W. (5)
Regissør Oliver Stone har velt å portrettere USAs avtroppande president, George W. Bush, som mykje klokare og mindre dum enn det vi her i Norge kanskje er vande og kanskje skulle ønske, anmelder Birger. Stone tek for seg Bush sin veg til det ovale kontoret og skal vi tru filmen rett var W. familiens svarte får som sleit med alkoholproblem og alltid hamna i skuggen av broren Jed.
Spurvenes sang (4)
Spurvenes sang er ein Iransk superskjønn film som garantert vil sjarmere deg seier Birger Vestmo. Filmen handlar om Karim som jobbar på ein strutsefarm utanfor Teheran. Ein struts rømmer og Karim får skulda. Han reiser til byen for å skaffe nok pengar til familien men det blir også eit møte med materialismens inntog i landet. Men ikkje ver redd, dette er ingen konfliktfullfilm. Snarare tvert imot viser den humor og varme og du kjem garantert smilande ut frå kinosalen.
Andre premierer denne helga er Tre Aper, men denne har ikkje Birger anmeldt. Men du kan lese om filmen her.