Jul i Hellas

Isnart eitt år har grensene mellom Hellas og resten av Europa vore stengde.

Flyktningane som kom og framleis kjem med båtar frå Tyrkia, får ikkje reisa vidare. Forhalda i flyktningleirane mange av dei bur i, er dårlege og uverdige.

Siv N. Sandvold (32), Marie Norman Hjorth (29) og Thea Andersen (20) valde alle å setja si eiga julefeiring til sida for å reisa ned og hjelpa til.

Siv og Marie reiste til flyktningleiren Nea Kavala i nord, medan Thea drog til eit barnesjukehus i Athen.

Ingen av dei får betalt for innsatsen dei gjer.

Kva er det som får tre unge damer til å byta ut den tradisjonelle julefeiringa med frivillig arbeid i Hellas?

Høyr dokumentaren | Les alle sakene

 

− Eg hadde gjort det same for venene mine heime i Noreg.

– Thea (20)

Nabaz og Thea skiftar bleie på to år gamle Bahez. Kvar minste bevegelse av den vesle brannskadde kroppen gjer vondt. Foto: Siri Bråtveit
Nabaz og Thea skiftar bleie på to år gamle Bahez. Kvar minste bevegelse av den vesle brannskadde kroppen gjer vondt. Foto: Siri Bråtveit


 

Frå Hommersåk til Hellas

 


Mange har hatt eit ynskje om å hjelpa og bidra i flyktningkrisa. Thea Andersen (20) har flytta inn og feira jul på eit barnesjukehus i Athen – utan å vita kor lenge ho blir.

 

Fredag 25. november i fjor fekk Thea ein telefon. Det var Nabaz Karim, ein 27 år gammal familiefar frå Irak, som ringde.

− Han prøvde å fortelja meg noko, men eg forstod ikkje kva han sa på kurdisk.

Det er siste søndag i advent og Thea sit i sofaen heime i Hommersåk. Ho fortel om sitt fyrste møte med Nabaz då ho var på Lesvos som frivillig i oktober. Dei kom i snakk utanfor flyktningleiren i Moria, der han budde i telt saman med kona Bayan (24) og dei to sønene Barez (6) og Bahez (2).

SE OGSÅ: Bendik (28) er klovn i ein flyktningleir

− Det fyrste Nabaz gjorde var å visa bilete av kona si. «Bra?», spurde han. Han var så stolt over familien sin.

Ved hjelp av ein ven får Thea omsett kva Nabaz har fortalt på telefon. Det hadde vore ein eksplosjon i teltet han og familien budde i. Sonen Barez på fem år hadde mista livet. Kona Bayan og den andre sonen, Bahez, hadde livstrugande skader.

− Det var på fredag. På tysdag skreiv eg eit innlegg på Facebook og forklarte kva som hadde skjedd. På torsdag veka etter bestilte eg billett, og søndag reiste eg ned.

Thea er ein kort tur heime i Hommersåk før jul for å ta ein eksamen, men får daglege oppdateringar frå Nabaz  - her via Facetime.  Foto: Siri Bråtveit
Thea er ein kort tur heime i Hommersåk før jul for å ta ein eksamen, men får daglege oppdateringar frå Nabaz – her via Facetime. Foto: Siri Bråtveit

Via vener og kjende på Facebook samla Thea inn pengar til Nabaz og familien. Innlegget ble delt av både kjende og ukjende som ynskte å bidra. Enn så lenge er den medisinske behandlinga Bayan og Bahez får gratis, men etter den omfattande behandlinga dei går gjennom, skal eit liv igjen stablast på beina for familien på flukt som no berre tel tre.

Thea si største frykt er at dei må tilbake i ein flyktningleir.

− Eg skal gjera alt som står i mi makt for at det ikkje skjer.

I dag er det pynta til jul heime hjå Thea, og langbordet i stova er dekka til fest. Lukta av pinnekjøt breier om seg i huset. Snart kjem besteforeldra til Thea på ein tidleg julemiddag saman med henne, dei tre yngre syskena hennar og foreldra. Ho er heime frå Hellas ein kort tur for å ta ein eksamen.

Allereie om to dagar pakkar ho kofferten og reiser igjen ned til Nabaz, Bahez og Bayan i Athen.

På sjukehuset i Athen

På det inste rommet i ein gang pynta til jul, på eit barnesjukehus i Athen, sit Thea. Ho stryk to år gamle Bahez på panna. Han har bandasje som dekkar overkroppen frå armane og ned til beina. Bandasjen er ei veke gammal no, og byrjar å bli brun og skitten.

Under den skitne bandasjen skjuler det seg ein sterkt forbrent barnekropp.

− Så her bur me, seier Thea og ser rundt seg i rommet som ho og Bahez delar med to andre brannskadde born og foreldra deira. Alle tre skadde i ulukker i flyktningleirar i ulike delar av Hellas.

I det eine hjørnet står det tre store senger. Om kvelden trillar Thea senga si bort ved sida av Bahez si, slik at ho kan stryka han over panna når han vaknar om natta. Ho har verken pute eller dyne, og berre av og til får ho eit laken ho kan leggja over den vasstette, klamme madrassa som liknar mest ein tjukkas som ein finn i gymsalar.

Thea har no flytta inn på dette rommet, og ho veit ikkje kor lenge ho blir buande.

− Eg har permisjon frå jobben fram til mars, og håpar at det ikkje skal vera bruk for meg lenger enn det.

Når Bahez vaknar om nettene er det ofte berre at Thea stryk han over panna som skal til for at han sovnar igjen.  Foto: Siri Bråtveit
Når Bahez vaknar om nettene er det ofte berre at Thea stryk han over panna som skal til for at han sovnar igjen. Foto: Siri Bråtveit

Fordi Bahez og Bayan ligg på kvart sitt sjukehus, kan Thea og Nabaz fordela seg slik at verken son eller mor treng å vera åleine for lenge om gangen. Utan Thea hadde Nabaz blitt nøydd til å vera hjå sonen sin, og ikkje hatt moglegheit til å besøkja kona si som ligg på eit sjukehus ein halvtime unna. Ho er endå hardare skadd enn Bahez og er tilkopla respirator.

Når Thea er her får dei høve til å vera saman i sorga over sonen Barez som dei har mista.

Kommunikasjonsproblem

− Fleire av sjukepleiarane lurte veldig på kven eg var i starten. Men eg trur dei synes det er fint å ha meg her no, sidan eg er den einaste som snakkar engelsk på rommet, seier Thea.

Verken Nabaz eller dei andre foreldra som er med borna sine, snakkar særleg mykje engelsk. Og sjølv om Thea kan litt arabisk, er ho langt frå flytande. På kurdisk kan ho berre enkle ord.

Samtalane på rommet mellom Thea, Nabaz og dei andre foreldra går difor på ei blanding av kurdisk, arabisk, norsk og engelsk.

Nabaz mista den fem år gamle sonen sin Barez då ein gasstank i teltet deira eksploderte. Kona Bayan og sonen Bahez (2) overlevde så vidt. Foto: Siri Bråtveit
Nabaz mista den fem år gamle sonen sin Barez då ein gasstank i teltet deira eksploderte. Kona Bayan og sonen Bahez (2) overlevde så vidt. Foto: Siri Bråtveit

Ein lege i grøne klede, i 50-60 åra kanskje, kjem inn og seier til Thea at Bahez skal opererast i morgon, og at han må fasta frå midnatt. Så forsvinn han ut like raskt som han kom inn. Kva tid han skal opererast eller akkurat kva som skal bli gjort, seier han ikkje noko om. Legane her er ikkje like opptekne av å informera og forklara om kva behandling som blir gitt som i Noreg.

− Dei fyrste dagane stilte eg hundrevis av spørsmål, og ingen av legane likte meg.

Dei veit best, og Thea har etter kvart lært seg å ikkje stilla alle spørsmåla på ein gong.

− Men eg stolar på dei, for eg har sett at det dei gjer er bra.

Jul på sjukehuset

For Thea vart det alt anna enn ei tradisjonsrik norsk jul i år, og sjølve julekvelden passerte som alle andre kveldar.

− Det er jo berre eg som er vand med å feira jul av oss på rommet.

Flyktningane Thea delar rom med er muslimar, og dei har ikkje tradisjon for å feira jul.

Bahez ropar på både mora og storebroren sin som han ikkje har sett sidan ulukka.  Enn så lenge er han uvitande om at han aldri vil få sjå broren sin igjen. Foto: Siri Bråtveit
Bahez ropar på både mora og storebroren sin som han ikkje har sett sidan ulukka. Enn så lenge er han uvitande om at han aldri vil få sjå broren sin igjen. Foto: Siri Bråtveit

Tidlegare på dagen kom Nabaz ein kort tur innom med frukost til Thea og for å helsa på – etter å ha vore hjå kona Bayan det siste døgnet.

− Like før hadde både guten i nabosenga og mora hans kasta opp, og me var redde for at det kunne vera omgangssjuka.

Berre tanken på at vesle Bahez skulle bli smitta og spysjuk i tillegg, vart så skremande at Nabaz svimte av og datt i golvet.

− Eg veit han ofte svimar av, men det var fyrste gong eg såg det. Det var vanskeleg.

Kort tid etter måtte Nabaz tilbake til kona Bayan, og Thea vart igjen sitjande åleine med Bahez.

− Etter at han gjekk vart det veldig einsamt, fortel Thea.

På dette rommet skal Thea bli buande på ubestemt tid - og i alle fall fram til mars. Foto: Siri Bråtveit
På dette rommet skal Thea bli buande på ubestemt tid – og i alle fall fram til mars. Foto: Siri Bråtveit

Då er det godt å ha ei mor som alltid tek telefonen når Thea ringjer. Heime i Hommersåk kunne ho fortelja om ei julefering som gjekk sin vante gang.

− Det var godt å snakka med dei heime, ynskja dei god jul, og høyra om korleis deira julefeiring hadde vore. Det roa meg litt ned.

Sjølv om Thea gjer seg så sterk ho kan, og prøver å halda motet oppe så godt ho kan, er ikkje tårene langt unna når det blir snakk om ulukka og Barez som måtte bøta med livet.

− Eg får heile vegen ei kjensle av at eg har så lyst til å skru tilbake tida. Kvifor skjedde dette? Eg har så lyst at det aldri skulle ha hendt dei, ikkje med nokon, men at det aldri skulle ha skjedd.

Avstanden Athen-Hommersåk har aldri virka lenger. Julefeiring med pinnekjøt og gang rundt juletreet har aldri vore fjernare.

Ein del av familien

Det heile kan frå utsida synast absurd; ei blond norsk ung kvinne på eit sjukehusrom saman med berre flyktningar i Athen. For Thea er det naturleg.

− Nabaz er ein god venn. Eg hadde gjort det same for alle dei andre venene mine heime i Noreg.

 

Thea har no blitt ein naturleg del av den vesle kurdiske familien, og meiner ho også sjølv får noko ut av det å vera her.

− Eg får mykje kjærleik og takksemd for at eg er her, og det kjennes jo bra.

Kor lenge ho blir veit ho ikkje sikkert. I fyrste omgang er planen å bli her fram til mars. Men så langt fram i tid greier ikkje Thea å tenkja no.

− Eg tek dag for dag. Akkurat no verkar mars veldig fjernt.

► Høyr heile historien om Thea i P3-dokumentaren «Jul i Hellas»

Siri Bråtveit

Dokumentarist Siri Bråtveit


 

På to rekkjer står isoboksane som er heimane til nærare 700 flyktningar i Nea Kavala nedover den nedlagde flystripa. Foto: Siri Bråtveit
På to rekkjer står isoboksane som er heimane til nærare 700 flyktningar i Nea Kavala nedover den nedlagde flystripa. Foto: Siri Bråtveit

 

Då grensene stengde

 

Begge hadde dei vanlege jobbar i Noreg. No går kvardagen til Siv N. Sandvold (32) og Marie Norman Hjorth (29) med til å driva flyktningleir i Hellas.

 

Det er desember i Oslo. Siv sit heime i stova si på Sofienberg og drikk kaffi frå ein Mummi-kopp. Som koordinator har ho blant anna ansvaret for å rekruttera frivillige til Dråpen i Havet sitt arbeid i flyktningleiren Nea Kavala nord i Hellas. I tillegg har ho dagleg kontakt med koordinatorane i felt, og er deira kontaktperson heime i Noreg.

− Det er så og seia fulltid, men det er jo frivillig, så eg er nøydd til å ha ein anna jobb i tillegg.

Til dagleg arbeider Siv som psykiatrisk sjukepleiar. Yrkesvalet tok ho etter eit opphald i Afrika. Då var draumen å reisa ut med Leger uten grenser og driva humanitært arbeid.

− Så vart eg sjukepleiar, men reiste ikkje ut. Eg vart komfortabel i jobben med ei fast lønn og livet mitt i Oslo.

Siv meiner ho ikkje er så ”julete” av seg, og har ingen problemer med å byta ut den tradisjonelle norske juleferinga med jul i Hellas. Foto: Siri Bråtveit
Siv meiner ho ikkje er så ”julete” av seg, og har ingen problemer med å byta ut den tradisjonelle norske juleferinga med jul i Hellas. Foto: Siri Bråtveit

Sjølv om Siv etter kvart levde det normale A4-liv i Oslo, forsvann ikkje draumen om å reisa ut og hjelpa med det ho kunne.

− Det har alltid lege i meg, og eg har under fleire større katastrofar klødd i fingrane etter å bidra.

Då Siv oppdaga at den vanlege mannen i gata kunne reisa og hjelpa til i flyktningkrisa, såg ho det som ein moglegheit.

− Eg tenkte at no gjer eg det. No er det min sjanse til å få lov til å gjera noko som eg har ynskt å få gjera veldig lenge.

Sommaren 2015 reiste ho til Hellas som ein del av Dråpen i Havet sitt aller fyrste organiserte team.

− Då var jobben vår å stå på strendene og ta imot båtane som kom. Det opplevde ikkje eg som så veldig dramatisk. Det var varmt i vêret og dei fleste var glade og letta over å ha nådd Europa.

På den tida vart ikkje flyktningane verande så lenge i Hellas før dei reiste vidare nordover til andre land i Europa. Då var grensene framleis opne.

Ei usikker framtid

Våren 2016 vart grensekontrollane i Europa skjerpa. Grensa mellom Makedonia og Hellas vart stengd, og flyktningane fekk ikkje komma gjennom.

Dei som ikkje hadde rokke å komma seg vidare og ut av landet før då, vart sitjande fast i Hellas.

− Då eg kom tilbake i mars 2016, såg eg ei heilt anna håpløyse i augene deira. No var dei fanga. Grensene var stengde og dei visste ikkje kva dei skulle gjera, fortel Siv.

I følge tal frå UNHCR kom det meir enn 170.000 flyktningar til Hellas i løpet av 2016. For mange av dei som ikkje kom seg vidare før grensene stengde, betydde det ei usikker framtid i flyktningleir.

Nea Kavala blir drive av det greske militæret saman med UNHCR og andre mindre organisasjonar. Dråpen i Havet er ein av desse. Foto: Siri Bråtveit
Nea Kavala blir drive av det greske militæret saman med UNHCR og andre mindre organisasjonar. Dråpen i Havet er ein av desse. Foto: Siri Bråtveit

Flyktningleiren Nea Kavala ligg på ei nedlagd flystripe nord i landet. Leiren er driven av det greske militæret saman med UNHCR, men fleire andre hjelpeorganisasjonar er også på plass for å bidra, blant anna Dråpen i Havet.

Om berre nokre dagar reiser Siv til Hellas for å feira jul saman med flyktningane i Nea Kavala. Bekymra for heimlengsel er ho ikkje.

− Eg er ikkje så veldig julete av meg, så det går nok veldig fint, seier ho og ler.

Skitne pyjamasbukser og stilletthælar

Det er vesle julaftan. I eit varelager i den vesle byen Gorgopi tek Marie imot fire pallar med klede som har blitt donert og sendt frå Spania.

− Desse har eg store forventingar til. Dei er samla saman av ei som var frivillig her tidlegare i haust, så ho veit kva som trengst.

Mykje av tida til dei frivillige går med til sortering av donerte klede. Sidan Dråpen i Havet er avhengig av private donasjonar, veit ein aldri kva dei får. Marie fortel om at det dukkar opp litt av kvart.

− Skitne pysjamasbukser og stilletthælar er noko av det me har motteke. Det er utruleg kva folk får seg til å senda.

Mykje av tida til dei frivillige går med til sortering av donerte klede. Her blir pappøskjer med vinterklede gjort klar til å fraktast til Athen. Foto: Siri Bråtveit
Mykje av tida til dei frivillige går med til sortering av donerte klede. Her blir pappøskjer med vinterklede gjort klar til å fraktast til Athen. Foto: Siri Bråtveit

Alle beburarane i Nea Kavala skal no ha fått utdelt vinterklede. Det er kaldt og bles surt i Nord-Hellas. Om det ikkje blir kvit jul i år, er det vinter i Hellas også. Gradestokken ligg rundt null.

I ei leilegheit over varelageret har Marie budd sidan oktober. Som feltkoordinator er eitt av prosjekta ho har arbeidd mest med, å få i stand det som liknar ein butikk der flyktningane kan få kjøpa klede. Føremålet er at bebuarane i leiren skal sleppa å bli nøydd til å stilla seg i kø for å få utdelt noko som kanskje ikkje ein gong passar. I butikken betaler ein ikkje med pengar, men med drops – som alle får utdelt.

− Det å sjå bebuarane komma inn, rake i ryggen og ha eit val for fyrste gong på lenge, er nok den største augneblinken i løpet av tida mi her nede, fortel Marie om opningsdagen av butikken.

Marie har ei mastergrad i finans og har arbeidd fire år som konsulent. I fjor sommar sa ho opp jobben sin i Oslo for å reisa til Hellas og arbeida frivillig.

− Eg hadde fast jobb, god inntekt og vener og familie i nærleiken. Eg levde eit trygt liv.

Sjølv om alle bebuarane skal ha fått utdelt vinterklede, er mange born tynt kledd. Foto: Siri Bråtveit
Sjølv om alle bebuarane skal ha fått utdelt vinterklede, er mange born tynt kledd. Foto: Siri Bråtveit

I takt med at fokuset på flyktningkrisa i media auka, kjende Marie meir og meir på ei kjensle av at det ho haldt på med var likegyldig.

− Eg vart så lei av meg sjølv og alt det trivielle som fylde dagane mine.

Det kom til punktet der ho bestemde seg for å bruka ressursane sine og arbeidskapasiteten sin ein stad det verkeleg var bruk for det.

I januar skal ho tilbake til Noreg og søkja ny jobb, noko ho har blanda kjensler rundt.

− Ein opplever at det ein gjer her er veldig, veldig viktig. Eg er bekymra for å ikkje finna ein jobb i Noreg som gir meg den same kjensla.

Livsfarlege koplingar

For berre ein månad sidan budde flyktningane i Nea Kavala i telt, telt som blas overende i vindkasta på flystripa utan ly for vind og vêr. No har alle flytta inn i det som blir kalla isoboksar, kvite kontainerar som ligg på to rekkjer nedover flystripa.

Men alle problem er slett ikkje løyste av den grunn.

Dei nærare 700 bebuarane har berre tilgang på kaldt vatn, og det elektriske anlegget er ikkje dimensjonert for å forsyna så mange husstandar med straum. Langs flystripa ligg det kablar med livsfarlege koplingar som flyktningane har tjuvkopla seg på straumlinjene som passerer.

− Ein dag det regna var det ei frivillig som fortalde at ho fekk støt av alt ho tok på i leiren, fortel Marie.

Gjerder omringar leiren, og berre registrerte frivillige får komma inn mot å visa pass i militæret sin vaktpost ved inngangen. Foto: Siri Bråtveit
Gjerder omringar leiren, og berre registrerte frivillige får komma inn mot å visa pass i militæret sin vaktpost ved inngangen. Foto: Siri Bråtveit

Kva som vil skje den dagen det for alvor høljar ned og vatnet som leiar straum legg seg på asfalten, kan ein berre førestilla seg. Men i dag er det kaldt og dei treng den straumen dei kan få.

Både Siv og Marie fortel at læringskurva har vore bratt sidan dei utan liknande erfaring tok på seg ansvaret for drifta av flyktningleiren Nea Kavala i samarbeid med andre organisasjonar. Å driva hjelpearbeid i ein flyktningleir er seriøst arbeid.

− Det handlar ikkje lenger berre om å stå på strendene å ta imot båtar og kunne reisa heim når du vil, slår Siv fast.

No har det blitt ein fulltidsjobb for dei begge, og det handlar i større grad om å gjera kvardagen til dei som sit fast i Hellas, i uvissa om sitt eige liv og framtid, litt betre.

Den vanskelege tilliten

Tilliten til flyktningane har det teke tid å byggja opp. Ikkje alle hjelpeorganisasjonar er bygd opp kun av frivillighet og donasjonar slik som Dråpen i Havet, og i eit mylder av ulike utanlandske organisasjonar er det ikkje alltid like lett å skilja dei frå kvarandre.

At Siv og dei andre frivillige ikkje får betalt for jobben dei gjer, er det ikkje alle som skjønar. Irritasjonen og mistilliten til éin organisasjon, verkar difor negativt inn på dei andre. Her er det Dråpen i Havet er avhengig av å få hjelp av tolkar.

Tolkane Dråpen i Havet brukar er flyktningar som snakkar engelsk og som sjølve bur i leiren. Gjennom dei prøver Marie og Siv å formidla kva organisasjon Dråpen i Havet er og kva dei bidrar med.

Til dagleg blir det lite tid til leik med borna for norske Marie og britiske Nathalie, som begge arbeider som feltkoordinatorar for Dråpen i Havet i Nea Kavala. Julefeiringa Dråpen i Havet har organisert for bebuarane i leiren, er også ein fin måte for dei frivillige å bli betre kjende med både store og små. Foto: Siri Bråtveit
Til dagleg blir det lite tid til leik med borna for norske Marie og britiske Nathalie, som begge arbeider som feltkoordinatorar for Dråpen i Havet i Nea Kavala. Julefeiringa Dråpen i Havet har organisert for bebuarane i leiren, er også ein fin måte for dei frivillige å bli betre kjende med både store og små. Foto: Siri Bråtveit

Frå å reisa ned for å direkte hjelpa menneske som lid på strendene, har Siv etter kvart blitt nøydd til å endra tankegangen til å tenkja «no må me arbeida på ein viss måte fordi organisasjonen Dråpen i Havet treng å få tillit til flyktningane og me må framstå profesjonelle».

Med så mange menneske i så fortvila og håplause situasjonar, er det mange dilemma ein må ta stilling til. Til dømes må distribusjon av klede og turrmat vera godt gjennomtenkt og planlagt, slik at det er nok til alle og det blir ei rettferdig utdeling.

− Om ein har 1000 bebuarar men berre 200 tepper, skal ein då la vera å dela ut teppa til kalde flyktningar til dei har nok teppe til alle?

Problemstillingar som dette har blitt ein del av kvardagen til Siv og Marie etter at dei byrja å arbeida som koordinatorar i Nea Kavala.

Isoboks A88

I isoboks A88 bur sytten år gamle Sidra saman med foreldra og veslesystera si. Dei flykta frå Syria for fem år sidan og sidan då har ikkje Sidra gått på skule. Den eitt år eldre broren hennar kom seg til Tyskland før grensene stengde, og er no der utan papir. Kva tid Sidra og familien får sjå han att, veit dei ikkje.

Kontaineren dei bur i kan ikkje vera stort meir enn 15 kvadrat. Veggene er tomme og kvite – forutan eit par små sommarfugl-klistermerke klistra opp i eit hjørne.

Sidra er ein av dei nærare 700 bebuarane som ikkje veit kor lenge ho kjem til å bli buande på ei nedlagt flystripe nord i Hellas. Det er fem år sidan ho og familien hennar reiste frå Syria. Foto: Siri Bråtveit
Sidra er ein av dei nærare 700 bebuarane som ikkje veit kor lenge ho kjem til å bli buande på ei nedlagt flystripe nord i Hellas. Det er fem år sidan ho og familien hennar reiste frå Syria. Foto: Siri Bråtveit

Siv kallar forholda flyktningane lever under inhumane, og fortel om dei som prøver å komma i kontakt med menneskesmuglarar for å reisa tilbake til Syria.

− Ein ting er alt dei har opplevd i krig og det dei har vore gjennom på reisa og på flukta, men å sitja å venta slik utan å få informasjon, utan å vita kva som skjer frå dag til dag, det er verre enn alt.

Fleire av flyktningane Siv kjenner fortel at dei slit psykisk no.

Jul i leiren

Marie hadde kjøpt med seg risgrynsgraut, og var budd på å sitja åleine på julekvelden. Slik vart det ikkje. Aldri før har Dråpen i Havet hatt større pågang frå folk som ynskjer å arbeida frivillig i jula.

Saman med dei andre frivillige har Siv og Marie invitert bebuarane til julefeiring der dei serverer te og heimebaka kjeks. Etter to annonseringar over høgtalaranlegget i Nea Kavala, byrjar folk å strøyma til. Det som til vanleg fungerer som butikklokalet er i dag pynta med glitrande julekuler, blinkande lys og fargerik julepynt som barna sjølv har vore med å laga.

Frivillige og hjelparar frå leiren samla for eit gruppebilete før dørene opnar og det er klart for julefeiring i Nea Kavala. Foto: Siri Bråtveit
Frivillige og hjelparar frå leiren samla for eit gruppebilete før dørene opnar og det er klart for julefeiring i Nea Kavala. Foto: Siri Bråtveit

− Ein stor del av ynskjet om å reisa ned som frivillig, handlar om å kunne vera der som eit medmenneske, meiner Siv.

− Det å få snakka med dei, høyra historiene deira, er med på å gjera opphaldet som frivillig rikare.

Det er det høve til i dag. Praten mellom flyktningar og frivillige går nokre gonger på engelsk, andre gonger på arabisk og engelsk med ein anna flyktning som tolk. Kva tid det skal bli deira tur til å flytta frå Nea Kavala og starta livet på nytt – forhåpentlegvis ein stad i Europa – er det dei færraste som veit noko om. Det einaste dei veit noko sikkert om er det livet dei ein gong levde og reisa dei har lagt bak seg.

Til Nea Kavala og andre flyktningleirar rundt om i Hellas kjem det frivillige frå mange ulike land som ynskjer å hjelpa til med å gjera kvardagen til menneska som ikkje kjem seg nokon stad, berre litt betre.

Og når det ikkje lar seg gjera, så viser ein i alle fall at ein bryr seg. At nokon bryr seg. Også i jula.

Dei eldre borna er flinke til å ta vare på dei mindre i flyktningleiren Nea Kavala. Foto: Siri Bråtveit
Dei eldre borna er flinke til å ta vare på dei mindre i flyktningleiren Nea Kavala. Foto: Siri Bråtveit

Arbeidet i flyktningleiren har gitt nytt perspektiv for begge dei norske damene. For Marie har det gitt innsikt i kor omfattande flyktningkrisa er, men at det faktisk nyttar å hjelpa. For Siv har ein draum blitt oppfylt.

− Endeleg har eg fått moglegheit til å arbeida med noko eg brenn sterkt for. Det kjennes veldig meiningsfult.

► Høyr meir om livet i flyktningleiren i P3-dokumentaren «Jul i Hellas»

Siri Bråtveit

Dokumentarist Siri Bråtveit


 

Korleis kjens det å flykte?

 

 

Flukt: Kven er flyktningane, og kva flykter dei frå? Kva slags liv venter dem i Europa? I denne serien reiser Leo Ajkic langs flyktningenes ruter.

 


 

Fleire historier frå P3 Dokumentar

 

dok_flukt

 

I «Mennesker på flukt» kan du sjå 38 miniportrett frå den greske turistøya Kos.
 

dok_heimanfra

 

Korleis er livet for unge flyktningar som nettopp har kome til Europa? Høyr og les P3-dokumentaren «Første gong heimanfrå».


 

P3dok som podkast

 

Alle våre radiodokumentarar kan lastast ned som podkast, slik at du kan høyre på desse når du vil – og kor du vil. Abonner på våre podkastar enten via Itunes eller via RSS.

(NB! All musikk som vert brukt i våre dokumentarar er ikkje alltid med i podkastversjonane grunna opprettshav. Fullversjonane – slik dei vert sendt på radio – kan du strøyme her på vår nettside.)