– Eg vakna av at det skjedde ting

Viktor Inge (23) blei valdteken i sin eigen heim.

Viktor Inge (23) trudde det berre var ein vond draum.
Men då han vakna dagen etter innsåg han kva som hadde skjedd.
Han hadde blitt valdteken av ei kvinne. I sin eigen heim.

– Det var det einaste eg tenkte på den veka. Det låg i bakhovudet heile vegen, og eg hadde lyst til å fortelje det til nokon, men visste berre ikkje kven.

Til slutt klarte Viktor Inge å opne seg for ein eldre venn han stoler på.

– Han råda meg til å melde det til politiet, men eg klarte ikkje. Eg tenkte lenge og mykje på det, men for meg var terskelen så utruleg høg.

99 prosent av dei som vart meldt til politiet i fjor for valdtekt er menn. Til saman er tolv kvinner registrert som gjerningsperson i valdtektssaker i 2015.

Ein skikkelse med mørkt hår

Det har gått snart eit halvt år sidan Viktor Inge opplevde overgrepet heime i si eiga stove i Kautokeino – ein kommune i Finnmark med rundt 3000 innbyggarar.

Det einaste han hugsar er ein skikkelse med mørkt hår.

– Eg vakna av at det skjedde ting.

– Kleda mine var drege av meg. Ein skikkelse satt over meg og valdtok meg. Det første som slo meg var at det måtte vere eit mareritt.

23-åringen hadde vore ute og teke eit par øl med venner, men bestemte seg for å droppe nachspiel fordi han hadde sove veldig lite natta før. Han laga seg litt mat og slokna på sofaen.

– Eg vakna av snakking og prøvde å opne auga, men var så sliten at eg berre klarte å sjå konturar av eit menneske med mørkt, langt hår.

Han hugsar han prøvde å seie noko til kvinna som satt over han, men hugsar ikkje kva. Han var framleis overbevist om at det var ein draum og sovna igjen, men like etter vakna han av at skikkelsen framleis satt over han.

– Eg innsåg då at det kanskje ikkje var ein draum likevel, men ein valdtekt.

– Deretter dytta eg ho av meg før eg gjekk inn på rommet, og bad ho om å ikkje følgje etter meg. Det gjorde ho heller ikkje, fortel han.

Viktor Inge Paulsen (23) har enno ikkje meldt overgrepet han seier han blei utsatt for til politiet (FOTO: Privat).
Viktor Inge Paulsen (23) har enno ikkje meldt overgrepet han seier han blei utsatt for til politiet (FOTO: Privat).

Må tørre å snakke om det

Då Viktor Inge vakna dagen etter innsåg han at det han trudde var ein vond draum, verkeleg hadde skjedd. Det fekk han bekrefta då han sjekka telefonen.

– «Kva skjer?» stod det i ei tekstmelding frå huseigaren min. Ho kunne fortelje at ho hadde høyrd ein del bråk før ei mørkhåra kvinne var å sjå utanfor huset vårt.

I tida etter overgrepet hadde Viktor Inge det tungt. Så tungt at det å skulle gå til politiet, som han aldri hadde gjort før, blei for tøft og for skummelt.

Han er ikkje aleine om å oppleve ein slik situasjon som vanskeleg.

– Me blir dagleg kontakta av menn som har blitt utsatt for eit seksuelt overgrep, fortel Johnny Thorsen.

Han er nestleiar i Utsattmann.no, ei nettside som jobbar for å spreie informasjon om seksuelle overgrep, med særleg fokus på gutar og menn. Mange av dei som tek kontakt er ofte usikre på kva dei skal gjere vidare.

Valdtektssituasjonen i Norge 2015

I 2015 var andelen festrelaterte valdtektar 39 %, og utgjorde i perioden 2011-2015 den største kategorien innan valdtektar.

Antallet meldingar om valdtekt auka med 12 % frå 2014 til 2015.

I 99 % av tilfella som er meldt til politiet er gjerningspersonen ein mann.

Kjelde: Kripos.

Johnny Thorsen  i Utsattmann.no trur menn har vanskelegare for å snakke om overgrep enn kvinner (Foto: Presse).
Johnny Thorsen i Utsattmann.no trur menn har vanskelegare for å snakke om overgrep enn kvinner (Foto: Presse).

– Me blir kontakta av vaksne, vellukka familiemenn, direktørar, fattige, unge. Alle moglege menneske ber oss om hjelp.

Han trur menn har vanskelegare for å snakke om overgrep enn kvinner, og at mørketala er store når det gjeld kvinnelege overgriparar.

– Eg trur berre mange føler det er meir naturleg og sannsynleg å tru at ein mann har gjort eit seksuelt overgrep mot ei kvinne, enn at for eksempel ei mor har gjort det mot sonen sin, seier Johnny.

Lisa Arnzten ved DIXI Ressurssenter mot voldtekt kan fortelje at rundt fem prosent av dei som tek kontakt årleg er menn. Til no i år har dei blitt kontakta av omlag 500 personar.

– Men me veit at det er mange menn som ikkje tek kontakt. Det kan godt vere fordi dei gruar seg for å snakke om det som har skjedd, men også at det kan vere knytta ein del skam rundt det å vere ein valdteken mann, fortel Lisa.

Lisa Arntzen jobbar som pressekontakt ved DIXI Ressurssenter mot voldtekt (FOTO: Eirin Eikås/NRK).
Lisa Arntzen jobbar som pressekontakt ved DIXI Ressurssenter mot voldtekt (FOTO: Eirin Eikås/NRK).

Om du, eller nokon du kjenner har opplevd eit overgrep har Lisa ei oppfordring:

– Oppsøk lege eller overgrepsmottak, der kan ein gå sjølv om ein ikkje vil melde det til politiet. Der har dei også moglegheita til å sikre spor slik at du på eit seinare tidspunkt kan velje å gå vidare med det.

Og ho legg til:

– Om det skjedde i forrige veke eller for tretti år sidan er det aldri for seint å oppsøke hjelp!

For sjølv om det har gått lang tid er det ikkje for seint å melde saka til politiet. Det pleidde å vere ei frist for når ein måtte anmelde saka før den vart for gammal, men for ikkje så lenge sidan vart den frista fjerna for grove overgrep.

– Me er ikkje alltid ute etter sex

Det er ikkje lenge sidan Viktor Inge gjekk ut med historia si på si private Facebook-side.
I ettertid har opplevd ei overveldande støtte.

– Ein mann skreiv til meg at han hadde opplevd akkurat det samme som eg har, han kjente seg veldig igjen og takka meg for å vere så open.

– Eg håper min historie kan gjere det lettare for andre å opne seg opp.

Å dele historia si var ikkje noko han hadde planlagt. Men då han såg ein kronikk skrive av ei jente som hadde opplevd eit overgrep, lot han seg inspirere.

– Eg ville dele kronikken hennar vidare på Facebook. Men då eg byrja å skrive deleteksta, kom liksom berre mi historie ut. Og plutseleg berre delte eg den. Tida var inne følte eg.

Inge Viktor Paulsen (23) er glad han valde å dele historia si.
Inge Viktor Paulsen (23) er glad han valde å dele historia si.

Då Viktor Inge valde å dele historia si frykta han folk skulle seie at menn ikkje kan bli valdtekne fordi dei alltid er ute etter sex.

– Men det stemmer jo ikkje. Gutar har ikkje alltid lyst til å pule rundt. Dersom nokon påstår det, håper eg det er nokon i nærleiken som er klare til å avkrefte dette.

Han trur mørketala er store i valdtektsstatistikken, og innser at han sjølv burde ha våga å anmelde overgrepet.

– Ein av grunnane til at eg ikkje gjorde det var at eg ikkje visste kven som hadde gjort det. Eg trur heller ikkje ei etterforsking ville gitt meg noko svar. Mange gjer nok dessverre som meg, seier han.

23-åringen vurderar no å anmelde overgrepet, og håper også at andre i hans situasjon vil våge å søkje hjelp – dersom dei ikkje allereie har gjort det.