nrk.no

Er det verkeleg så drit å leige som nokon skal ha det til?

«Du veit at når du leiger, kastar du berre pengane ut vindauget, ikkje sant?» Høyrt det før?

– Det er jo veldig sosialt. Du er jo rundt dei du er glad i heile tida, seier Thea Rolseth (22).

Fleire og fleire leiger bustad no enn tidlegare, enten fordi dei ønsker det eller fordi dei må.

P3.no er blitt invitert inn i Thea sitt kollektiv på St. Hanshaugen i Oslo. Det består av fem venninner frå Trondheim.

STUDENTAR: Det er viktig med god bakst når det nærmar seg eksamen. Foto: Runar Lindseth, NRK P3

Dei tre kollektivmedlemmane Thea, Malin Almehagen (22) og Synne Skogmo (22) står saman på kjøkkenet og studerer Toro-posen.

– Har vi ikkje ei sånn sleiv? spør Malin, medan ho står og leitar etter eit brukbart reiskap frå ein kjøkkenskuff.

Ein stor fordel med å bu saman er at dei hjelper kvarandre til mykje forskjellig. Dei har alltid nokon til å setje på omnen når dei er på veg heim og skal lage mat.

– Om eg sit på do og treng dopapir, kan nokon kome med det til meg, seier Malin.

LÅNAR AV KVARANDRE: Å ha fire ekstra klesskap er ein fordel. Foto: Runar Lindseth, NRK P3

Kollektivet brukar å lage taco saman, trene saman og sjå seriar saman. Midt på kjøkkenet står eit stort kjøkkenbord som dei kan bruke til skulearbeid, når dei ikkje brukar det til å bake bollar.

Og ikkje minst har dei tilgang til fire ekstra klesskap.

– Viss eg skal noko fint, spør eg dei eg bur med: «Kan eg låne ein topp?» Så går eg til klesskapet, seier Malin.

Du får gratis snikkar, røyrleggar og skadedyrutryddar

Det er ikkje ei sjølvfølge at utleigaren er snill. Vi har alle høyrt skrekkhistoriene om dei dårlege opplevingane.

Men uansett kva for type utleigar du har, har du visse rettar som leigetakar.

For eksempel er det i utgangspunktet utleigar sitt ansvar å fikse det dersom du har lekkasje eller maur i leilegheita. Og jentene i kollektivet er glade for at dei slepp å deale med det.

– Då trur eg det hadde blitt kaos i leilegheita, seier Malin, som heldigvis ikkje har opplevd maur.

TRENG IKKJE FIKSE EIGNE RØYR: Jentene har lett tilgang til utleigaren sin, dersom det skjer noko. Foto: Runar Lindseth, NRK P3

Og dersom noko blir øydelagt i kollektivet på St. Hanshaugen, veit dei kva dei skal gjere.

– Vi prøver å snakke saman først for å sjå om vi kan fikse det. Viss ikkje, må vi høyre med nokon som har meir erfaring enn oss, seier Malin.

Dersom gjengen i kollektivet har problem, ringer dei sin kjære utleigar.

Heldigvis for jentene stiller han opp både når dei treng hjelp til noko som skal fiksast, og om dei treng støtte dersom naboen klagar på høg lyd.

Det er lett å kome seg ut

Thea, Malin og Synne bur saman med to andre venninner, og dei er ein samansveisa gjeng. Men over jul skal ei av jentene på utveksling.

Om du kjøper ei leilegheit, er det ofte mykje som skal til for at du kan flytte ut. Då er det meir enn berre tre månadar med oppseiingstid ein må ta omsyn til.

FLYTTE UT RAKST: Når ein leiger kan ein seie opp leilegheita med berre tre månadar oppseiing. Foto: Runar Lindseth, NRK P3

Privatøkonom Elisabeth Landsverk fortel at det er meir fleksibelt å leige. Ho anbefaler det dersom du berre skal bu ein stad ein kort periode.

– Dersom du eig og skal flytte på deg, er du avhengig av eit sal og at marknaden er på di side på tidspunktet du skal selje, seier ho til P3.no.

Men når du leiger, held ikkje bustaden din deg igjen, dersom du plutseleg vil flytte på deg. Du har meir fridom dersom du ønsker å finne på noko heilt anna, og ansvaret med leilegheita heng ikkje over deg i ettertid.

– Det er jo lettare å variere buforholdet sitt, forklarar Landsverk.

Du treng ikkje tenke på renta

Sjølv om pengar ein betalar til leige forsvinn inn til utleigaren, er prisen i alle fall lik frå månad til månad.

Privatøkonomen forklarar at det kan vere meir stabilt for den som leiger, spesielt dersom straum er inkludert i leigeprisen.

– Då har du ein fast kostnad du forheld deg til. Den vil vere den same over lengre tid, uavhengig av renta, straumprisar eller liknande, seier Landsverk.

No som det har vore høge renter og straumprisar, har dei som eig bustaden sin, merka dette på sine faste utgifter.

Då kan det vere godt at leigeprisen ikkje kan auke ut av det blå. Det er nemleg reglar for når og kor mykje han kan auke utan å måtte skrive ny kontrakt.

Sjølv om leigeprisane for kollektivet har auka litt, er det ikkje så mykje at dei blir så veldig påverka av det.

– Vi er glade for å ha ein stabil utgift, seier Malin.

KOSELEG Å BU SAMAN: Jentene samlar seg gjerne framfor TV-en for ein julefilm. Foto: Runar Lindseth, NRK P3

Men kanskje det aller beste er at du slepp å bry deg om kva rentene eigentleg betyr.

Det er kollektivet på St. Hanshaugen glade for. Dei er heldigvis av gruppa som kan skrolle forbi dei blinkande raude nyheitsartiklane ei stund til.

– Eg høyrer det er så ustabilt. Vi blir ikkje påverka av det, seier Malin.

Du slepp dugnad og småprat med naboen

Denne fordelen er ei glede for deg som heller ventar eit ekstra minutt med å gå ut døra, enn å måtte gå ned trappa saman med naboen.

Som det dugnadslandet Noreg er skal det litt til for at fråværet ditt frå haustdugnaden blir respektert.

Det er inga plikt viss du eig, altså. Men det er kanskje litt merkeleg å ikkje møte opp på ein einaste dugnad?

Då kollektivet fekk beskjed om at det skulle vere dugnad, stilte tre av fem opp. Men det var ikkje berre fordi dei hadde så veldig lyst til å ha eit reint inngangsparti.

– Vi kjenner dei ikkje så godt enda, og deltok på dugnaden fordi det er ein fin ting å gjere, seier Thea.

– Og så får dei eit godt inntrykk, legg ho til.

GODT INNTRYKK: Kollektivet seier gjerne hei til naboane sine, men det blir ikkje lange samtalane. Foto: Runar Lindseth, NRK P3

Men sjølv om dei er med i facebookgruppa til sameiget og har oversikt over nokre av naboane, blir det ikkje så mykje småprat i gangane.

Så noko velkommen-korg med kanelbollar utanfor døra til den nye naboen kjem nok ikkje til å skje. Kollektivet får heller nyte dei sjølv med ein julefilm eller ein dokumentar på TV.

MEIR SOM DETTE:

Siste fra P3.no: