– Er ikkje mange som tør å seie at dei elskar USA

Oslo Ess proklamerer sin tosidige kjærleik til landet over dammen. Sjå og høyr «Amerika» live hos Christine.

Oslo Ess har sidan oppstarten jobba seg opp til å bli eit av Noregs aller største liveband. I 2011 var blant finalistane i Urørtfinalen, men måtte sjå seg slått av eit anna liveband, nemleg Honningbarna.

Kven vil du skal bli Årets Urørt? Stem her!

No er dei klare med sitt femte album på seks år «Konge Uten Ei Krone» – noko bandet og P3 sine lyttarar gleder seg veldig til.

– Eg har vore kjempegira på den nye skiva heilt sidan den førre me ga ut, fortel vokalist og bassist Knut-Oscar Nymo. – Me hadde mykje uforløyst energi, så me bestemte oss for å lage ei plate med raske låtar og eit høgt tempo.

Sjå: Korleis reagerer Jarle Bernhoft på Oslo Ess sin låt?

Dei er ikkje dei einaste som gleder seg over nytt materiale. Artisten Jarle Bernhoft falt nemleg nesten av stolen då han gjesta låtpanelet hos Christine og fekk høyre den nyaste singelen «Trøbbel» med OnklP.

LES OGSÅ: Jarle Bernhoft spelar på den nye plata til Rihanna

Elskar Amerika

Hos Christine framførte bandet fyrstesingelen frå albumet, «Amerika», som kan beskrivast som ei kjærleikslåt til kontinentet.

Men er dykk verkeleg så glade i Amerika?, spør Christine.

– Det er ein god del humor og ironi i låta som eg håpar folk forstår, svarer vokalist Åsmund Lande.

Nymo nemner sitatet «hatar imperiet, elskar landet» av samfunnsforskar Johan Galtung, og legg til at han vaks opp med amerikanske spillefilmar og musikk, så noko bra må det jo vere der.

Er det ikkje slik alle nordmenn føler?

– Jo, men er ikkje mange som tør å seie at dei elskar USA.

Høyr heile intervjuet her

Som coverlåt valde bandet å tolke songen «Ditmas» av Mumford & Sons på norsk.

https://www.youtube.com/watch?v=iVvnN23cYDw