– Det var tøft, men resultatet er ganske deilig

Live Nelvik går frå storforbrukar til miljøvenleg i Live redder verden. Litt.

Me får stadig høyre om kor miljøskadeleg det er å fly, ete kjøtt, køyre bil, bruke mykje straum… Lista er lang over ting som kan vere skadeleg for miljøet, og som samstundes inngår i kvardagen til mange.

Kor klimavenleg er du? Test deg sjølv her!



Men kor enkelt er det eigentleg å kutte ut kjøtt? Å bruke bilen sjeldnare? Å fly mindre?
I Live redder verden. Litt. har Live Nelvik prøvd akkurat dette. Ho har prøvd å leve eit meir miljøvenleg liv.

– Prosessen var tøff, men resultatet er ganske deilig, seier Live om prosjektet i etterkant.

Sjå første episode øverst i saka – dei resterande fire finn du nederst.

Live Nelvik prøver å få fleire til å ta toget, sidan det er meir miljøvenleg enn fly.
Live Nelvik prøver å få fleire til å ta toget, sidan det er meir miljøvenleg enn fly.

Nesten kjøttfri

I serien endrar Live alle vanane sine på ein gong. Frå å ete kjøtt og køyre til barnehage og jobb, blir ho kjøttfri og droppar bilen. Blant anna.

– Det vanskelegaste var å ha kjøpestopp. Eg er veldig i uenig i at ein ikkje blir lukkeleg av å kjøpe ting, he-he.

Live kunne aldri levd under eit så strengt regime på fulltid, men har til gjengjeld endra ein del vanar.

LES OGSÅ: 6 filmer som redder verden. Litt.

– Eg et nesten ikkje kjøt lenger, eg er meir bevisst på innkjøpa me gjer. For eksempel kjøper me mykje brukt, deriblant møblar og klede til ungane. Utfordringa rundt det å kjøpe brukt til ungane er at ein må planlegge ekstra godt – og det er eg blitt flinkare til.

Live fortel også at ho er meir bevisst på kor mykje ho flyr – men å slutte heilt å fly kan vere utfordrande. Så kvifor vel folk som ser på seg sjølv som miljøvenlege å fly likevel? Få forklaringa i videoen under:

https://www.youtube.com/watch?v=PtmEef5pEP0

2. episode

3. episode

4. episode

5. episode