Dette er programleiaranes største frykt før P3aksjonen

Årets høgdepunkt – P3aksjonen 2019 – er like rundt hjørnet. Og i år har me ei ganske så spesiell sending i vente. P3aksjonen fyller nemleg ti år!

Ronny Brede Aase, Adelina Ibishi, Markus Neby og Tete Lidbom står klare for å lose oss gjennom 100 timar med direktesendt radio og TV – ei sending som kan følgjast til alle døgnets tider her på P3.no og på radio.

Gjennom ti år med P3aksjonen har programleiarane lidd seg gjennom alt frå piercing og tanntrekking(!) til hår-farging og -fjerning. Trass det er det ingen grunn til å tru at kruttet er brukt opp enno. Lurer du på kva me har i vente finn du programmet for P3aksjonen 2019 her.

Kvelden før kvelden

For Ronny blir dette hans tiande P3aksjon. Og ja – det betyr at Ronny også har vore med på aksjonen kvart einaste år sidan oppstart.

Det har gitt han god tid til å utarbeide ein perfekt førebuingsrutine:

– Eg et alltid burgar frå ein av byens beste takeawayplassar dagen før aksjonen. Det har liksom blitt tradisjon. Og så prøvar eg å roe heilt ned før spetakkelet brakar laus, fortel han.

Ronny Brede Aase på P3aksjonen i 2009. (FOTO: Tom Øverlie / NRK P3)

Tete er derimot i ferd med å oppleve livets første P3aksjon bak spakane, mens programleiarmakker Adelina skal i elda for andre gong og gjentek rutina frå 2018:
– Eg tek selfiar eg kan sjå tilbake på når eg mest sannsynleg ser heilt gal ut om nokre få dagar. Pluss eg et godteri og legg meg tidleg.

Det samme gjeld Markus – som veljer å bruke mest mogleg tid på puta.

– I går kveld sov tok eg ein lang middagskvild, og sovna deretter 00:30. Og i dag våkna eg 08:00, spiste frukost, før eg sovna igjen.

Søte hundar > Skumle ting

Tradisjonen tru er det planlagt mange heilsprø utfordringar som programleiarane skal få bryne seg på gjennom den 100 timar lange sendinga. Kva dei har i vente er som vanleg ein godt bevart hemmelegheit, men programleiarane har til gjengjeld tankar om kva som er det verste (og beste) som kan skje.

– Det absolutt verste som kan skje med meg er ting relatert til mørket og spøkelse. Det er eg skikkeleg redd for, fortel Adelina.

Adelina fekk trøst av Jonis Josef, Markus og Vida Lill etter å ha blitt Trumpifisert under P3aksjonen 2018. (Foto: Rashid Akrim / NRK P3)

Ho kryssar derimot fingrane for hundebesøk i studio – noko Ronny er veldig enig i.

– Det beste eg veit er når folk kjem innom på besøk med dei søte hundane sine!!! Og ellers at me går ein morosam og spennande aksjon i møte, for ein veldig viktig sak. At folk blir med på innsamlingsfesten og at stemninga blir sånn deilig euforisk!

Ronny får hundekos på P3aksjonen 2018. (Foto: Daniel.B.Dahn/NRK P3)

Ronny er derimot bekymra for korleis han kjem til å sjå ut når aksjonen vert avslutta sundag 20. oktober klokka 23:00.

– Det verste som kan skje er jo at eg nok ein gong går ut i ferie, sjåande HEILT idiotisk ut.

Nykommaren Tete nemner ingenting om utsjånad, men tenkjer ein del på sjølvtillit når han ser for seg korleis årets aksjon skal ende:

– Det verste som kan skje er at eg går ut av det buret som ein nedbroten og pysete mann, utan noko av den heilage positiviteten og sjølvtilliten eg kjem inn med.

– Det beste som kan skje er derimot at me fire saman med lytterane får dei artigaste og mest meiningsfulle 100 timane saman – trass alt me skal gjennom – og at Care får mange millionar til å gjere verda til ein bedre stad for kvinner spesielt, og alle generelt.

Markus Neby fekk gjennomgå med piercingnåla under P3aksjonen 2018. (FOTO: Mattis Folkestad / NRK P3)

Markus er på si side mest bekymra for fysisk smerte.

– Smerte kan ein liksom ikkje gjere noko med. I fjor var det for eksempel kjipt å få tre piercingar (i brystvorte, bryn og nase) som eg måtte gå rundt og ha vondt i etterpå. Det vart mykje vanskelegare å sove… Det beste som kan skje er om nokon av dei andre blir utsett for noko dei er skikkeleg redde for!

Har du også lyst til å bidra? Slik gir du til P3aksjonen

Slik kjem dei seg gjennom 100 timar direktesending

Heldigvis for nykommar-Tete er dei andre programleiarane meir enn villige til å dele tips og triks for å takle den lange, utfordrande sendinga.

– Tete er veldig oppteken av stil og er ein sterk motstandar av kosebukse og tøflar, men mitt tips til han er å faktisk å ha med seg deilige og mjuke klede i studio. Det gjer liksom livet bittelitt mindre fælt… Særleg når ein får dårlege nyheiter.

Livsnytar og aksjons-veteran Ronny har også eit par tips på lur:

– Mitt beste råd er å berre nyte det. Tida går så sjukt fort. Og så er det viktig å sove når ein kan. Ein veit aldri kva som skal skje om for eksempel fem timar.

Markus oppfordrar til å nyte livet når dei andre programleiarane må lide:

– Det er viktig å kose seg når ein ikkje må i elda sjølv, og tenkje på sine utfordringar når dei kjem. Kan vere ganske ekkelt å gå rundt og vere redd og nervøs… Og det er ikkje til å unngå det, men ein må prøve å være det minst mogleg.