Det er periodar i livet Mette-Marit ikkje greier å tenka på, utan å kasta opp

Kronprinsessa opnar seg om skamma og presset.

Då kronprinsesse Mette-Marit (47) gjesta P3-programmet «The Kåss Furuseths», opna ho seg om dei siste «hangupsane» sine (cowboy-tv, baking og isbading), men òg om alvorlegeare ting.

For innimellom historier om knekte halebein og datingtipsa ho gav til Else Kåss Furuseth, snakka dei òg om tyngre tema – blant anna dei kjipe følelsane som kronprinsessa kjente på før – og dei som ho framleis kan kjenna på i dag.

– Stakkars meg!

Det er 25 år sidan Mette-Marit trefte Haakon for fyrste gong på Quartfestivalen i Kristiansand, men det var ikkje før dei igjen fann kvarandre på den same festivalen tre år seinare, at det slo gneistar.

– Det var berre heilt ellevilt! Eg var berre så forelska at eg visste ikkje kva eg skulle gjera. Eg fall heilt pladask, fortel Mette-Marit om då ho fyrst vart saman med kronprinsen.

Men det var ikkje den lettaste mannen å falla pladask for. Med mannen følgde eit svært granskande blikk frå eit heilt land.

Det blikket fekk ho kjenna godt på då dei annonserte forlovinga i desember 2000. I ei formell drakt som ho ikkje følte seg heilt vel i, møtte kjærasteparet pressa.

Kronprinsessa ser alvorlig forbi kamera. Ho har på seg ein nude dress, håret i strikk, og held ei hand på låret til kronprins Håkon. Han sit like ved sida av ho, i ein mørk dress, med blått slips og skjorte. Han er kortklipt og ser alvorleg på prinsessa.
FORLOVINGA: Det var ikkje berre enkelt å skulla tilpassa seg eit liv i offentlegheita. Foto: NRK

– Stakkars meg! Kven var det som kunna finna på å kasta meg ut på den scena framfor dei ulvane? Eg får på ein måte så vondt av det mennesket eg var då. Eg syntest veldig synd på meg sjølv der, seier ho, litt alvorleg og litt humoristisk.

Blir kvalm av å tenka på fortida

Sjølv 20 år seinare har ho ikkje gløymt dei vonde tidene.

– Det er nokre periodar i livet, kanskje spesielt den fyrste fasen til meg og Haakon, som eg enno ikkje greier å tenka på utan å måtta kasta opp. For det var så beintøft. Det var eit enormt press, og eg kom dit utan noka som helst erfaring med det, fortel ho i podkasten som blir sleppt på søndag.

Brullypsbilete av Mette-Marit og Håkon som kysser på balkongen. Ho har kvit brudekjole med djup hals og ermer. Ho held armen bak ryggen, har tiara i håret og slør. Håkon held rundt ho, og dei kysser. Han har på seg uniform med fleire medaljar, hatt og eit raudt band som går over skuldra.
KAPRA PRINSEN: Haakon var ein ettertrakta ungkar på starten av 2000-talet. Foto: Dave Caulkin

Det er ikkje berre å tenka på det som gjer ho kvalm. Å sjå det er endå verre.

– Det er ein del TV-program som har blitt vist i det siste om kongefamilien, der det er innslag med meg og Haakon heilt i starten, og det greier eg ikkje sjå på.

– Syntest du at folk var slemme? Det er mine ord, då, eg tenker jo at folk var litt slemme, seier Else og siktar til tida på starten av 2000-talet.

– Eg trur ikkje at folk eigentleg ønsker å vera slemme, folk ønsker berre å ha noko å skravla om.

Alt presset og merksemda førte til at Mette-Marit skamma seg mykje på denne tida.

– Det er ein forferdeleg følelse. Eg har eigentleg lova meg sjølv at etter den perioden skulle eg aldri føla på skam att. Det er ingenting som skal få meg til å føla meg som om eg ikkje er god nok på eit eller anna vis.

Men det løftet har ho ikkje greidd å halda.

Skamma rundt sjukdommen

For sjølv om kronprinsessa har greidd å grava ned skamfølelsen i dei fleste tilfella, er det særleg på nokre område at ho fort kjenner på den kjipe følelsen.

– Eg trur eg skammar meg litt for at eg er sjuk. Eller, eg veit at eg skammar meg ganske mykje for det. For etter at eg vart sjuk og fekk ein diagnose, er det noko veldig sårt med det at eg ikkje kan vera den som alle forventar, og ikkje ha den arbeidskapasiteten som eg hadde før, fortel ho.

Else tar selfie med gjengen. Ho smiler til kamera i framgrunnen, bak ho står Mette-Marit med ein fastelavn-dekorasjon, og på sida popper ansiktet til Cecilie og Finley opp.
OPEN: Mette-Marit opna seg om fleire tøffe tema då ho var gjest i P3-programmet «The Kåss Furuseths». Foto: Else Kåss Furuseth

Det var i 2018 at ho fekk diagnosen kronisk lungefibrose, etter fleire år med plager. Ein blir sliten og tungpusta av den kroniske sjukdommen.

– Noko av det verste er at eg ikkje kan gå på ski på same måte som før. Eg var så innmari sterk, eg gjekk med begge ungane i pulk. Eg berre elska så intenst det å få til ting og å vera ute i naturen.

Det at turkameratane må gå saktare på grunn av ho, er ikkje noko ho likar å tenka på.

Prestasjonspresset

– Føler du på presset utanfrå, om å levera?

– Det er jo ikkje sånn at folk har press på meg, det er meir at eg har ei forventing til korleis eg skal vera. Det er ikkje ofte eg kjenner på så mykje skam lenger, for eg har jobba ganske mykje med den skamfølelsen og å bli kvitt han, men akkurat dette kjenner eg litt skamfølelse på, svarar ho ærleg.

Kronprinsessa føler ikkje berre på leveringspresset, ho kjenner òg på eit press om å vera «perfekt».

– Heile tida. Sjølvsagt gjer eg det! Men eg er ikkje perfekt, seier ho og ler forsiktig. 

Det er presset om å vera den perfekte mora, ei perfekt prinsesse og å ha eit perfekt liv ho kjenner mest på. Men det er ikkje folket som legg det presset på ho.

– Det er det kritiske blikket ein har på seg sjølv, som ein må stå imot og kjempe mot heile vegen.

Tenkte på Ari

Prestasjonspress og skam er begge ting som kan gå ut over den psykiske helsa til folk. Mental helse er eit tema som kronprinsessa er sterkt engasjert i.

For både Else og Mette-Marit har opplevd å mista nokon nær til sjølvmord. Kronprinsessa har klare tankar om kva som skal til for at me kan førebygga at slikt skjer.

– Eg trur kanskje at me må tora å vera modigare i dei samtalane ein har med dei rundt oss. Det er kanskje noko av det viktigaste. Og så trur eg at det er lett å tenka: «Men det går sikkert bra», sant? Men det er ikkje sikkert at det gjer det.

Det er små ting i kvardagen som minner ho om avdøde Ari Behn, slik som då ho skulle gjera seg klar til brunsjen.

– Det er så rart når ein mistar nokon som ein har nær seg og som har vore veldig viktig for ein. I dag tenkte eg: «I dag må eg ta på meg finkjolen, for kvar dag er ein fest, og du er eit smykke.» Då tenkte eg på det, og så tenkte eg på Ari.

Mette-Marit, Ari Behn og Håkon står i ein sirkel. Dei snakker saman og ler. Det er ein flott sommardag, og i bakgrunnen ser ein galleriet som har utstilling.
STØTTE: Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit på avdøde Ari Behn si kunstutstilling i 2018. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

– Det er utruleg sårt når nokon du er veldig glad i, ikkje ser noko håp meir. Eg trur at me berre må prøva å vera gode medmenneske for kvarandre, og så trur eg det er viktig å bli kvitt skamma. Når livet er litt kjipt, må me tora å snakka om det, seier Mette-Marit.

Dette er noko ho trur mange slit med.

– Spesielt i dag når alt skal vera så innmari perfekt og vellykka. Det å berre seia: «Det er ikkje alltid så greitt.» Det trur eg er viktig.

Sur kronprinsesse

Sjølv når kronprinsessa snakkar om tunge ting, tar det ikkje lang tid før latteren og smilet er tilbake. Men ho vedgår at humøret i det siste har vore litt dårlegare enn vanleg.

Og då Mette-Marit fortalde Haakon og barna at ho skulle ofra både morsdagen og valentinsdagen for å komma på brunsj hjå Else, protesterte dei ikkje nemneverdig på det.

– Dei er så glade for å få denne sure dama ut av huset! Eg har vore så sur i det siste, så eg trur det var godt for dei å få ein pause, seier ho og ler godt.

Som hjå dei fleste andre, er det koronarestriksjonane som legg ein dempar på humøret.

– Som veldig mange andre i denne perioden, er eg skikkeleg lei. Eg trur mange føler at livet står litt på hald, seier Mette-Marit.

Kronprinsparet, som vanlegvis lever travle liv på kvar sin kant, har no fått luksusen av å ha mykje meir kvalitetstid på sofaen saman. Men no har til og med det blitt for mykje av det gode.

For det einsformige livet har til og med gått ut over den elles så flørtande tonen til paret.

– No, eit år etter korona, veit eg ikkje om me er så flørtande som me var for eit år sidan, seier ho og ler endå ein gong.

LES MEIR FRÅ P3. NO: