– Det er meg Jokke kritiserer

I «Her kommer vinteren» styrar Jokke unna folk som er litt sånn som Ingrid Olava: positive og som vil imponere, likevel kjenner ho seg igjen i teksten.

Ingrid Olava

– Jokke syng om det å ha problem med å omgå overdrevent positive folk, eller folk som alltid skal imponere, og det er jo meg! ler Ingrid Olava til P3nett. – Eg skulle liksom alltid rekke opp handa og vere flink. Så eg møter nok meg sjølv i døra her.

Ingrid Olava har lagt ut sin coverversjon av ”Her kommer vinteren” for salg. Det var aldri eit nøye planlagt karrieretrekk å covre Jokke, men då P3 spurte om ho ikkje kunne vere så snill å spele ein after-ski klassikar, var det ingen tvil om at det måtte bli akkurat denne låta:

–  Eg har veldig mange kompisar som lever den typen liv som Jokke skriv om her, litt sånn rockeliv, så eg kjenner meg veldig igjen, seier ho.

Ufrivillig suksess

Og slik blei Ingrid Olavas ”Her kommer vinteren” til. Den blei berre spelt ein einaste gang på radio, hos Ronny på P3 i påska. Men det var også alt som skulle til. Det blei ein enorm etterspørsel om å få  låta i reprise, og P3tv la den straks ut. Tretti tusen klikk seinare bestemte Ingrid seg for å gi vekk låta til veldedigheit.

– Jokke er ein stor poet, seier Ingrid alvorlig. Det er litt farlig å gjere cover, å fomle med materiale som ikkje er mitt. Men etter å ha snakka med bror til Jokke, Christopher Nielsen, blei vi einige om at alle pengane skulle gå til Regnskogfondet. Då blei den ufrivillige suksessen til noko positivt, fortel ho engasjert.

Sang på norsk for første gang

Det var faktisk første gang Ingrid Olava sang på norsk for eit publikum då ho gjorde ”Her kommer vinteren” på P3. Og noko av den positive responsen ho har fått i ettertid hadde nettopp med måten ho framførte den bitter-søte teksten på:

– Eg strippa jo ned ei rocka låt, mange sa til meg at dei oppdaga teksten når eg sang han. Det er jo litt det som er greia med cover, at ein skal klare å tilføre noko eige, så det syns eg er fint å ha fått til.

Men på spørsmål om ho kjem til å synge meir på norsk, kjem eit kontant nei. Ingrid Olava tenker på engelsk når ho skriv tekstar, og det kjem ho til å fortsette med.

Du kan gå inn her for å laste ned låta eller nyte den her:

Les også:

Ingrid Olava ligg på spelelista til P3 med «Her kommer vinteren».

Ingrid gir ut «Her kommer vinteren.

Sjå meir Ingrid Olava i P3tv.