– Eg stal gitaren til Bettan

For 25 år sidan forsvann Bettans kjære gitar. I dag kunne Thomas Seltzer fortelje kva som skjedde.

Det var ein gong ein gitar som brått forsvann frå utestaden Smuget i Oslo. Sidan då har eigaren Elisabeth Andreassen, betre kjend som Bettan, lurt på kor denne tok vegen. I dag, 25 år seinare, fekk ho svaret.

Svaret kom frå Thomas Seltzer då han var på besøk hos P3morgen i dag tidleg.

Kva er det dyraste du har stole? spør Ronny.

– Ein kassegitar frå Bettan.

– Åh, plis sei at dette er sant, bryt Ronny ut.

– Det heile skjedde på Smuget ein gong, ein sånn musikerstad. Etterpå såg eg at det stod Bettan på den fortel Seltzer vidare.

INNRØMMA TJUVERI: Seltzer kunne avsløre i dag at han stal Bettan sin gitar for 25 år sidan.
INNRØMTE TJUVERI: Seltzer kunne avsløre i dag at han stal Bettan sin gitar for 25 år sidan.

Har du levert den tilbake? spør Silje.

– Nei, eg veit ikkje kor den er.

Høyr innslaget om igjen HER.

25 år utan gitar

Etter tilståinga på direktesendt radio skriv ei lettare frustrert Bettan følgjande på Facebook:

«Hallo!!!! Her sitter Seltzer i P3 morgen og briefer med at det dyreste han har stjålet er Bettans gitar på Smuget for 25 år siden. Jeg endevendtE både Smuget og det jeg kunne for å få den tilbake. Det var en meget flott Larriwee cutout med svart gitarkasse. DEN SKAL JEG BARE HA TILBAKE!!! BASTA!»

Og Seltzer svarar følgjande:

«Kjære Bettan! Dette hadde jeg helt glemt inntil de spurte istad om hva det dyreste jeg noensinne har stjålet var, da poppet dette fram i hodet! Helt enig: uspiselig! Vi var en gjeng fulle drittunge-pønkere som hadde forvillet oss inn i Fiendens Leir AKA Smuget, meget dårlig stil. Jeg aner ikke hvor den er i dag men jeg kjøper gladelig en ny gitar til deg!»

– Dette er utruleg morsomt, seier ei lattermild Bettan på telefon.

Ho er ikkje sint, berre glad og litt overraska.

– Altså, den gitaren var det aller finaste eg hadde! Eg endevendte heile bransjen i jakta på gitaren og då eg høyrde Thomas fortelje om den dag tidleg tenkte eg «kva faen», men så blei eg eigentleg litt glad. No får me håpe at gutane i Turboneger klarar å finne gitaren!

Thomas Seltzer vil no leite etter gitaren. Finn han den ikkje innan 1. januar 2016 lovar han å kjøpe ny.

Høyr intervjuet i Nitimen med Seltzer og Bettan HER.