Mario og (u)venene hans har nok ein gang lagt ned stridsøksa for å hengi seg til idrettens vold.

Denne gongen har me nok ein gang falt tilbake til tennisen, og flammeblomar og soppar vert lagt til side for rekkertens skuld. Wimbledon, go home! Eller?

Det er to hovudskilnadar frå dei tidlegare spela i denne serien. Vekke er karrieremodusen og i tillegg har Mario Tennis teke steget inn i onlinespelingsverda.

Lite særeigent

Fokuset er i staden på ein generell turneringsmodus, ikkje heilt ulikt Mario Kart-franchisen. Det er for så vidt ikkje noko gale med dette, men i ein såpass arkadete versjon av tennis som denne, så hadde det på ingen måte gjort noko å få litt historie og forteljardrivkraft inn spelets viktigaste modus.

Mario-universet er fullt av eigenarta verdener og figurar, men i Mario Tennis Open har dei ikkje fått spelerom til å vere seg sjølv. Ein har seks ulike typar slag, og ingen skilnad mellom dei ulike figurane i spelet.

Figurspesifikke animasjonar eller superslag hadde gjort mykje for variasjonen i spelet, og hadde gjort omspelsverdien betrakteleg høgare.

I tennis-kampane kan du ha superslag som vert aktivisert om du står i spesielle felt på bana. Om til dømes du står i det gule feltet, og trykkjer på den gule lobbslagkampen, slår du eit superlobbslag – og så vidare.

Mot datamaskina har Mario Tennis Open difor meir til felles med Dance Dance Revolution enn eit faktisk tennisspel.

Når ein tek steget ut frå datamotstandarane, og spelar mot tilfeldige eller vener over internett vert det nesten som eit anna spel. Plutseleg er taktikk ein viktigare del av spelet, og det vert meir driv over kampane.

Ei av dei meir fantasirike modusane i Mario Tennis Open (Skjermskot: Nintendo).
Ny hatt?

Som belønning for vunne kampar, turneringar og oppnådde mål får ein utdelt klede ein kan ikle Mii-figuren sin.

Desse har ein effekt på Mii-en sine tennisevner – til dømes gir POW-rekkerten deg større slagkraft – men spelet gir deg ikkje noko samanlikningsgrunnlag overfor dei andre figurane i spelet.

Er min Mii like god med Mario-sko som Mario sjølv? Det vert stort sett gjetning.

Ved sidan av dei vanlege tenniskampane har ein óg diverse spesialmodusar. Til dømes ein versjon der dei klassiske bretta frå Super Mario Bros rullar forbi, og du med presis sikting av ballen skal treffe goombaer og soppar for å kome deg vidare. Det er eit etterlengta friskt pust etter turneringskampane.

Mario Tennis Open sine manglar ligg hovudsakleg i at det plukkar for lite særeigenheit frå Mario-universet. Sjansane til å gjere det meir eigenarta er mange, og fleire har også blitt valgt vekk frå dei førre spela. Dette kjennest i staden ut som eit litt einsformig tennis-spel som nokon har malt i Mario-fargar.

Om SPILLET

Mario Tennis Open