Silje fekk drittkortet tilbake

Her ringer Silje til Ludvig for å få kortet tilbake. Etterpå blei dei einige om å gå på date!

Silje fekk drittkortet sitt tilbake

Her ringer Silje til Ludvig for å få kortet tilbake. Etterpå blei dei einige om å gå på date!

Det var i dag tidleg at reporter og Hovefestivalens uoffisielle HMS-ansvarleg, Ludvig Løkholm Lewin, kom over kortet til Silje i ein av dei mange festivaldoane.

Nedtynga i møkk redda Ludvig og renovatør Audun Johannessen kortet ut av dassen. Og etter ein iherdig leiteaksjon både her på p3nett og i Osenbanden fann altså kortet sin eigar.

-Vi blei i tillegg einige om å gå på date, seier ein fornøgd Ludvig. Vi fann ut at dette er ei for god historie å gå glipp av viss vi nokon sinne skulle gifte oss.

Og vi skal sjølvsagt oppdatere deg på korleis daten gjekk.

Sjå Ludvig jobbe som dasstømmar her: