Den norske Greta Thunberg

– Frederic er ikkje her, eg skal prøve å ringe han.

Eit par tilsette på Bellona-kontoret ved Mathallen i Oslo startar ein kort leiteaksjon.
Me skal møte den fremste miljøaktivisten i norsk historie for eit intervju til podkastserien «Fenomenet Greta Thunberg». Livet til Frederic Hauge ber fleire parallellar til 17-åringen frå Stockholm.

– Frederic seier du er tidleg ute.

Eg svarar at eg er presis. Kollegaene humrar og ristar på hovudet.

– Han er notorisk, haha!

Etter ein halvtime kjem klimakjemparen inn døra.

– Eg er ikkje for sein, vel?

Sidan 1980-talet har Hauge og Bellona gått frå opprørsk miljøalarmering til å gå dresskledde i møte med storkapital og styresmakter. No må Bellona-leiaren gå ut på den store verandaen ved kontoret i femte etasje. Herfrå kan han både sjå og rope inn i stortingsleilegheita til Trond Giske. Eit par røyk seinare, kombinert med telefonsamtalar, er me klare.

– Er det hektisk å skulle redde klima og miljø?

– Å fy søren.

– Kva har du gjort i dag, da (klokka er 10.45)?

– I dag har eg fått ungane på skulen, lufta bikkja, tatt nokre telefonar og møtt advokaten vår. Og så satt eg og jobba til halv fire i natt.

1983: 17 år gamal og klar for sin første store aksjon. I Jøssingfjorden mot utslippa frå Titania A/S, f.v. Frederic Hauge, Rune Haaland og Frode Haaland. Foto: NTB-arkiv / Scanpix

«Mitt vannhull er vekk»

Trass lite søvn natta før er Frederic Hauge veldig engasjert når han pratar. Han fortel om startskotet for sitt langvarige og intense miljøengasjement. I 1977 segla han som 12-åring med ein onkel, frå Trøndelag og langs Helgelandskysten til Træna.

– Eg høyrde snakk om oljeboring der og syntest det var ein sjuk idé. På den tida var det også ei stor ulykke på Ekofisk-feltet.

Under Bravo-ulykka i 1977 blei rundt 9000 tonn olje blåst ut i Nordsjøen.

På tampen av 1970-talet kom kampen for å hindre kraftutbygging av Alta-vassdraget. Hauge blei inspirert av dei tidlege miljøvernerane og melde seg inn i Natur og ungdom.

– Da var det mest feltarbeid på fuglar, fisk og frosk. «Kvekk, kvekk, mitt vannhull er vekk,» humrar han.

 

Slutta på skulen

Kampen mot Alta-utbygginga gjekk ikkje så bra for miljørørsla. Stortinget fekk gjennom både demningar og kraftverk, og miljørørsla låg nede i fleire år. Frederic Hauge tok sikte på å gi henne ein siger.

Rundt 18-årsdagen i august 1983 skulle han ha starta i tredjeklasse på Sandefjord gymnas. I staden samla han ein gjeng frå Natur og ungdom og drog til Sokndal i Rogaland for å stenge ned bergverket Titania, som dumpa mange millionar av tonn gruveslam i og utanfor Jøssingfjorden. Med løyve.

– Me trudde jo me skulle vinne den kampen, men det gjorde me ikkje.

Igjen tapte miljøvernarane mot myndigheiter og regjeringa.

– Men me fekk enormt med merksemd, og da kom eg eigentleg aldri tilbake på skulen. Så eg streika ikkje. Eg slutta.

Frederic Hauge korkje streika eller skulka skulen. Han slutta. Ei ekstrem-utgåve av Greta Thunberg, altså.

Hauge drog til Oslo, der det meste av miljørørsla heldt til. Han tok med seg den skitne soveposen sin frå Sandefjord og sov i okkuperte og rivningsklare bygardar. Den strenge mora hans frå Nederland var ikkje fornøgd med karrierevalet. Heldigvis for Hauge var dette lenge før mobiltelefon og internett. Han var vanskeleg å få tak i.

1983: Ti dagar etter 18-årsdagen var Hauge klar for nye aksjonar mot Titania-utsleppa.
Foto: NTB / SCANPIX

Sju veker etter Tsjernobyl-ulykka i 1986 stifta Rune Haaland og Frederic Hauge Miljøstiftinga Bellona – for å drive meir med aksjonar enn det Natur og ungdom var villige til. Namnet Bellona fann dei i eit leksikon, det var ei romersk krigsgudinne med ubegrensa makt over liv, død og natur. Gudinna Bellona var streng, men rettferdig, stod det.

Bellona lagde ordet «miljøkriminalitet». Dei okkuperte kontoret til miljøminister Sissel Rønbeck. Og avsløra ulovlege giftutslepp og dumping hos industrigigantar som Norsk Hydro og Borregaard. Hauge blei skjelt ut som «miljøjapp» av seinare miljøvernminister Torbjørn Berntsen. Og blei omtalt som kriminell av Aftenposten.

I 1989 kjøpte Bellona Noregs første elbil saman med landets største stjerner: Morten Harket og Magne Furuholmen.

Med den vesle elbilen køyrde dei gjennom bomringen i Oslo – utan å betale. Gong etter gong. Etter kvart blei bilen inndriven og selt på tvangsauksjon. Men dei kjøpte han tilbake. Gong etter gong. Til slutt blei det gratis for elbilar gjennom bomringen.

– Thunberg provoserer

Det moderne Bellona-kontoret med store glasruter minner null om dei okkuperte bygardane Hauge starta i. Det synleggjer korleis Bellona i løpet av 34 år har endra seg frå å lenke seg fast og grave opp gifttønner til å starte eigen industri og teknologi. Og Frederic Hauge har sidan nittitalet blitt invitera til EU for å gje råd i klimaspørsmål, nett som Greta Thunberg det siste året.

Gjennom åra har Frederic Hauge fått mykje kritikk for å vere einerådig i leiinga av Bellona. Økonomien har fleire gonger vore heilt utan kontroll. Mange har meint at Hauge har vore vanskeleg å samarbeide med. Han har skjelt ut både medarbeidarar og miljøministrar. Men få har klaga på han for å jobbe lite eller å vere bakpå.

Allereie på slutten av 1980-talet byrja Hauge å bekymre seg for klimagassutsleppa – og å leite etter løysningar på problemet.

– Eg likar ikkje problem utan å leite etter ei løysning på dei.

– Kva tenker så vår norske Greta Thunberg om den svenske, ekte Greta Thunberg?

– Eg meiner det er ei fascinerande og ei viktig historie. Eg blir oppriktig glad av engasjementet ho skapar. Og så provoserer ho, gliser Hauge.

Han meiner at grunnen til at Thunberg vekker så mykje sinne, er at 17-åringen seier til dei eldre at det er dei som har ansvaret og må fikse problema.

– Og det kan ho seie, men det kan ikkje me eldre seie. Og det vekker eit valdsamt sinne. Det må jo me i miljørørsla leve med, men det er trist å sjå korleis det kjem til uttrykk.

1985: Frederic Hauge, viser fram ei av fleire nedgravde gifttønner dei har grave fram frå Unger Fabrikker i Fredrikstad.
FOTO: Bjørn Sigurdsøn/SCANPIX

Fryktar ein farleg veg

Samtidig er det eitt aspekt ved Greta Thunberg som Frederic Hauge er kritisk til. Det svenske klimaikonet med musefletter har nemleg ved fleire høve gitt støtte til rørsla Extinction Rebellion. Noko også 25 norske kjendisar og akademikarar har gjort i eit opprop.

Extinction Rebellion har som hovudmål at samfunnet skal bli karbonnøytralt innan 2025.

– Og så stiller dei spørsmål, slik eg har forstått det, om demokratiet er måten å løyse problema på. Da blir løysninga at det er fattigdom og diktatur som skal ordne problema – og da er me på ein farleg veg, meiner noregshistorias fremste miljørebell.

Extinction Rebellion i Noreg er ueinig i kritikken.

– Me meiner at demokratiet er heilt naudsynt for å kunne løyse krisa, understrekar talsperson Nikolai Tangnes.

Han seier at gruppa ønsker seg at ein vrir styresettet frå Stortinget, til meir deltakande og direkte demokrati med folkerøystingar og borgarråd.

1993: Frederic Hauge blir arrestert under aksjon mot radioaktivt avfall hos Institutt for energiteknikk på Kjeller. Foto: Jon Eeg/NTB/SCANPIX

Ønsker å bygge batterifabrikk

Frederic Hauge blir om mogleg enda meir engasjert når han pratar om tekniske framsteg og løysningar. Det er dette han har brunne for sidan dei fleste gifttønnene var gravne opp på starten av 1990-talet.

Og det er ikkje så rart at han er teknologioptimist. For det første verkar det som han ikkje tør anna. For det andre har han vakse opp med arv og miljø til det. Faren var flyingeniør og pioner innan vass-skisporten i Noreg. Morfaren var oppfinnar i Nederland og slo seg opp på ein vaskemaskinmotor han fann opp allereie før krigen.

Det Hauge brenn aller mest for om dagen, er batteri.

– Du er særs opptatt av batteri? 

– Ja, meir enn dei fleste, haha! Prisreduksjonen på solceller og det som skjer på batteri, det er eit av dei verkeleg store håpa i verda. Om me kan lage og lagre energi lokalt, kan me leve utan dei store olje- og energiselskapa. Ja, dei gjev oss energi, men sponsar samtidig Trump.

Saman med investorar ønsker Bellona å byggje ein enorm batterifabrikk i Noreg med ein ny generasjon batteri, som er basert på svovel, og utan knappe metall som kobolt, nikkel, kadmium og mangan. Dei har brukt tid på å få batteriforskarar til Noreg og byggje eit eige laboratorium.

– Når eg er i dårleg humør, les eg testresultata herifrå, gliser Hauge.

Han fortel også om andre vidløftige prosjekt Bellona held på med: Å gjere ørken grøn med sol og saltvatn. Dyrking av algar til energi. Dyrking av tang og tare for å binde karbon.

Frederic Hauge. Foto: Kim Erlandsen / NRK P3
Frederic Hauge. Foto: Kim Erlandsen / NRK P3

Håpet som havarerte

Heilt sidan 1990-talet har Bellona halde på med karbonfangst, som Hauge meiner er det aller viktigaste håpet for kloden.

– Det er ikkje mogleg å løyse klimaproblema utan den teknologien. Da blir det minst dobbelt så dyrt enn utan CO2-fangst, meiner han.

I nyttårstala inn i 2007 var også statsminister Jens Stoltenberg inspirert av Frederic Hauges gamle hjartebarn. «Dette blir vår månelanding,» erklærte Stoltenberg om planane for eit fullskala CO2-reinseanlegg på Mongstad.

Men omtrent det siste Stoltenberg gjorde som statsminister, var å avlyse månelandinga.

– Hjartebarnet ditt havarerte i fjøresteinen på Mongstad?

– Det er ikkje ofte eg seier det: Nokre gonger er eg glad me har politikarar som vil ta litt risiko, for me kjem til å prøve og feile i klimakampen. Testanlegget viser at teknologien fungerer, men det triste er at det ikkje blei bygd fullskala. Eg meiner prosjektet blei øydelagt av Statoil og miljøminister Erik Solheim, og resten av Stoltenberg-regjeringa.

2013: Frederic Hauge var svært lite nøgd med Statoils konsernsjef Helge Lund (tv) og informasjonsdirektør Jannik Lindbæk etter avlysinga av fullskala reinsing av gasskraftverket på Mongstad. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
2013: Frederic Hauge var svært lite nøgd med Statoils konsernsjef Helge Lund (tv) og informasjonsdirektør Jannik Lindbæk etter avlysinga av fullskala reinsing av gasskraftverket på Mongstad.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Om det brenn, så seier ein at det brenn

Greta Thunberg er ikkje like teknologioptimistisk som Frederic Hauge. I biografien hennar, «Huset brenner», står blant anna:

«For kvar elbil kjem det ein ny vass-skuter. For kvar person på bussen kjem ein ny bensindriven SUV. For kvar veganar ein ny importert brasiliansk oksefilet. Og for kvart menneske som avstår frå å fly ein ny helgetur til Madrid.»

Thunberg vil at folk kuttar ned på fly- og forbruksfesten, slik som no under koronapesten. Og ho vil ha radikal politikk og lovgiving.

Frederic Hauge meiner at Thunberg gir ein brutal og korrekt versjon av klimautfordringane, ein versjon som han er heilt einig i.

– Det er alltid forskjell på miljøministarar før og etter ei klimaforhandling. Da har dei fått så mange foredrag frå verdas fremste forskarar, at dei kjem skremde ut att.

– Du meiner det er ei klimakrise?

–  Ja, eg meiner statsministeren kom med nokre oppsiktsvekkande utsegn: «Ja, det er krise, men eg vil ikkje bruke dei orda, for det kan bli verre.» Men om det brenn, så seier ein at det brenn.

2020: Heilt sidan han var 17 har Frederic Hauge kjempa for klimakampen. Her frå kontoret hans. Foto: Kim Erlandsen / NRK P3

– På første klasse til helvete

Hauge er mest bekymra for korleis me ikkje har klart å kutte utsleppa nok, og korleis klimaeffekten kjem raskare og sterkare enn for berre 5–10 år sidan.

– Det skremmer meg. Og så må me passe på at me ikkje får ein apati, som bare fører til at ungdommen set seg på første klasse og reiser til helvete.

– Apropos første klasse, segla du også båt ned til klimatoppmøtet i Madrid før jul? 

– Haha, nei. Men eg er opptatt av at veldig mykje i miljødebatten har blitt moralisering. Eg flyg ikkje mykje privat, da seglar eg eller køyrer elektrisk, men i jobbsamanheng er eg avhengig av det. Og det gjer at me må finne nye metodar, flyindustrien burde kanskje dyrke algar og lage solenergi som kan drive flya.

Igjen flammer Hauge av teknologiengasjement, før han bryt ut i nok ein latter:

– Og så eig eg jo ikkje skam, haha!

Dessutan har han ikkje tid. Det verkar travelt å skulle redde klimaet.

Overdriv Greta Thunberg? Kjem verda til å gå under? Høyr podkastserien «Fenomenet Greta Thunberg» her, eller i en podkastapp nær deg:

Webjørn S. Espeland

Journalist Webjørn S. Espeland


Kim Erlandsen

Fotograf Kim Erlandsen

Les også desse sakene: