Er det stress å vere skeiv i 2017?

Kampen mot fordommane er ikkje over, meiner programleiar Gisle i «Jævla homo».

Året er 2017 – og kampen mot homofili-fordommar er for lengst over. Eller, er den eigentleg det?

– Me trur me har kome så langt no, og at det ikkje er noko stress å vere skeiv i Norge i 2017. Og formelt sett er jo mykje på plass, men haldningane våre henger etter.

Gisle A. Gjevestad Agledahl er i gong med eit nytt dokumentarprosjekt som handlar om ung, skeiv verkelegheit i 2017 – på godt og vondt. Han er sjølv skeiv, men innrømmer at også han er full av fordommar.

LES OGSÅ: Ingen er bare en «jævla homo»

– Eg syns det er vanskeleg at kjærasten min er gutt. Men samstundes har eg så inderleg lyst til at det ikkje skal ha noko å seie kva kjønn kjærasten min er, fortel Gisle.

Gjennom prosjektet som skal bli til TV-serien «Jævla homo» vil han prøve å få svar på spørsmål rundt eigen identitet og seksualitet. Målet er å bli kjent med skeive miljø og møte den motstanden han er så redd for.

– Sjølv om eg har vore i eit forhold eit par år no, klarar eg ikkje riste av meg følelsen av at noko er gale. At eg ikkje høyrer heilt til, og at eg berre blir «ein homo» i andre sine auge.

Gisle meiner det no er på høg tid å få fram enno fleire skeive stemmer, for å normalisere og ufarleggjere tematikken.

Har du opplevd skeiv motstand? Del din historie med oss i kommentarfeltet nederst i saka eller homo@nrk.no.

Viser støtte i sosiale medium

I dag har mange profilar og kjendisar vist si støtte på Instagram, ved å legge ut bileter iført genser eller caps med teksta «jævla homo».

– Når forbilda dine trykker «jævla homo» til brystet, eller stolt stemplar det i panna, då smeller det ikkje like hardt som når det blir brukt som skjellsord i skulegården, fortel Gisle.

– Då eg vaks opp vart eg kalla «femifis», «ballerina» og «jævla homo», fortel skodespelar Carl Martin Eggesbø, før han held fram:

– Dette ler eg av i dag, men den gongen gjekk det veldig inn på meg. Måten desse orda vart brukt gjorde det vanskeleg for meg å vere den eg var, og sånn skal det jo ikkje vere.

Han er ein av profilane som har delt bilete på Instagram ikledd teksta «jævla homo». For han handlar det ikkje om å vere eit offer, men å vise at det å vere homofil er ein fin ting.

– Dei som veks opp i dag burde ikkje vere redde for å vere den dei er. Dette handlar om å ta tilbake homofil-ordet, seier han.

Håpet er å fjerne alle negative følelsar knytta til ordet.

Mange profilar har delt bileter iført plagg med teksta «jævla homo» i dag. Hovudsakleg menneske som er skeive på ein eller anna måte – enten dei utelukkande forelskar seg i samme kjønn, eller flyt ein stad imellom:

Tek skjellsorda tilbake

– At ord som «pakkis», «jævla homo» og «hore» blir etablerte skjellsord seier noko om kva som skjer i samfunnet vårt no.

Det fortel Anne Birgitta Nilsen, forfattar av boka Hatprat. Ifølgje ho kan slik språkbruk vere med på å forsterke og skape negative følelsar, haldningar og oppfatningar mot ei gruppe eller eit individ.

– Kvar gong nokon for eksempel seier «jævla homo», rammar det alle homofile. Det bidreg til ein forsterka oppfatning om at det ikkje er greit å vere homofil.

Ho fortel vidare at folk nyttar hatretorikk som eit middel for å hevde seg sjølv. Men også som eit uttrykk for at ein ser på seg sjølv som betre enn gruppa ein hetsar. Bruken av «jævla homo» som serietittel ser ho derimot som noko positivt.

– Det er ein måte å ta skjellsordet frå dei som bruker det. Ein måte å ufarleggjere det på, seier ho.

«Jævla homo» vil bli sendt på NRK hausten 2017, men fram til då kan du følgje reisa til Gisle på Instagram: @Firgisle.