nrk.no
Musti på scena under Øya Presenterer
PÅ HEIMEBANE: Musti serverte eit solid show i eige nabolag under Øya Presenterer. Foto: Eskil Olaf Vestre, NRK P3.

Eksklusiv nabolagsfest i Tøyenparken

Øya Presenterer var nok til sjuande og sist ei reserveløysing, men også reserveløysingar kan vere gode.

– Gratulerer med å ha skaffa dykk nokre av dei mest eksklusive Øya-billettane i historia, var beskjeden frå scena då startskotet gjekk for Øya Presenterers tredje dag.

Med kapasiteten redusert til berre ein brøkdel av normalen, var det langt færre enn normalt som fekk tilgang til årets festival, men dei om lag 1000 som var samla i Tøyenparken denne fredagen var klare for fest.

Og fest vart det. Øyafestivalen har som si kanskje aller største styrke å hente solide, internasjonale namn, men også då dei måtte halde seg til norske utøvarar viste dei at dei klarer å levere.

Sjå Nate frå «StudioP3» sjekke stemninga på festivalområdet:

Ein naturleg lineup

Med fredagens første konsert vel gjennomført, var Fredfades og Mest Seff frå rapgruppa Tøyen Holding glade for å endeleg ha fått gjort ei show på heimebane.

Dei skildra det å få spele på festivalen som ein milepæl, men erkjente at formatet er eit anna enn det dei er vande med.

– Vi er vande med shows der det skjer mykje i publikum, og ein tettare interaksjon mellom oss og dei. Likevel ser vi jo at folk som sit ved borda kan tekstane og har det feitt. Det hjelper på energien. Alt tatt i betraktning var det feitt å få spele på Øya Presenterer, seier Fredfades.

Saman med Undergrunn og Musti utgjorde dei fredagens program. Eit reint hip-hop-program, med berre Tøyenbaserte acts, om ein ser bort frå gjesteartistar.

– Det er kult av Øya å velje ein eigen dag for hiphop, og i tillegg legge opp til at det berre er lokale artistar.

Makkeren Mest Seff deler synet hans.

– Samstundes er det ikkje rart heller. Alle som spelar her i dag er flinke og populære acts. Festivalen har ikkje gått til fritidsklubben for å finne nokon som kan spele. Dette er ein naturleg lineup uavhengig av at vi alle høyrer til her.

Strålande nøgd arrangør

Dei hadde ikkje mange vekene på seg til å stable festivalen på beina, men ifølge PR-sjef Jonas Prangerød var det aldri tvil om at dei skulle arrangere noko i Tøyenparken, om situasjonen let dei.

– Vi tenkte lenge at vi ville arrangere noko, og no fekk vi ein sjanse til å gi folk noko å returnere til. Det meiner eg at vi har fått til, så no ser vi fram til fortsettinga. Eg trur dette vil hjelpe oss veldig til å vere toppmotivert for neste år, med 20.000 framfor 1000 besøkande.

PR-sjef i Øyafestivalen, Jonas Prangerød, står på festivalområdet.
NØGD ARRANGØR: Øyas Jonas Prangerød er glad for å sjå folk samla att. Foto: Eskil Olaf Vestre, NRK P3.

Han peikar vidare på at det ikkje berre handlar om den tradisjonen Øyafestivalen er for mange, men at denne måten å samlast rundt musikk på har vore sakna.

– Det er kjekt å sjå at publikum kosar seg og set pris på gode, store fellesopplevingar att. Det at ein kan kome saman og kjenne det fysiske ved musikken, som ein mister heilt når ein sit kvar for seg og streamar. Eg har sjølv kjent på saknet etter livemusikk som skjer framfor oss, avsluttar Prangerød.

På riktig veg

Då Musti avslutta fredagens maktdemonstrasjon med låten «Gro Harlem Brundtland» til såpass stor begeistring at ho måtte spele den éin gong til, var stemninga til å ta og kjenne på. Der og då var tilviste sitteplassar, bordservering og avgrensingar gløymt. Då var det verkeleg festival i Tøyenparken att.

Musti og Loverboy frå Undergrunn på scena under Øya Presenterer
MULTITALENT: Attmed å vere skodespelar og rapper i Undergrunn, spelar Loverboy gitar også. Foto: Eskil Olaf Vestre, NRK P3.

Etter at begeistringa roa seg, var det likevel ikkje tvil om at Øya Presenterer, med alle sine avgrensingar, er ei reserveløysing. Når det er sagt, er det like fullt eit stort steg i riktig retning.

No kjenst det ikkje like lenge til dei store massane atter ein gong kan samlast på Tøyen for ein av landets største, og beste, festivalar. Det skal ein slettes ikkje kimse av.

LES MEIR OM MUSIKK:

LES MEIR FRÅ P3.NO:

Siste fra P3.no: