Fjortisopplevingar som begeistrar i hytt og gevær. Men også som ein kunne venta seg.
Bli kjend med 9.-klassingen Lina Berglund. Ikkje hatt mensen enda. ikkje hatt sex. Og finn seg kjæraste i grenseland mellom nysgjerrigskap på forelskinga i seg sjølv og overtyding frå venninnene.
Når skjer det nydelege?
”Linas Kveldsbok” er ein augeblikksfilm. det vil seie at den glimtar til med jamne intervall, og at den elles er ein fin film. Og det er ikkje dumt i det heile.
For det er augeblikka som vert sittande etter denne filmen. fordi dei er så på kornet og akkurat slik eg vil augeblikk skal være.
Skildringane er treffsikre, både når det gjeld fakter og dialog. Over i det klisjérealistiske er gutane oppteke av snus, sprit og mopedkombinasjonen og jentene står, sit og ligg på diverse private og offentlige rom og pratar om det jenter pratar om på film.
Kva dei pratar om? Roting, drikking og sminke. Det er ikkje poenget, poenget er at når dei avviker frå desse rollane skjer det interessante og nydelige.
Gull
Den magiske røynda er veldig til stades i ”Linas Kveldsbok”. Magisk røynd, kva er det for noko? Eg vil seie at det er ei spesiell tilstand ein er i der ein vekslar mellom dagdraum og vaken, og lurar på kva som verkeleg har hendt og ikkje.
Og desse vekslingane vert iblant overflødige, fordi det er i dei vakne situasjonane at det fins gull.
”Linas Kveldsbok” er skote med eventyrfilter, altså med fine, duse fargar og har mjuke kontrastar. Sverige er som vanleg veldig fint å sjå på, vinter som sumar.
Scenografien er gjennomført og musikken er miljøskildrande, innramminga er altså svært god.
Ung og utleverande
Og skodespelarane er fine, altså. Regissør Hella Joof har instruert godt, og skal eg trekkje fram nokon, vert det Mylaine Hedreul, som spelar Lina, og Lovisa Onnermark, som spelar venninna Carro.
Dei er truverdige, rett og slett. Og modige. Eller dristige, eller kva ein skal kalle det. I alle fall: unge, utleverande skodespelarar rek ikkje rundt på fjøler.
Filmar om kjærleikens dilemma og kva ein skal velja, forenklar ofte sitt dilemma til valet mellom den blyge kunstnarfriken og den røffe idrettsdosaren. Det vert tydeligare slik. Og ”Linas Kveldsbok” hamnar i denne kategorien sjølv.
Ikkje at dei ikkje tek den enorme kompleksiteten det er å vera ungdom på alvor, men dei kunne overraska meg med ein annan slutt på historia.
Skriv, kjære deg! Skriv!
Sexkløning, opp- og nedturar som berre ein fjortis kan ha, grunnsnyggnad og ein mensensekvens som løftar dagen; eg anbefaler ”Linas Kveldsbok” til slush-en og baconsnacket. Eg gjer det. Det er berre å begynne å begynne å skrive kveldsbok.