Broren til Dagny var dødssjuk: – Denne låta handlar om han

HAIK: – Bjørn veit ikkje at låta handlar om han, men eg trur han ville blitt stolt om han visste.

Ein kjapp sveip gjennom barnebileta til Dagny Norvoll Sandvik fjernar all tvil: det var artist ho skulle bli.

Og som 21-åring drog artisten frå Tromsø og ut i verda for å følgje draumen.

– Eg tok heilt tilfeldig ein tur til London. Der møtte eg nokre folk som dreiv med musikk. Då hadde eg jo kontaktar der nede, og hoppa rett og slett ut i det med hovudet først.

I 2012 flytta ho til byen for å drive med musikk. Det var ein spennande, men krevjande kvardag.

– Mange dagar bestod berre i å sysselsetje seg sjølv. Etterkvart innsåg eg at det livet ikkje førte nokon veg, og følte at eg ikkje orka meir.

Måtte gi meir faen

Dagny (29) var farleg nære å gi opp musikklivet i London, men etter råd frå foreldra valde ho å bli.

– Pappa sin beskjed var at eg måtte bli verande til eg iallfall blei 30. Det var akkurat det eg trengde å høyre for å gi litt meir faen, og tørre å holde på litt til.

Ikkje lenge etterpå gjekk artisten i studio for å spele inn fem låtar. Ein av desse var suksess-låta «Backbeat».

– Telefonen ringte ein fredagskveld frå Los Angeles, og før den helga var over hadde både telefon og mail plinga utan stopp. Plutseleg var me på veg til LA for å møte eit plateselskap, fortel ho.

Åra frå låta vart gitt ut i 2016 fram til i dag har gått utruleg fort, fortel Dagny:

– Det har vore ei fantastisk reise!

Dagny har elska å underholde og opptre sidan ho var liten. (FOTO: Privat)

Ein familiekrise

Dagny er yngst av tre søsken, og fortel at ho elskar å reise heim til Tromsø.

Men ein familiekrise frå barndomen sit framleis djupt i ho.

– Bjørn, bror min, fekk blodkreft då han var 15. Det førte også til at me knytta enno sterkare bånd i familien.

Etter det følte Dagny at ho blei til ein anna person. Ho beskriv det som at hennar livsgnist og livsglede vart forsterka.

– Medan Bjørn var sjuk sa han alltid at alt kom til å gå heilt fint. Han var så modig, fortel ho.

Hylla broren med låt

Dagny avslører i «Haik» at ho skreiv låta «Hit your heart» for å hylle broren Bjørn Norvoll Sandvik sin kamp mot sjukdomen.

– Bjørn veit ikkje at låta handlar om han, men eg trur han ville blitt stolt om han visste. Eg har aldri snakka med nokon om det fordi låta handlar om ein veldig tung periode i livet mitt, fortel ho.

I dag er Bjørn kreftfri, men blir rørt då han iløpet av TV-programmet får vite at låta handlar om han:

– Eg klarar jo nesten ikkje seie det, men blir heilt rørt av å høyre det, fortel han.

Etter han får vite det må han analysere teksta skikkeleg.

– Og no forstår eg jo kva den eigentleg handlar om, seier Bjørn rørt.

Sjå Dagny overraske broren med låta «Hit your heart»:

Sjå heile episoden av «HAIK» med Dagny i NRK TV.