Filmpolitiet anmelder: Fire terningkast 4

Leonardo DiCaprio er grunn nok til å sjå filmen Body of Lies, meiner filmpoliti Birger Vestmo. Han har også sett Red, Madagaskar 2 og Journey to the Centre of the Earth 3D.

Body of Lies (4)

Ridley Scott er tilbake med ein film som tek utgangspunkt i den spente situasjonen i midt-Austen. Både Leonardo DiCaprio og Russell Crowe er hyggelege gjensyn, men Birger skulle gjerne ønska seg ein film som ga litt meir innsyn i sjølve problema i området. I staden blir dette ei klassisk terrorjakt. Men slettes ingen dårleg opplevelse.

Madagaskar 2 (4) 

Dette er framleis god underhalding for både liten og stor seier Birger om Madagaskar 2. Han blei sjarmert første gang han møtte desse dyra og likte godt å sjå dei igjen. No er dei på veg heim til dyrehagen i New York, men kjem ikkje lenger enn til…Afrika. Figurane er flankert med stemmene til mellom anna Sacha Baron Coen, Ben Stiller og Chris Rock.

Journey to the Centre of the Earth 3D (4)

Denne filmen kan du sjå i tre dimensjonar, noko som er med på å gjere denne litt vel tynne historia til ei heilt ok opplevelse. Brendan Fraser er utstyrkt med litt vel mange dårlege vitsar, men dette er ein eventyrfilm, ikkje ei prisvinnane drama, så slikt tåler ein, meiner Birger. Filmen er inspirert av Jules Verne sin klassikar «Reisen til jordas indre».

Red (4)

Denne filmen har to regissørar; norske Trygve Allister Diesen overtok då Lucky McKee ga seg. Brian Cox spelar Avery Ludlow som blir rana av tre ungdommar. Dei skyt Ludlow sin hund, Red, for morroskuld men han tek opp jakta på ungdommane. Ingen vil ta ansvar og eit svært interessant drama sporar av og blir ein actionfilm, noko Birger ikkje har så veldig sansen for.