Fem ingrediensar er alt du treng til sju frukostar

Er du matlei? La deg inspirere av «Fattig student» sine frukosttips.

Det er fort gjort å gå tom for inspirasjon til å lage mat. Særleg frukost – eit måltid som er både elska og hata av mange.

FATTIG STUDENT: Karen Elene Thorsen på besøk hos P3morgen. (FOTO: Daniel Rørvik / NRK P3)

Men frykt ikkje! Karen Elene Thorsen, aller best kjend som skaparen bak Instagram-kontoen Fattig student, har samla eit par kreative, men enkle frukost-tips til oss.

– Frukost er dagens første og beste måltid! Eg er utan tvil eit frukostmenneske, fortel ho til P3morgen.

Ho er rimeleg rå på mattips, og har blant anna gitt ut bok om korleis ete godt, men samtidig spare pengar. Draumekombinasjonen for dei fleste, vil me tru!

– Eg trur problemet for mange er at det er fort gjort å gå lei av éin rett. Eg elskar å kunne ha dei samme ingrediensane, men samtidig kunne lage noko nytt av det kvar dag, fortel ho.

Karen Elene avslører at ho elskar havregryn, og at frukosten ho et gjerne kan vere søt.

– Når eg et det blir magen min glad, og eg held eit greit energinivå utover dagen.

Den kreative mat- og spare-eksperten har laga ei liste over dei beste ingrediensane du kan ha til å lage mange forskjellige frukostar – som er søte – og inneheld havregryn.

Dette er ingrediensane du treng:
?Havregryn
?Mjølk (soya, havre eller mandel funkar også)
?Brune, overmodne bananer
?Frosne skogsbær (eller andre frosne bær)
?Bakekakao

?SJOKOLADEGRAUT?

SJOKOLADE: Graut med sjokoladesmak er Karen sin personlege frukostfavoritt. (FOTO: Karen Elene Thorsen / Fattig student)
Dette treng du:
1 overmoden banan
1,5 dl havregryn
1 toppa ts kakaopulver
1 klype salt
1 dl valfri mjølk
_____
Framgangsmåte:
1. Mos bananen
2. Tilsett havregryn, kakaopulver og salt, og bland godt saman
3. Rør inn valfri mjølk, og server!
_____
Dersom du har dårleg tid om morgonen kan du også lage dette kvelden før som kjøleskapsgraut, men då burde du tilsette 1 dl ekstra med mjølk.

?FLØYELSMJUK HAVREGRAUT MED BÆR?

FLØYELSMJUK: Køyrer du havregryna i blender vil du få ein meir fløyelsmjuk konsistens på havregrauten. (FOTO: Karen Elene Thorsen / Fattig student)
Dette treng du:
1 dl havregryn
1,5 dl valfri mjølk
1 dl vann
1 klype salt
1 neve frosne bær
1/5 banan
_____
Framgangsmåte:
1. Køyr havregryna i ein blender til det har blitt mjøl.
2. Tilsett havremjølet i ei gryte saman med mjølk, vatn og salt. Kok opp under omrøring til den har tjukna.
3. Topp havregrauten med frosne bær og banan (bæra tiner når de ligg over grauten).

⭐️HAVREVAFLAR⭐️

FRUKOSTVAFLAR: Med ei enkel røre er det fort gjort å slenge saman vaflar til frukost. (FOTO: Karen Elene Thorsen / Fattig student)
Dette treng du:
3 dl havregryn
3 dl valfri mjølk
1 overmoden banan
1 klype salt
1 neve frosne bær
Smør til steiking
(Obs! Denne oppskrifta er nok til to)
____
Framgangsmåte:
1. Sett ut de frosne bæra på benken så dei tiner litt.
2. Køyr havregryna i ein blender til det har blitt mjøl.
3. Tilsett banan, valfri mjølk og salt, og køyr alt i blenderen igjen til det har blitt ei jevn røre. La røra stå eit par minutt så den tjukner litt.
4. I eit oppvarma vaffeljern med en klatt smør, tilset du vaffelrøra og steiker til vaflene har blir brune og fine (det er lurt å ikkje opne opp vaffeljernet og «sjekke» heile tida, då vaflane fort kan falle frå kvarandre på den måten).
5. Server nystekte vaflar saman med bær!

?BANANPANNEKAKER MED BÆR?

Med samme røre som i vaffel-oppskrifta kan ein også lage pannekaker.

VAFFELRØRE: Med samme røre som vaflane kan ein også lage pannekaker. (FOTO: Karen Elene Thorsen / Fattig student)
Dette treng du:
3 dl havregryn
3 dl valfri mjølk
1 overmoden banan
1 klype salt
1 neve frosne bær
Smør til steiking
(Obs! Denne oppskrifta er nok til to)
____
Framgangsmåte:
1. Køyr havregryna i ein blender til det har blitt mjøl.
2. Tilsett banan, valfri mjølk og salt, og køyr alt i blenderen igjen til det har blitt ei jevn røre. La røra stå eit par minutt så den tjukner litt.
3. Bland inn bæra i røra medan dei framleis er frosne.
4. I ei oppvarma steikepanne med smør, steiker du pannekakene på middels varme. Pannekakene er enklast å steike når du lagar dei små!

?FRUKOSTSMOOTHIE?

Denne frukosten er perfekt for deg som har dårleg tid, eller ikkje orkar store måltid om morgonen.

KJAPP FRUKOST: Denne smoothien er smakfull og enkel å lage. (FOTO: Karen Elene Thorsen / Fattig student)
Dette treng du:
1 overmoden banan (helst frossen, men det går an å bruke ferske bananer også)
2,5 dl valfri mjølk
0,5 dl havregryn
1 ss kakaopulver
1 klype salt
_____
Framgangsmåte:
1. Bland saman alle ingrediensane i ein blender og nyt!

?STUDENTVENLEG SMOOTHIEBOWL?

BILLEGARE SMOOTHIEBOWL: Denne versjonen av den populære frukostretten er enkel å lage, og billigare fordi ein toppar grauten med berre ein frukt-type.(FOTO: Karen Elene Thorsen / Fattig student)
Dette treng du:
100 g frosne skogsbær
1 frossen banan
1 dl valfri mjølk
1 dl havregryn
1/2 banan til topping
_____
Framgangsmåte:
1. Bland samann skogsbær, frossen banan og mjølk i en blender, og bland saman alt.
2. Topp med havregryn og banan.
_____
Ynskjer ein å piffe opp «smoothiebowlen» bittelitt ekstra, kan ein bytte ut havregrynet med heimelaga granola, og toppe den med nøtter eller nøttesmør.

?HAVRECOOKIES?

COOKIES: Sunne kjeks til frukost eller lunsj er kanskje ikkje så dumt? (FOTO: Karen Elene Thorsen / Fattig student)
Dette treng du:
2 overmodne bananer
1 dl havregryn
1 neve skogsbær
1 skvett valfri mjølk
_____
Framgangsmåte:
1. Mos bananene.
2. Tilsett havregryn og rør om til du har fått ei jamn røre.
3. Rør forsiktig inn frosne bær
4. Form røra til ca. 7-8 runde kjeks, og legg desse på eit steikebrett med bakepapir. Steik kjeksene midt i ovnen på 180 grader i ca. 15-20 minutt. Avkjøl på rist.

Oppskriftene er lånt med tillatelse frå Karen Elene Thorsen, kjend som skaparen bak Instagram-kontoen Fattig student.

Les fleire student-relaterte saker: