– «Det er gresk for meg» fekk ei ny meining

Det var ikkje berre enkelt for Ronny, Silje og Markus å lære ein song på gresk. I dag vart den framført under P3morgens julefrukost.

I år, som i fjor, var det i dag duka for den årlege julefrukosten til P3morgen i Store Studio på Marienlyst. Nokon hadde til og med stått opp klokka 0230 i natt for å vere publikum.

Ein fantastisk måte å starte dagen og julestemninga på – men sidan mange kanskje gjekk glipp av delar, eller heile sendinga, har me samla eit knippe høgdepunkt her.

Sjå bileter frå sendinga i albumet nederst i saka.

Kvar fredag klokka 0630 er det berre éi låt som gjeld hjå gjengen i P3morgen: Antique med «Opa Opa». Låta er laga av ein svensk-gresk duo, og sjølve songteksta er på gresk. Som Ronny, Silje og Markus hadde lova vart låta framført av programleiarane sjølve. På gresk. Det var alt anna enn enkelt.

– Uttrykket «det er gresk for meg» fekk ei ny meining då eg måtte lære meg denne låta, sa Markus, før gjengen framførte sin versjon av «Opa Opa», på noko gebrokken gresk

Responsen etterpå kom noko overraskande på songstjernene.

– Det er ei som er halvt gresk som skriv til oss at ho klarte å forstå nesten alt me song, sa ein nøgd Ronny i etterkant.

Sjå P3morgens «Opa Opa» i videoen under.

Ingen fredag utan fredagslåt-bingo heller, berre at i dag fekk lyttarane vere med å bestemme.

Sjå fredagslåtbingoen i videoen under.

Også P3morgens daglege konkurranse fekk vere med inn i Store Studio i dag!

Kvar dag ringer Ronny og Silje opp to deltakarar som får eit spørsmål kvar. Svarar begge rett må enten Silje eller Ronny svare på eit spørsmål. Om dei svarar feil på det siste spørsmålet blir det ingen premie på deltakarane, sjølv om dei svara rett.

I haust har Silje nesten ikkje klart å svare rett, noko som har ført til ein knekk i sjølvtillita.

I dag gjekk det heldigvis betre.

Sjå Silje bli i litt betre humør i videoen under.

Deilige liveframføringar

I tillegg til Ronny, Silje og Markus si fantastiske liveframføring av «Opa Opa» kom det også eit par artistar på besøk.

Anna of the North spelte låta «The Dreamer»

Og juleklassikaren frå Reisen til Julestjernen, «Sonjas sang til julestjernen».

Sondre Justad bidrog med «Tett inntil mæ».

Etterfulgt av ei rørande framføring av «Tenn lys».

Storfint besøk og slapstick-straff!

Og som om ikkje det var nok dukka sjølvaste Max Mekker opp!

Han ville ikkje ha grauten til Markus fordi den festar seg i skjegget, men kunne fortelje både det eine og det andre om planane for jula.

– Eg feirar jul med juletre og toghjul!

Sjå heile intervjuet i videoen under.

Sist, men ikkje minst skulle Markus endeleg avgjere vinnaren av Quizmastime!

Og taparen måtte sjølvsagt få sin straff:

Sjå bileter frå frukosten i albumet under.