«Mannen bakom Greta»

– Hallo hallo, hör du mig? Hur er din svorska?

Det er det tredje forsøket eg gjer på å intervjue klimaaktivisten Bo Thorén. Første gongen hadde han ikkje tid til svare på eit par spørsmål. Andre gongen forstod han visst ikkje norsk. Sjølv om eg forsøkte å forklare at nynorsk var enklare å forstå for ein svenske. Etter ei lengre e-postutveksling er han no villig til å la seg intervjue.

– Ein blir litt uroleg når sitt eige namn dukkar opp i ulike samanhengar. Kva konsekvensar vil det få for dei tre ungane mine, kona og meg? seier klimaaktivisten frå Ånimskog i Dalsland, ein time med køyring frå norskegrensa.

Det er få ting som hissar folk så mykje opp som klimadebatten og Greta Thunberg. Thorén fortel at han også har vore skeptisk til å snakke med journalistar.

– Eg har fått med meg at det i Noreg finst ei forteljing som ikkje stemmer, og dette er kanskje ein måte å gi eit anna bilete på historia, seier han.

«Edderkoppen i nettet»

Få månader etter at Greta Thunberg sette seg ned med streikeplakaten, på eit torg i Stockholm i august 2018, byrja namnet hans å bli nemnt. Særleg på nettstader langt til høgre i det politiske landskapet: «Bo Thorén – spindeln i nätet», «Edderkoppen», «Mannen bakom Greta».

Det tok ikkje lang tid før liknande påstandar også dukka opp i Noreg: «Endeleg fann Bo Thorén si lokkedue», heitte det i ein Youtube-video. «Thorén tener pengar på å skremme ein heil generasjon», lét det i ein anna. Ei engelskspråkleg side skreiv at «Bo Thoren brukar Greta som eit marknadsføringsverktøy.»

Etter sjokktala frå Greta Thunberg i FN i september 2019, blei også meir tradisjonelle media opptatt av kven som stod bak 16-åringen.

– Det er openbart eit barnestjerneapparat rundt henne. Ho kom ikkje av seg sjølv ned frå Sinai-fjellet, liksom, sa VGs Anders Giæver i «Dagsnytt 18».

Han åtvara mot «å bruke ungdom i eit barnekorstog for å nå eit mål».

I programmet «Ukeslutt» meinte psykiater Fred Heggen at Thunberg spreidde «dommedagsprofetiar», og han etterlyste at media sette søkelys på apparatet bak Stockholmsjenta.

Heggen nemnde eit konkret namn: Bo Thorén.

Fossilfritt Dalsland

Me spolar tilbake til 2012. Verda har allereie gløymt klimafilmen til Al Gore, «Ei ubehageleg sanning». Men det er i dette året den da 43 år gamle data- og sivilingeniøren Bo Thorén vaknar. Han ser filmen «Home» av Yann Arthus-Bertrand – franskmannen med dei spektakulære luftfotografia.

– Filmen viser kor vakker planet Jorda er, og kor dyktige me er til å øydelegge ho. Fram til da hadde eg tenkt at andre kom til å engasjere seg og fikse problemet, men no skjønte eg at det berre blei verre og verre.

Thorén måtte prøve å fikse det sjølv. Han tok kampanjen «Fossil Free» til Sverige, der dei jobba med å sluse pengar vekk frå fossilindustrien. Dei fekk kommunar, universitet, ja til og med miljøorganisasjonar, bort frå å investere pengar i kol- og oljeselskap. På same tid flytta familien frå Göteborg til eit småbruk i Ånimskog, ein halvtime med køyring frå den einaste byen i distriktet, Åmål.

I 1998 blei småbyen berømt gjennom filmen «Fucking Åmål», som ein stad ungdom ville komme seg bort ifrå.

I 2018 følte Bo Thorén i Åmål kommune at éi gruppe mangla i klimadebatten: ungdommane.

– Det er dei som vil bli råka, men me såg dei ikkje.

Thorén freista først å få elevar til å selje klimakvoter i staden for kaker for å finansiere skuleturar, utan særleg suksess. Han reiste rundt i Sverige med andre idear, men kom stadig svært skuffa heim. Han freista samstundes å vekke engasjement hos svenske pensjonistar. Også det var mislukka.

STREIKAR: Bo Thorén tok med dottera på skulestreik i Stockholm. Foto: Privat

– Men eg er ustoppeleg på å ringe folk. Eg har ringt veldig mange. Og omsider får ein napp.

Skuleskyting

Det var ei tragedie som fekk snøballen til å rulle.

På Valentinsdagen, den 14. februar 2018, begynte 19 år gamle Nikolas Cruz å skyte om seg på ein vidaregåande skule i Parkland, Florida. 17 elevar blei drepne, ytterlegare 17 blei skadd. Det var den fjerde mest døydelege skuleskytinga i USA si historie.

Ein månad seinare, under emneknaggen #enough, nok, forlét nær ein million elevar skulane sine. Dei skulestreika i nøyaktig 17 minutt.

– Eg tenkte at dette skulle me kunne ta til Sverige, berre med klima i staden for våpenpolitikk. Eg skjønte at me aldri ville få foreldra til å halde ungane heime, men kanskje ungdommane sjølve ville forstå at dei hadde ei stemme, fortel Bo Thorén.

Klimaaktivisten frå Dalsland forsøkte å verve unge streikande gjennom fleire videokonferansar. Få var interesserte.

Samtidig engasjerte Thorén seg i Extinction Rebellion Sverige, ein aktivistorganisasjon som jobbar for nullutslepp innan 2025. Rørsla har fått mykje kritikk for å vere for ekstrem, men har i Noreg fått støtte frå eit A-lag av kulturfolk og akademikarar, som Knausgård, Gaarder og Hylland Eriksen.

I slutten av mai 2018 hadde Svenska Dagbladet ei skrivetevling der unge skreiv inn debattinnlegg om klima. Thorén tok kontakt med foreldra til ho som vann tevlinga. Dei var ikkje interesserte. På andreplass kom ei 15 år gamal Stockholm-jente med musefletter. Thorén tok kontakt med faren hennar, skodespelaren Svante Thunberg. Han kunne snart melde at dottera Greta ville vere med på eit videomøte.

– Allereie på det første møtet verka Greta Thunberg gira på tanken om skulestreik. Det blei tydeleg at ho ville gjere det uavhengig av kva andre ville. Og det var tydeleg at ho hadde både motet og personlegdomen til å gjennomføre det, seier Thorén.

– Openbart ikkje på eigne vegne

Ein av dei som meiner at media burde fokusert meir på kreftene bak Greta Thunberg er Lars Akerhaug. Han er redaksjonssjef i nettstaden Resett, som vel kan seiast å ligg eit godt stykke til høgre på den politiske aksen. Dei har hatt over 200 saker om Thunberg, dei fleste kritiske.

– Det er openbart at ho ikkje agerer på eigne vegne. At ho har eit nettverk rundt seg som ønsker ei framskoten rolle som ein som taler klimasaka, også globalt.

– Kva er problematisk med at ho har eit lag rundt seg?

– Det er ikkje nødvendigvis problematisk, men me snakkar om ein mindreårig person der meiningane vert tillagt stor vekt. Og dei etablerte media har ikkje vore så flinke til å få fram at det ikkje var ein 15-åring som berre fekk for seg at ho skulle streike.

– Kva konkret tenker du fekk henne til å streike?

– Eg kjenner ikkje hennar personlege motiv, men det er veldig tydeleg at ho har ei mor som har puffa henne inn i offentlegheita. Og det er dei som meiner at det kan vere problematisk å dytte fram ei så ung jente, ikkje berre i svensk offentlegheit, men til å bli ei verdsstjerne.

KLIMAVAKTBIKKJA: Har Greta Thunberg blitt dytta ut i rampelyset? Foto: NTB scanpix/Virginia Mayo

Sjølv hevdar Thunberg-familien at det var Greta Thunberg som til slutt overtydde både faren og mora om at dei måtte bry seg om klima og engasjere seg. At det var Greta som tvang mora Malena Ernman til å slutte å fly, slik at ho måtte slutte i jobben som internasjonal operastjerne.

Men i familiebiografien «Huset brenner» stod det ingenting om Bo Thorén.

Gjekk viralt direkte

I august 2018 fekk Bo Thorén ein e-post som fortalde at Greta Thunberg hadde tenkt å gjennomføre streiken. Morgonen 20. august sykla 15-åringen og hennar far gjennom eit Stockholm som var ferdig med tidenes varmaste sommarferie. Greta sette seg ned på Mynttorget framfor den svenske Riksdagen, med ein heimelaga streikeplakat frå ein restplankebit til 20 kroner: «Skolstrejk för klimatet».

Allereie den første dagen blei ho spreidd i sosiale media over heile Sverige. Den andre dagen drog Bo Thorén til Stockholm med si yngste dotter og deltok i streiken. I løpet av ei veke hadde nyheita om skulestreiken spreidd seg over heile Europa, og snart tok CNN kontakt med 15-åringen frå Stockholm.

MYNTTORGET I STOCKHOLM: Skulestreiken tiltrakk seg kjapt både presse og andre streikande elevar. Foto: Bo Thorén

Eitt år etter at Greta Thunberg først sette seg ned med plakaten, hadde 7,5 millionar menneske skulestreika rundt i verda.

– Kva tenker du om at rundt 7,5 millionar har deltatt på desse massestreikene du har initiert?

– Eg skal ikkje seie at eg har initiert dei, men det er ei rekke av lykkelege omstende. Greta hadde lysta til å gjere noko, men sakna verktøya. Eg hadde ein idé. Til slutt møttes me, og Greta hadde kunnskapen og personlegdomen til å ta det vidare. Det er fantastisk, men det kravde ei som Greta, og det vil krevjas mange som Greta.

– Det held ikkje med 7,5 millionar, men mange, mange fleire. Minst 750 millionar, meiner Thorén.

– Ideen er jo noko av det viktigaste her. I kva grad føler du å ha fått rettmessig ære for den?

–  Om ein er ute etter ære eller pengar, er det veldig mange andre saker enn klima ein kan drive med. Eg har vore ei lita brikke i det som har skjedd her. Og er veldig glad for at det har blitt som det har blitt.

Russisk statspropaganda

Om ideen er karosseriet for kvar ei nyvinning, er marknadsføring katalysatoren.

Det er her ein anna «mannen bak Greta Thunberg» kom inn i biletet: Forretningsmannen Ingemar Rentzhog.

Gründeren bak klimaselskapet «We Don’t Have Time» dukka opp med fotografar hos den skulestreikande Thunberg allereie ein av dei første dagane, og spurte om dei kunne filme og ta bilete. Desse spreidde dei effektivt på Youtube, og til sine 20.000 følgjarar på Twitter.

Samtidig fekk Greta Thunberg god spreiing i sosiale media av dei 45.000 Twitter-følgjarane til mora. Operastjerna har vore A-kjendis i Sverige sidan ho konkurrerte mot Alexander Rybak i Eurovision Song Contest 2009 (sjølvsagt sjanselaust).

MOR ER MED: Greta Thunberg deltok i klimastreik saman med mor si, Malena Ernman, i New York i fjor. Foto: REUTERS/Lucas Jackson

Men eit halvt år seinare blei det kjent at forretningsmannen Rentzhog brukte koplinga til Greta Thunberg for å trekke til seg investorar. Da han henta inn 9,9 millionar kroner til aksjeselskapet sitt, blei namnet til Greta Thunberg løfta fram elleve gonger i prospektet – utan at hovudpersonen hadde blitt informert. Rentzhog beklaga. Og Thunberg kutta banda til forretningsmannen.

I haust hevda EU sitt organ mot falske nyhende at russisk statspropaganda køyrde fleire skitkastingskampanjar mot Thunberg. I ein av desse skulle det bli hevda at Ingemar Rentzhog finansierte Greta Thunberg – med russiske pengar.

Rentzhog fortalde til TV4 at han var sikker på at han stadig blei hacka, og at blant anna all e-posten han mottok hamna i søppelkassa.

– Ingen «står bakom» henne

På småbruket i Dalsland kan Bo Thorén framleis lese e-post. Men når han søker på namnet sitt dukkar det altså opp påstandar om at han er ein dokkeførar som styrer Greta Thunberg. Eller «edderkoppen som styrar spindelvevet sitt».

– Kva tenker du om påstandane?

– Haha. Eg skrattar. Det er smigrande faktisk. Eg er forbausa over kor mykje desse nettsidene har funne ut om meg, og det meste er rett. Men så insinuerer dei altså at eg er ein slik meisterhjerne som drar i trådane. Det er interessant at ingen av dei som formidlar desse påstandane har vore i kontakt med meg.

Han fortel at mora til Thunberg, etter ein aukande straum av teoriar og kritikk mot Greta, nemnte namnet hans på Facebook.

I starten av 2019 skreiv Malena Ernman blant anna:

«Det skrivs mycket om min dotter Greta. Och i Sverige skiljer sig det som skrivs mycket från i övriga världen. Så jag tänkte klargöra några saker.

Greta fick iden till skolstrejken från Bo Thorén från Fossilfritt Dalsland. Han kontaktade Greta och några andra unga efter att hon kom tvåa i Svenska Dagbladets skrivtävling för klimatet i maj 2018. Han hade fått tanken på en skolstrejk från skolskjutningarna i Florida där barnen vägrade gå till skolan på grund av det som hänt. Men ingen var intresserad av att göra det så då bestämde Greta sig för att göra det själv. Vi som föräldrar avrådde henne och sa att vi inte kunde stödja henne eftersom vi måste se till att hon går i skolan.

Hon har ingen och har aldrig haft någon som «står bakom»henne. All planering gjorde hon helt själv.»

Kva oppstår heilt ut av ingenting? Og kven kjem seg fram heilt utan støttespelarar? Det har vore mange teoriar om kreftene bak Greta Thunberg, medan det kanskje er mindre snakk om kva økonomiske krefter som står bak Noregs statsminister eller presidenten i USA.

– Er nok veldig ustyrleg

Etter Facebook-posten til Malena Ernman begynte telefonen å ringe hyppig i Dalsland.

– Da blei eg bekymra. Det kom mange telefonar. Heldigvis har det ikkje hatt konsekvensar for meg og min familie til no. Men eg har blitt forbausa over spekulasjonane som sirkulerar, og kor dei kjem frå, fortel Thorén

– Så du vil avkrefte at du er meisterhjernen eller dokkeføraren bak Greta?

– Haha, eg trur nok Greta er veldig ustyrleg. Det einaste eg har bidratt med er ein idé. Så er det andre som har bidrege med sosiale media, og så har vanlege media skrive om henne.

USTYRLEG: Greta Thunberg i ein ungdomsprotest for klimaet i Bristol, i slutten av februar (da ho kom heim frå reisa isolerte ho seg med mistanke om korona-smitte). Foto: Geoff Caddick/AFP/NTB scanpix

Thorén trur at media elska at Greta Thunberg på mange vis var ein usannsynleg helt, ein person få ville tenkt at skulle endre verda.

– Samtidig forsøker nokre å skape konfliktar. Ja, det finst sjølvsagt folk bak henne, forskarar som hjelper henne med fakta, og menneske som planlegg reisene hennar, men eg har ikkje hatt kontakt med Greta sidan 2018.

Høyr heile podkastserien «FENOMENET GRETA THUNBERG» her.

Webjørn S. Espeland

Journalist Webjørn S. Espeland