Ein situasjonsfilm som har sine augneblink.

Mr Bean i naturskjønne omgivingar er ei garanti for underhalding. Men det spørs om ikkje den magiske halvtimen er den ideelle ramma for vår mann i tweed.

Omsorgssvikt

«Mr Beans ferie» er det det høyres ut som. Mr Bean vinn eit opphald på den franske rivieraen, og det oppstår sjølvsagt komplikasjonar undervegs.

Han må ta hand om ein ung gut (ja, kven er det eigentleg som tek hand om kven) og får hjelp av ei ung vakker dame. Det er så klassisk Mr Bean. Han gjev omgrepet tilfeldigskapanes spel ny meining.

Mr Bean har ei heilt eiga evne til å hamne i bråk, og slike folk er artige å sjå på. Det slår meg at han er ein mann som ikkje har vorte fanga opp av det sosiale nettverket, og dermed er å regne som omsorgssvikt frå den engelske staten si side. Grov omsorgssvikt.

Men det hindrar ikkje Bean i å briljere på det han kan best. Han er Forrest Gumps tragikomiske halvbror.

Stormoro vs. småmoro

Det «Mr Beans ferie» står og fell på, er situasjonane Mr Bean hamnar i. Og det er dei små tinga som fungerar; dei rare på sida-tingane som ikkje er overtydeleg dette-er-moro.

For det er eit stygt troll som lurar i bakgrunnen, som eg aner er lysten til å gjere det ekstra moro-trollet. Som prøvar seg med å tilføre språkbarrierar og kulturkrasj. Det blir unødvendig og tomt. Rowan Atkinson er eit komisk geni, men han kjem diverre ikkje til sin rett.

Her og der er det spedd på med litt varierande heimevideoopptak for å gje «Mr Beans ferie» feriekjensle, og omgjevingane er det ikkje noko å seie på. Sør-Frankrike er nydelig på den der tida av året.

Ringrever og søte damer

Så det finst absolutt noko for auget her. Og øyret. Det er gjennomført god stemning på bilde- og lydsida og kroneksempelet er ei torgscene som gjev meg frysningar.

Den gamle franske reven Jean Rochefort gjer ei fransk kelnerrolle så det syng etter, Willem Dafoe er brekkekkel filmregissør, og Emma de Caunes er klassisk søt, sympatisk jente. Synd for ho, tenkjer eg. Bean hadde trengt å bryne seg på ei hardare, meir komplisert dame.

«Mr Beans ferie» er akkurat det: Mr. Bean på ferie. Og er du fan av Bean, vil du nok digge den filmen her. Og ungane dine vil digge den.

Om FILMEN

Mr Beans ferie
  • Mr Beans ferie
  • Slippdato: 30.03.2007
  • Regi: Steve Bendelack
  • Utgiver: Universal Pictures
  • Sjanger: Komedie