Sjå dagens Radioresepsjonen LIVE i P3tv kl 14.
Klikk deg inn P3s eventkanal kl 14 for å få festivalseninga heim til deg
Det går rykter om at Chris Topstad har forvilla seg ned på sørlandet.
Ellers er Radioresepsjonen som vanleg ute etter gode one-liners, send inn din beste til kodeord: resepsjonen til 1987.
Sist Bjarte, Tore og Steinar møtte Thom Hell var i kantina på NRK Marienlyst. Då åt han maten sin iført singlet, det er nesten i undertøy det. Det er klart at trione har gått eit par runder på dette under sendingane sine.
Så då Thom sa ja til å spele ei låt hos gutta under Hovefestivalen, sa han berre: -Då kjem eg i singleten eg då.
Gruar vi oss eller gler vi oss?
Sjå og høyr Radioresepsjonen kl 14.
RADIORESEPSJONEN ONSDAG:
Sjå den skandaleomsuste Supaporn gjeste Radioresepsjonen onsdag. I tillegg måtte gutta ha stand-up framfor fleire hundre tilskodarar. Lukestar dukka også opp.
Klikk deg inn her og nyt herligheita!
Sjekk også ut Radioresepsjonens mobilblogg.
RADIORESEPSJONEN TIRSDAG:
Fansen fekk danse med The Wombats!
Radioresepsjonen drog med seg fire The Wombats fans som fekk danse med bandet under tirsdagens sending på Hovefestivalen.
Steinar Sagen proklamerte at bandet trengte dansarar til kveldens konsert, dermed stomra fire The Wombats fans fram til scena.
Der måtte dei vise sine dansekunstar for bandet til låta «Let’s Dance to Joy Division».
Sjå danseklippet her:
Ein grøn mann dukka også opp. Han hadde lagt seg til å sove i går og våkna retusjert i grønfarge i dag.
Radioresepsjonen er tilbake LIVE i P3tv i morgon også kl 14.
Lyst å sjå fleire bilder av Radioresepsjonen? Ver så go’:
[flickr album=72157605774762077 num=44]