Andre halvdel av 8-delsfinalane er no i gang, og dei siste deltakarane til neste vekes kvartfinalar skal no velgjast ut. Taparen ryker ut og må innfinne seg til sin plass i superhelthierarkiet, og vinnaren stig stadig nærare toppen. Ver nådelaus i utvelginga!

Les meir om Batman og Roschach lenger nede, eller trykk på knappen om du alt har bestemt deg.

Batman

Batman. (Foto: DC Comics).

Alter ego: Bruce Wayne
Skaper: Bill Finger, Bob Kane
Første opptreden: Detective Comics #27, 1939
Født: ?
Forlag: DC Comics

Milliardær, playboy, industriherre og filantrop – Bruce Wayne har ingen superkrefter, men han er veldig, veldig smart.

Sidan han som gutunga såg foreldra bli drepne har han sverga hevn over alle kriminelle. Med formuen i bakhand – som gir han tilgang til dei heftigaste duppedittane i verda – gjer han Gothams gater trygge med sine detektivevner.

Hans hovudvåpen er ei glimrande evne til å forberede seg på einkvar situasjon, samt å skape frykt hjå fiendane. På trass av sine kampevner har han alltid som mål å ikkje drepe sine motstandarar.

Ulempa er at hans erkefiendar så godt som aldri vert vekke – men i staden vert satt inn i Arkham Asylum, på den andre sida sikrar dette oss mange år med gode Batman-historier.

Rorschach

Rorschach. (Foto: DC Comics).

Alter ego: Walter Joseph Kovacs
Skaper: Alan Moore, Dave Gibbons, Steve Ditko
Første opptreden: Watchmen #1, 1986
Født: Ca 1941
Forlag: DC Comics

Etter å blant anna ha bite leppa av ein mobbar vart Walter Kovacs satt i ein heim for «uartige børn».

I løpet av oppveksten vart han stadig meir lei av den aukande apatien i samfunnet, og etter eit spesielt bestialsk mord tok han namnet Rorschach og byrja å bekjempe kriminalitet.

Han er ein glimrande – om enn hardhendt – detektiv, og var den som avslørte skurkens planar i Watchmen-filmen (og -teikneseria). I likskap med dei fleste andre figurane der har ikkje Rorschach superkrefter, men han er snartenkt og oppfinnsom i dei aller fleste situasjonar.

Han er kanskje like sprø som ein pakke hundekjeks, men han er ein briljant spontantaktiker med gode atletiske evner.

Detektiv mot detektiv

Til høgre kan du sjå korleis det kunne ha sett ut om Batman og Rorschach var i det same universet.

Batman er ein latterleg flink detektiv som forbereder seg på alle tenkjelege situasjonar, Rorschach er ein latterleg flink detektiv som tek kva som helst på sparket. Den største ulikskapen er nok uansett korleis dei behandlar andre, og korleis det utan drakta si framstår til samfunnet.

For å vere heilt ærleg er det litt det same kven av desse som vinner, eg håpar berre aldri at dei går saman for å bekjempe resten av verda. Det kunne ha blitt stygt.

Resultatet er opp til deg! Trykk på knappen under for å stemme på denne finalen og dei tre andre finalane denne veka.

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.