter stor, med kvite veggar. Den hadde eit sterkt hybelpreg.

– Det å få vera i ein ekte Oslo-leilegheit med ein ekte Oslo-mann var dødsspanande og skikkeleg kult!

Sivert var nokre år eldre. Det er tydeleg at han hadde meir erfaring enn Einar, som berre var 16 år gammal.

– Eg var veldig nervøs. Det var forventingar om at noko meir skulle skje, så eg kjende vel på ein slags prestasjonsangst.

– Det var så intenst vondt at eg hoppa opp

Einar hadde kyssa andre gutar før, men han hadde ikkje gjort så mykje meir. Einaste referansane han hadde til sex, var frå porno.

– Eg tenkte at eg måtte prøva å gjera slik som dei gjorde der, men då det kom til oralsex vart eg usikker. Eg måtte så klart prøva meg litt fram, og eg fekk det ikkje heilt til. Eg skjøna ikkje heilt kva eg skulle gjera, seier Einar.

Sivert rettleia han, men sa samstundes at Einar ikkje trong å gjera noko han ikkje vil. Om Einar ville stoppe når som helst, var det greitt.

– Det var tryggande, så eg greidde å slappa meir av. Men så var det jo slik at eg ville gjera alt på ein gong, så eg ville ha analsex. Eg skjønte jo ikkje korleis ein gjorde det, men hadde sett på porno at det var berre å setja seg rett nedpå. Det anbefaler eg ingen å gjera, fortel Einar og ler.

Sivert skjøna ikkje kva som var i ferd med å skje då Einar, utan noko varsling, sat seg rett ned på han.

– Penisen hans kom inni meg, men sidan det var så intenst vondt, hoppa eg opp derifrå. Eg vart liggande i fosterstilling og eg begynte nesten å gråte, for eg vart jo så flau òg.

Porno var læreboka

Einar fekk så vondt at han var redd for at han hadde skada seg, men Sivert trøysta han om at det hadde nok ikkje skjedd noko alvorleg.

– Eg trur Sivert reagerte med å bli litt overraska, for han hadde ikkje skjønt at eg var så uerfaren som det eg var. Det var ingen som hadde prata med meg om homosex.

Einar skjønte no at filmane han såg på nett, ikkje var ein fasit på korleis ein hadde sex i verkelegheita.

– Dette var absolutt ein referanse frå porno. Folk ser ikkje at ein faktisk må førebu seg dersom ein skal ha analsex, eller det med kommunikasjon – at ein må prata saman. Me lærer jo ikkje slike ting av å sjå på porno.

Dette er «Helsebror» Per Arthur Andersen einig i. Han er helsesjukepleiar på Helsestasjon for gutar på Frogner i Oslo.

– Porno kan skapa svært skeive forventingar til kva sex går ut på. Ein får ei feil oppfatning av korleis sex fungerar, korleis dei ulike partane skal oppføre seg og korleis ein skal sjå ut. Det er ei vranglære i det.

Noko positivt med porno

At unge bruker porno som ei rettesnor til korleis ein skal begje seg ut i den seksuelle verda, er ikkje Andersen i tvil om.

– Dei fleste barn og ungdom eg har snakka med om porno, seier at porno er den største kjelda til seksuell opplysning. Dei bruker det som undervisning og lærdom.

PORNOBRUK BLANT UNGE: Per Arthur Andersen, kjend som «Helsebror», meiner at porno har både positive og negative sider. Foto: Kaja Marie Andreassen

Andersen meiner også at noko av lærdommen som kjem frå porno kan vera bra.

– Ein kan utforska si eiga seksualitet i pornografiens verd. Ein kan læra å kjenna seg sjølv og si eiga tilfredsstilling. Det kan òg bidra til eit godt sexliv med ein framtidig partnar.

Men ikkje alt er positivt.

– Det negative er dersom ein ikkje har eit klart skilje mellom kva som er tenning på PC og kva som er tenning saman med andre. Det kan skapa negative oppfatningar for dei som ikkje har ei forståing for at porno er eit spel, og at det ikkje er realitet i det.

Unge kan ha urealistiske forventingar til sex

Både jenter og gutar kan føla på eit press til å prestera på same nivå som pornoskodespelarane.

– Eg har prata med mange jenter som har vore kjempefrustrert over kva forventingar gutane har til dei, på bakgrunn av kva dei ser i porno.

– På motsett side ser me at det er ei auka bruk av potenspiller blant gutar. Nokre former for porno kan skapa eit bilde av at ereksjonen skal vara i timevis, og når det ikkje skjer kan nokon føla seg unormale.

Seksualundervisning kan bidra til å gje unge eit meir realistisk syn på sex, men «Helsebror» meiner at læreplanen i seksualundervisninga er for dårleg slik som den er no.

– Dei flest ungdom får berre ein til tre timar seksualundervisning totalt i livet sitt, så det er ikkje rart at feilinformasjonen frå porno får større plass i forventingane til sex! Eg synest seksualundervisninga er forferdeleg.

Andersen legg vekt på at det er mange som jobbar hardt for at barn og unge skal få ei god seksualundervisning, men at den totalt sett er for dårleg.

– Unge treng nokon som kan gje dei ein tryggleik om at den fyrste du skal ha sex med bør vera nokon som du er trygg på og at det skal vera eit godt kommunikasjonsgrunnlag, slik at begge to skal føla seg trygge. Dei fleste har jo ikkje nokon å snakka med dette om.

Lo saman av situasjonen

Det var kanskje mangel på kommunikasjon som gjorde at Einar tok eit forhasta val då han fyrst skulle mista jomfrudommen, men etter det vonde uhellet avbraut Sivert og Einar heile seansen. Einar hadde ikkje lyst til å ha sex lenger, men han blei att i leilegheita – og det var god kommunikasjon som redda dagen.

– Me prata og lo litt av heile situasjonen. Det hjelpte så utruleg mykje på den flauheita som eg kjende på. Her skulle eg liksom vera så god på noko som eg aldri hadde gjort før.

Det vart ikkje meir analsex denne dagen, men det vart starten på noko anna.

– Han enda og opp som kjærasten min, og me var saman i fire år. Det tok ei lita stund før me prøvde oss på analsex igjen, men me gjorde masse anna. Det er så mykje anna digg ein kan gjera!

Fant porno på forum for barn

Einar hugsar godt si fyrste oppleving med porno, som i ettertid spela ei viktig rolle i korleis han fann seksualiteten sin, og korleis han såg på sex.

– Mi fyrste erfaring med porno var inne på ei sida for barn. Det var mykje porno og andre ting som barn eigentleg ikkje skulle komma over på det forumet. Det var då eg vart bevisst på at ein kunne bruka internett til å finna sånne ting.

Ifølgje «Helsebror» Andersen er barn og unge 200 prosent meir utsett for seksualisert innhald enn dei var på 1970-talet. Med internettet har tilgangen på porno og seksualisert innhald auka kraftig.

– Ein treng ikkje gå inn på ei pornoside ein gong for å finna porno. Deling av seksualisert materiale skjer på sosiale medium.

Andersen har prata med barn ned i sjuårsalderen som har sett på porno.

– Barn får ofte tilgang til nettet når dei er om lag fire år gamle, og interessa for nakne kroppar er der frå barndommen av. Dersom barnet er på nettet er avstanden til porno veldig kort. Dei fleste begynner gjerne å nytta seg aktivt av porno i 11–13 årsalderen.

I Noreg har debutalderen vore stabil i fleire tiår. I følgje Bufir.no debuterer jenter seksuelt når dei er om lag 16,7 år, og for gutar er alderen om lag 17,9 år.

Pornovanar i endring: Vil ha meir naturlege kroppar

Men kva type porno unge ser på kan sjå ut til å vera i endring.

– Ein studie frå Australia peika på at mange unge sa at den unaturlege verda i porno appellera ikkje lenger. Ein søker heller etter amatørporno, der ein ser vanlege menneske som deler videoar. No er det ikkje berre dei mest perfekte kroppane som skildrast i filmane.

Til alle unge som ser på porno har Andersen eit par gode råd.

– Porno funkar når du er aleine, men det førebur deg ikkje til noko. Du kan ikkje forventa at du blir flink til å ha sex av å sjå på porno – og du kan ikkje forventa at du kan ta med deg det du ser i porno over i di eiga seng, utan eit godt grunnlag for kommunikasjon og litt research. 

Andersen har og eit godt råd til alle foreldre der ute.

– Snakk med barna om porno og sex. Foreldre har eit kjempeansvar og mogelegheit for å gjera barna sine seksuelt trygge. Porno vil aldri forsvinne, du kan seia mykje negativt om det, men det kan og vera noko fint i det.