«Skyldig, jeg?»

P3 Dokumentar på TV:

Dokumentarserie i fem delar.

Historiar om ung, norsk verkelegheit.

Ny dokumentar kvar veke:
03.10: Skyldig, jeg?
10.10: Spor 19.

– Familien min har alltid vore veldig oppteken av klima og miljø.

Sigbjørn Holte (24) beskriv seg sjølv som ein heilt normal fyr. Han jobbar med reklame, og som mange på sin eigen alder er han glad i å ete god mat, kjøpe nye ting, og reise utanlands.

Familien lev derimot ganske annleis. Medan mora utelukkande et økologisk mat og prøver å leve mest mogleg berekraftig, lev broren eit sjølvforsynt liv på ein gard i Danmark.

Med andre ord er Sigbjørn den einaste i den vesle miljøaktivistfamilien som ikkje aktivt gjer noko for å redde planeten. Det har han fått høyre. Lenge. Men, no har han fått nok av all kritikken.

Han vil sjekke om det er mogleg å leve heilt berekraftig – og om det faktisk hjelper.

Sjå heile dokumentaren øvst i saka.

Sigbjørn (24) lev i ein veldig miljøbevisst familie, men har aldri vore særleg oppteken av det sjølv. Foto: Eivind Aurstad
Sigbjørn (24) lev i ein veldig miljøbevisst familie, men har aldri vore særleg oppteken av det sjølv. Foto: Eivind Aurstad

 

Miljøsyndaren

 

– Eg har alltid visst om klimatrusselen, men aldri interressert meg noko særleg for det.

Sigbjørn, ein skamplett i familien, eit svart miljøfår. For å tene pengar til livets opphald har han laga reklamar som skal få fleire til å ete meir, kjøpe meir, reise meir.

Heile livet har han blitt fortalt at jorda kjem til å gå under dersom me ikkje gjer noko, utan at han har gjort nemneverdig med det sjølv. No skal det derimot endre seg.

– Mamma har ikkje tvunge meg til å gjere dette, berre så det er sagt. Men ho har alltid vore flink til å gjere meg merksam på miljø-utfordringane som fins i dagens samfunn, fortel Sigbjørn.

Mora har blant anna skrive doktorgrad om berekraftig utvikling, og har jobba mykje med forsking på korleis me øydelegg planeten med forbruket vårt.

– Men då eg fekk jobb innan reklame fekk eg kjeft. For ho er var det sidestilt med å hjelpe fienden, og at eg jobba mot det ho alltid har jobba for.

No er det på tide å gjere familien stolt. Måten han skal gjere det på er å kutte kraftig i Co2-avtrykket sitt, i eit forsøk på å leve fullstendig berekraftig. Det er enklare sagt enn gjort.

Sigbjørn Holte (24) er lei av å få kritikk for måten han lev på frå familien. No vil han prøve å bli meir miljøbevisst. Foto: Jørgen Nordby
Sigbjørn Holte (24) er lei av å få kritikk for måten han lev på frå familien. No vil han prøve å bli meir miljøbevisst. Foto: Jørgen Nordby

Det er mange tiltak ein kan innføre i kvardagen for å kutte ned på utsleppa sine. Ete mindre kjøtt og ta mindre fly er kanskje dei tiltaka me får høyre mest om.

Men skal ein leve heilt berekraftig kjem utfordringane på løpande bånd: maten du et, staden du bur, korleis du reiser. Berre for å nevne nokre. For at Sigbjørn skal nå målet sitt må han gå frå eit årleg CO2-utslepp på 16,6 til 2,5 tonn. Med forskarhjelp frå Carlo Aall har Sigbjørn fått ei liste over ting han kan gjere for å kutte i utsleppa.

Tiltaksliste for eit berekraftig liv:


Slutte å ta fly


Senke innetemperaturen med tre grader.


Flytte inn i eit passivhus.


Slutte å ete kjøtt og fisk.


Slutte å ete ute, og kutte ut all ferdigmat.


Kjøpe mest ferske matvarer.


Redusere forbruket av kosmetikk så mykje som mogleg.


Kjøpe 60% av matvarene frå lokale matprodusentar.


Kjøpe 60% økologisk.


Kutte bilkøyring og anna bruk av motoriserte køyretøy med 30%
inkludert offentleg transport.


Begrense bruken av internett.


Kutte kjøp av klede med 30%.


Resirkulere 30% meir.


Slutte å drikke frå boksar, fat og flasker.



Sigbjørn Holte (24) besøkar broren sin gard i Danmark. Den er hundre prosent sjølvforsynt, men Sigbjørn kunne aldri tenkt seg å leve slik sjølv. Foto: Jørgen Nordby
Sigbjørn Holte (24) besøker eit sjølvforsynt økosamfunn. Foto: Jørgen Nordby

Verda går til helvete?

 

Ein gjennomsnittleg nordmann har eit årleg CO2-utslepp på omlag 9 tonn. Skulle Sigbjørn blitt berekraftig måtte han ha kutta det årlege C02-utsleppet sitt med 14,1 tonn.

Men han klarte ikkje å gjennomføre alle tiltaka. Det var blant anna umogleg å flytte inn i eit passivhus med hans økonomi. I tillegg var det vanskeleg å berre ete kortreist mat.
Derfor klarte Sigbjørn «berre» å få ned CO2-utsleppa sine med 59%, frå 16,6 tonn til 6,7 tonn.

– Eg prøvde veldig, veldig hardt å gjere alt eg kunne. Likevel var det ikkje nok.

Han opplevde å bli meir og meir ekstrem etter lengre han kom i prosessen.

– Men til slutt innsåg eg kor vanskeleg det er.

Etter å ha gjennomført prosjektet føler han at det er vanskeleg å leve berekraftig for folk flest. Med mindre ein har lyst til å flytte ut på landet og bu på ein sjølvforsynt gard.

– Samfunnet slik det er i dag legg ikkje akkurat opp til at me kan leve berekraftig. Derfor er det utfordande å gjere akkurat det.

– Dessuten er det ein del strukturelle ting som står i vegen. Eg trur det må politiske tiltak til for at ting skal bli betre.

Sigbjørn Holte (24) besøker eit økosamfunn. Han kan ikkje tenkje seg å fjerne seg heilt frå samfunnet for å leve fullstendig berekraftig. Foto: Jørgen Nordby
Sigbjørn på besøk hos broren i Danmark der han driv ein sjølvforsynt gard. Foto: Jørgen Nordby

SJÅ OGSÅ: Live redder verden. Litt.

I ein familie der miljøproblematikken står så sentralt, skal det godt gjerast å ikkje la seg påvirke. Det var ikkje før vidaregåande han faktisk byrja å setje seg inn i tematikken. Det var nok den første gnisten til ein tanke om å endre livet sitt.

– Eg las mykje om det på vidaregåande. Så mykje at eg til slutt var deprimert.

Særleg prognosane for korleis det kjem til å gå med planeten dersom me ikkje skjerpar oss satt ein støkk i han.

– Då skjønte eg at verda går til helvete.

– Allereie når eg er gammal kan det bli apokalypseliknande tilstandar.

No, etter han er ferdig med prosjektet, og har meir enn halvert CO2-utsleppa sine, har han innsett at ein ikkje treng å vere ekstremist for å bry seg om miljøet.

– Eg kunne ha flytta til ein gard og levd sjølvforsynt, slik som bror min, men eg trur ikkje samfunnet blir betre av å flykte frå det.

Sjølv om Sigbjørn har innsett at det er vanskeleg å leve berekraftig i dagens samfunn, med mindre han flyttar ut frå byen og endrar livet drastisk, har han no endra livsstilen sin betydeleg.

– Eg er mykje meir bevisst på ting. For eksempel et eg mykje mindre kjøtt, og har ikkje reist med fly sidan eg starta prosjektet i april.


 

5 barrierar mot å ta til seg klimabodskapen

 

Har du nokon gong blitt konfrontert med klimabodskapen, og dei mørke konsekvensane det kan få dersom me ikkje skjerpar oss? Då er det ikkje usannsynleg at du har brukt ein av dei følgjande barrierane til å beskytte deg.

Klimapsykolog Per Espen Stoknes forklarar dei fem barrierane – og ikkje overraskande reagerar dei fleste av kompisane til Sigbjørn akkurat slik eksperten spår.

Barriere 1: Distanse

Barriere 2: Dommedag

Barriere 3: Dissonans

Barriere 4: Fornektelse

Barriere 5: Identitet

Kvifor tek me fly sjølv om me veit at det er dårleg for miljøet? Bli klokare av videoen under.

https://www.youtube.com/watch?v=PtmEef5pEP0