Dei første duellane i finalen er klare, og det er no på tide med knockout-rundane. Superheltane for første gong opp til helt-mot-helt-kampar der taparen nådelaust ryker ut og må innfinne seg til sin plass i superheltrangstigen.

Trykk på knappen for å stemme, eller les meir om figurane Fantomet og Fantonald lenger nede.

Fantonald

Fantonald (Bilde: Disney)

Alter ego: Donald Duck
Skaper: Guido Martina og Giovan Battista Carpi
Første opptreden: Paperinik il diabolico vendicatore, 1969
Alder: ?
Forlag: Disney

Etter at italienske teikneseriefans klaga over at Donald alltid var taparen i historiene sine, skapte Martina og Carpi eit alter ego for han – Fantonald.

I starten var han ein djevelsk anti-helt som hevna seg på samfunnet for urett gjort mot han, men etter kvart har han blitt ein meir tradisjonell superhelt.

Fantonald har – på same måte som Batman – ingen superkrefter, men er heller utstyrt med det som kan verke som botnlause utstyrslommer og eit kjapt intellekt.

Mange kjenner han kanskje best frå enkeltståande historier i Donald Pocket-bøkene, men han har óg hatt eit eiget teikneserieblad der han i større grad får utforske verda rundt seg, og får litt meir seriøse fiendar å kjempe mot. Denne serien har óg eit eiget PS2-spel frå 2002.

Fantomet

Fantomet. (Foto: DC Comics).

Alter ego: Kit Walker
Skaper: Lee Falk
Første opptreden: Avisstripe 17. februar 1936
Født: ?
Forlag: DC Comics, Dynamite Entertainment, Egmont med flere

Etter at faren til Christopher Walker vart drepen av ein Singh-pirat har etterkomarar i 21 generasjonar sverga å bekjempe sjørøveri, grådigskap, ondskap og urettskap under namnet Fantomet.

Han har ingen superkrefter, men etter å ha blitt observert i ulike former i fleire hundre år står myta sterkt om at «ånden som går» ikkje kan dø. Alt etter kva generasjon me ser han i har han stort sett to tidsriktige pistolar, som han i hovudsak nyttar til å avvæpne sine fiendar.

Fantomet skal ha ære for å ha vore den første figuren som ikledde seg den heildekkande trikoten som me etter kvart er så vant til å sjå på superheltar. Ein ekte pionér!

Som dei fleste andre i «familiebedrifta» bur Kit Walker, det 21. Fantomet, i Hodeskallegrotten i det fiktive afrikanske landet Bengal.

Og så har han ein tam ulv da, det er kult det!

Ånden mot Anden

Både Fantomet og Fantonald er vanlege menn som med intellekt og snartenktheit bekjemper ondskap. Der Fantonald kanskje har teknologien på si side, er Fantomet ein mann som spontant kan mange triks som kan slår kven som helst i kne.

Kven som har overhand kjem kanskje litt an på kva versjonar av figurane som møter kvarandre. Fantomet har kanskje bekjempa all verdas ondskap og sjørøveri i generasjonar, men i den moderne versjonen av figuren har Fantonald faktisk slått tilbake ein invasjon frå verdsrommet. Dette vert ikkje enkelt!

Resultatet er opp til deg! Trykk på knappen under for å stemme på denne finalen og dei tre andre finalane denne veka.